Nye takter

Aasen-jazz

Skadedyr er eit makelaust jazzband der 12 musikarar frå den nye jazzgenerasjonen får det til å skine.

Bandet bak vekas album «Culturen» (Hubro/Musikkoperatørene) og debuten «Kongekrabbe», starta av tubaist Heida Mobeck og pianist Anja Lauvdal, er eit liveband i særklasse. Besetninga er messing, gitarar, tangentar, vokal, trommer, strykar og trekkspel. Eit lag sterkt nok til å gå laus på første spor «Datavirus», signert Hans Hulbækmo, med dødsforakt. Udyr er utan sjanse mot overmakta når trombonist Henrik Munkeby Nørstebø drar hornet, og det er full guffe frå start. Uredd er også felekomet Adrian Løseth Waade, og dronar á la Ina Sagstuen er å høyre.

Å yte kvar einskild rettferd er uråd, «Muggen» har kort, men god levetid, Hulbækmos andre låt heiter «Bie», og etter «Nussi Sinusdatter» og «Trålertrall» medverkar sjølvaste Ivar Aasen på tittelsporet «Culturen», på korrekt nynorsk i resitasjon av Sagstuen. Resten (som også spelar i andre band) er Joakim Heibø, Øystein Aarnes Vik (trommer), Ida Løvli Hidle (trekkspel), Fredrik Luhr Dietrichson (bass), Lars Over Fossheim (gitar) og Marius Klovning (dobro). Alle hadde sleppkonsert onsdag.

Perledykk frå Moksha

Tittelen «The Beauty of an Arbitrary Moment» (Jazzland/Universal) er ein god karakteristikk i seg sjølv av det spennande debutalbumet til trioen Moksha. Dei lagar ei blanding av indisk raga, jazz og improvisasjon. Det er vakker og sterk musikk vekslande i nydeleg ensemblespel med dugande solistar. Oddrun Lilja Jonsdottir er toneangjevande gitarist, tablaspelaren Sanskriti Shrestha er også vokalist, Tore Flatjord utøver perkusjonist, og mangfaldet i uttrykket skaper forventingar.

Søndag er det sleppkonsert på Kampenjazz i Oslo.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Moskus jagar ulv!

Den spellemann-nominerte trioen Moskus der Anja Lauvdal, Fredrik Luhr Dietrichson og Hans Hulbækmo også jagar skadedyr, følgjer opp med «Ulv Ulv» (Hubro/Musikkoperatørene) forsterka med Nils Økland!

Mer fra Dagsavisen