Nye takter

Blant jazzens lengst vernepliktige

Dave Brubeck vart fødd same år som Charlie Parker. 
Han overlevde «Bird» med 57 år.

Mitt tidlegaste Brubeck-album er «Jazz At Oberlin» (1953), nyutgitt i 2010 på Fantasy, frå ein konsert Dave Brubeck hadde på Oberlin College i Ohio. Jazz på campus-konsertar var ein viktig del av karrieren til ein musikar som sjølv byrja på Pacific College i California, opphavleg for å bli veterinær, før han bestemte seg for å bli musikar. Han studerte hos den franske komponisten Darius Milhaud på Mills College, og spelte frå 1951 med altsaksofonisten Paul Desmond, komponisten til «Take Five»”. I Oberlinkvartetten spelte Ron Crotty bass og Lloyd Davis trommer. Brubeck signerte si første platekontrakt i 1949, Oberlin-albumet var hans ellevte utgjeving, då namnet hans var allereie heitt nok til at han 8. november 1954 pryda framsida på Time Magazine.

Jazzkamp mot rasisme

Time-framsida har i ettertid har fått status som den første med ein jazzmusikar, som attpåtil var kvit. I røynda var Louis Armstrong den første, krona som jazzkonge 21. februar 1949. Men Brubeck kjende seg uvel med å få slik ære før Duke Ellington (1899-1974), samtidas store jazzidol også for Brubeck. Først 20. august 1956 fekk Ellington den ære, året etter at den unge Charlie Parker døydde. Jazzlegenda som lik andre svarte musikarar også opplevde raseskiljet. I kampen mot dette skiljet var Brubeck i første linje, etter at han i militæret starta eit av dei første banda med både svarte og kvite musikarar. Men då han danna «Take Five»-kvartetten med Joe Morello (trommer), Paul Desmond og den svarte bassisten Eugene Wright, kosta det han spelejobbar. Han avlyste fleire konsertar fordi arrangørane ikkje ville ha ein svart musikar på scena, og ei fjernsynssending når han fann ut at produsentane ville halde bassisten Wright unna kamera. Ein gong måtte ein guvernør gripe inn på eit college til fordel for Brubeck, men vilkåret var at bassisten stod lengst bak på scena.

I 1958 sa Brubeck nei til å spele i Sør-Afrika då svarte musikarar ikkje fekk vere med. Det inspirerte Brubeck til å skrive musicalen «The Real Ambassadors» til støtte for borgarrettsrørsla, og ei plate med musikken var med Louis Armstrong, vokalgruppa Lambert Hendricks and Ross, og vokalisten Carmen McRae, også framført på jazzfestivalen i Monterey-festivalen i 1962.

«Time Out» til million

Dave Brubeck mangla ein dag på å bli 92 då han 5. desember døydde heime i Norwalk, Connecticut, etter å ha vore aktiv til det siste. Han var ein av dei få overlevande av dei som var fødde før 1926, då Miles Davis og John Coltrane såg dagens lys. Hank Jones, den eldste jazzbroren til trommeslagaren Elvin og trompetisten Thad Jones, overlevde dei begge og var nesten 92 då han døydde i 2010, etter å ha spelt inn duoalbumet «Come Sunday» med Charlie Haden. Blant dei aller eldste tidlegare var vibrafonisten Lionel Hampton (1908-2002) og legenda Eubie Blake (1887-1983). Av same generasjon som Brubeck er trommeslagaren Roy Haynes, fødd 1925, som også spelte med Parker og er still going strong. Men Brubeck femner over ein epoke der han etter nær sju tiår som musikar etterlet seg ein diskografi som er enorm, men der det er eitt album som ruver over alle dei andre.

«Time Out» kom ut i 1959, og med låten «Take Five» vart det første jazzalbumet som vart selt i ein million eksemplar. Musikalsk vart det eit historisk taktskifte med «Take Five» i fem fjerdedels takt, men allereie opningslåten på albumet, «Blue Rondo à la Turk», slo an nye taktskifte, på eit album med låtar i 9/8, 5/4, 6/4 og 3/4 valsetakt.

Jazzens 1959 og etterpå

To år etter kom «Time Further Out» med fleire utfordringar for teljekorpset, men i 1959 var Brubeck og bandet hans ikkje åleine om å skape historie. Miles Davis’ album «Kind Of Blue» med modaljazzens kongelåt «So What», ruver framleis som eit tidsskifte, og på tampen av året kom John Coltrane med «Giant Steps», med ein tittellåt der akkordsyklusen var ei ny sveineprøve. Ornette Colemans album av året var det epokegjerande «The Shape of Jazz To Come» med Charlie Haden, Don Cherry og Billy Higgins, og frå giganten Charles Mingus kom «Mingus Ah Um». Av Dave Brubecks «Take Five»-kvartett er Eugene Wright (89) no den einaste som lever, trommeslagar Jimmy Cobb (83) er att frå «Kind of Blue» og «Giant Steps», Ornette Coleman (83) og medspelar Charlie Haden (75) er still going strong, tre av Mingus-musikarane (Curtis Porter 83, Hiorace Parlan 81 og John Handy 79) lever. Denne medarbeidar kom til tigerstaden tidsnok til å få med den skilsetjande konserten til John Coltrane i Njårdhallen i 1963, Charles Mingus (1964) og Thelonious Monk i Aulaen, seinare Miles Davis og alt det andre.

Menig Brubeck

Vi kan ikkje gå ut av denne soga utan forteljinga om «Private Brubeck», den tidlegare soldaten som i 2004 gav ut albumet «Private Brubeck Remembers». Han gjekk inn i militæret i 1942, drog som soldat til Europa i 1944, fekk i oppdrag å lage eit militærkorps. Troppens hans følgde general Patton tredje armé i felttoget mot Tyskland. På det vakre albumet spelar han solo piano, opnar med «For All We Know We May Never Meet Again» ei musikalsk minnebok om det han hugsar frå krigen, og hans eigen låt heiter «We Never Crossed The Rhine». Ein fyldig tekst om krigstenesta følgjer med. På eit tilleggsalbum til den første CD-utgåva (ikkje med i seinare opplag), fortel han om sine opplevingar til den då endå eldre seniorreporter og legende Walter Cronkite. Til slutt overlevde soldaten også reporteren, som døydde i 2009. Brubeck mangla ein dag på å bli nittito, men han stod verneplikta ut.

Mer fra Dagsavisen