Bilde 1 av 3
Nye takter

100 år med Frank Sinatra

JAZZ: I dag er det hundre år sidan Frank Sinatra vart fødd, og eg set på plata «In The Wee Small Hours Of The Morning».

For meg er det den vakraste songen i Sinatra-katalogen, signert David Mann og Bob Hilliard, innspelt i Sinatras glansperiode på femtitalet med Nelson Riddles orkester, gitt ut på albumet av same namn på Capitol Records. Det er ein song om å liggje vaken om morgonen og tenkje på din kjære ein stad, sungen med ei stemme ingen andre har, med eit nydeleg mellomspel med strykarar. Sinatra lærde ikkje å syngje etter notar. Men han kunne syngje med orkester han dirigerte sjølv. Som ballade-tolkar er han unik, samstundes som han kan få det til å svinge innett av «Old McDonald had a Farm».

Ein gong i mitt liv har eg blitt ringt opp av morgonradioen, i ein serie om kva musikk folk ville vakne opp til om morgonen. Valet var enkelt. Som ein god nummer to følgjer albumet «Frank Sinatra: Sings for Only The Lonely», med beskjed til ein bartender: «Make it one for ny baby, and one more for the road». Opphavleg skriven av radarparet Harold Arlen og Jonny Mercer, med eit vidgjete tonefølgje på piano. Begge album inneheld over eit dusin songar kvar, og er del av fjorten album samla i eit lite møbel av ein boks på heidersplass i hylla mi. Som ein bit av Sinatras enorme produksjon, er dei songar i gullrekkja mi, til ein artist som i boka mi er ein av topp tre uansett.

LES OGSÅ: Sinatras Sin City

All Or Nothing at All

I 1939 song han inn «All Or Nothing at All» av Arthur Altman med tekst av Jack Lawrence, ein publikumshit han ofte har på repertoaret, og som i seinare konsertopptak i vist serien NRK har sendt, svingar like lett og elegant med ei meir ru stemme. Det liknar eit motto, for ein artist som har selt over 150 millionar plater, og som med «Herfra til evigheten» i 1953 i selskap med Burt Lancaster, Deborah Kerr og Montgomery Clift fl. viste seg som ein skodespelar stor nok til å vinne ein Oscar.

Ungdomen min handla musikalsk ikkje om Elvis Presley, men om Frank Sinatra, Perry Como og alle jazzsongarane. Den første fysiske Sinatra-plata var i jukeboksen på rutebilstasjonen på Sandane saman med Ella Fitzgerald og Svend Asmundsen. Ella song «Beale Street Blues», Frank Sinatra song «Tell Her You Love Her». Eg veit ikkje om eg var åleine om å dyrke Sinatra, men då tysklæraren på realskulen byrja å hetse han, var eg ein dårleg forsvarar. Krisa i amerikansk jazz råka ikkje Frank Sinatra, som song mange av jazzens standardlåtar. Fjernsynsserien om Sinatra som har gått i NRK, har gitt eit godt bilde av innvandrarsonen og arbeidarklasseguten frå Hoboken, New Jersey, som gjorde sitt store gjennombrot med orkester leia av Harry James og Tommy Dorsey. Samstundes som han medverka i filmar som kunne likne sentimental propaganda for det amerikanske demokratiet, radikalt nok til å bokført i den 1340 sider tjukke mappa hans i FBI, som vart offentleggjort i 1998.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Huset vi bur i

Han var på den første toppen av karrieren då han i 1947 laga ein dokumentarfilm som heitte «The House We Live In», og han fekk ein Oscar for songen «The People That I Work With/ The Workers That I meet/ The Right To Speak ny mind/ That's America to Me». Teksten var av Abel Metropol, den jødiske skribenten og læraren som også skreiv teksten til Billie Holidays «Strange Fruit». Ein patriotisk tekst om demokratiet som er nemnd eit dusin gonger i «kommunist»-indeksen til FBI.

Samstundes med den politiske aktiviteten i 1945–46 song han i 150 radioshow, gjorde 36 plateinnspelingar (singel), stod på scena opp til 45 timar på ei veke og tente 93 tusen dollar, og han spelte inn sitt første album, «The Voice Of Frank Sinatra», som nådde toppen på Billboard-lista. Han laga få songar sjølv, men hans store forbilde var Bing Crosby, som han passerte på Down Beat-lista i 1943. Karrieren hadde vore nedovergåande då han i 1953 skreiv kontrakt med Capitol, og han steig opp på filmscena med «Herfra til evigheten», og vi er inne i Rat Pack-land. Etter at Sinatra hadde kome på kant med Hollywood og hadde base på Desert Inn og Hotel Sands Hotell i Las Vegas, der dei også spelte inn «Ocean Eleven».

Klanen

Om dette skreiv eg ein større artikkel her i avisa i 2002. Då Frank Sinatra, Sammy Davis jr., Dean Martin, Peter Lawford og den minst kjende av dei Joey Bishop var ein klan filmindustrien har laga dårlege kopiar av sidan. Klassikaren (ikkje på film!) er når Humphrey Bogart første gong møter Sinatra i ein bar. «Dei seier du får jenter til å smelte», seier Bogey. «Få meg til å smelte». «Eg har fri denne veka», seier Frankie. Slik oppstår venskap mellom menn.

Eg skuldar å leggje til at det var her Sinatra i 1966 gjorde eit av sine beste sekstitalsalbum, «Sinatra at the Sands», med bandet til Count Basie. Etter «Herfra til Evigheten» gjorde han ein respektabel innsats i fleire filmar, med eller utan song, som mot Laurence Harvey i «The Manchurian Candidate».

Soger om Sinatra

Det er skrive bindsterke verk om Sinatra. Den eg har lese på norsk, er «Sinatra – his way» av sladderforfattar Kitty Kelly, marknadsført som «Biografien om Frank Sinatra – full av sjarm, dramatikk og avsløringer som Sinatra prøvde å få stanset». (Han prøvde og tapte). Anthony Summers’ «Sinatra The Life» kom eg aldri i gang med, men den blodferske biografien over alle no, er James Kaplans tusen sider tjukke «Sinatra The Chairman», oppfølgjaren til «Frank – The Voice» som kom i 2010. Etter eit snøgt gjennomsyn å døme er siste bind så smekkfull av detaljar at ein kan drukne i dei.

Då Frank Sinatra fylte 75 år, skreiv eg ein minnerik hyllest til han Klassekampen. I spørsmålet om Frank Sinatra gjeld det å velje side, kunngjorde eg for dei politisk korrekte. Grensene mellom politikk, mafia og showbusiness, mellom over- og underverda – for ikkje å snakke om underlivet, har vore sterkt flytande i USA. Sinatra hadde ei spesiell evne til å kome i søkjelyset, ikkje minst mot eit journalistlaug han hata så inderleg at han gjerne tok ein nevekamp. Han kunne aldri bestemme seg for om han høyrde til den høge eller låge sosieteten.

PORTRETT: Jazzhjørnet med Knut Borge

Glansen

Det tek ikkje glansen av han for meg, her eg i skrivande stund har lytta mest til dei makelause Capitol-innspelingane på femtitalet, inkludert «The Complete Singles Collection»! Den politiske løpebana hans frå å arbeide aktivt først for Roosewelt, så for Kennedy som han arrangerte innsetjingsfesten for, til brotet då Kennedy slo handa av han etter press frå broren Robert som var justisminister, har det har vore skrive spaltemil om.

Den blinde jazzpianisten George Shearing (1919–2011) vart ein gong spurd om han hadde vore blind heile livet. «Not Yet», sa han. For hundreåringen Sinatra tok livet slutt i 1998, etter at den gamle hadde turnert til det siste. Og kvar gong eg reiser med Sogn og Fjordane-ekspressen gjennom knutepunktstasjonen Håbakken i Lærdal, tenkjer eg på Hoboken, i landet Sinatra levde og døydde i.

Mer fra: Nye takter