Nyheter

Ja til ein levande og berekraftig kyst

Bilde 1 av 2

Me er heilt samde: Kysten er eit nav for Noreg.

Verdiar har vore skapt og skal skapast også i framtida frå vår fantastiske kyststripe. Vi som bur langs kysten er særs nøgd med at Janicke Karin Solheim engasjerer seg i det vi driv med, som i Dagsavisen Fremtiden 16. oktober – men føresetnaden må vere at ein er oppdatert på kva som er fakta.

Argumentasjonen frå lokalpolitikaren i Miljøpartiet De Grønne er diverre langt frå basert på kva som skjer og korleis ting er langs kysten.

Forskarar frå NTNU viste nyleg at ofte bruker skeptikarar og motstandarar av havbruk ei forenkla forklaring i kva som skjer for å nå fram med sitt bodskap. Vi som driv i havbruk er sjølvsagt avhengig av fakta. Slik fakta kan ein til ei kvar tid finne hjå til dømes Barentswatch, Fiskeridirektoratet og hjå Havforskningsinstituttet. Der kan ein tydeleg sjå at situasjonen er heilt ulikt enn det Solheim fortel i sitt lesarinnlegg her i avisa.

Skulle ein likevel vere i tvil, er ein meir enn velkomen til å sjå sjølv kor det måtte passe. Vi har ein lang kyst og mange stader der ein kan besøke.

Solheim og hennar parti skriv også om ei ny miljøreform som dei vil fremme i Stortinget, fordi ein meiner det er nødvendig for havbruk.

Til opplysning for lesarane av avisa vart det og i førre periode stemt ned ei slik reform i Stortinget, grunngjevinga var blant anna at næringa er svært strengt forvalta slik den er i dag. (FN og mange av verdas fremste forskarar skraut dessutan nyleg av Noreg si forvaltning innan havbruk, under Our Ocean-konferansen som vart halde i Oslo)

Vi som driv i denne næringa er heilt avhengig av at vi vert regulert basert på fakta og ikkje fordommar. Vi har skapt verdiar i snart 50 år av havbruket og skal gjere det også inn i framtida.

Laks er fornybar, berekraftig og ikkje minst noko vi treng meir av for å skape enno større verdiar i eit land som treng både fleire arbeidsplassar og større verdiskaping i framtida.

Mer fra Dagsavisen