Nyheter

– Gleder meg som ein unge

– Forestillinga handlar om natur, fjell, friluftsliv. Utgangspunktet er at eg tilhøyrer den vesle og oversette minoriteten som aldri går i naturen. Torsdag kommer Are Kalvø til Drammens Teater.

Are Kalvø (48)

Satiriker/forfatter

kommer til Drammens teater med forestillingen Hyttebok frå helvete torsdag 27/9

Kan du fortelle litt om forestillingen/boka di?

– Det handlar om natur, fjell, friluftsliv. Utgangspunktet er at eg tilhøyrer den vesle og oversette minoriteten som aldri går i naturen. I boka, og i forestillinga, gjer eg eit motvillig forsøk på å lære meg å elske naturen, eller i det minste forstå kva det er som dreg alle ut i naturen heile tida, og kvifor eg ikkje lar meg rive med av dette som nesten alle lar seg rive med av.

Veien til forestilling startet da du forsto at du mistet venner til naturen?

– Eg har møtt mange hyggelige, rare, fine, morsomme folk opp gjennom livet. Så godt som alle desse begynner på eit punkt i livet plutselig å legge ut bilde av snø og fjell og skispor, og skrive uironiske kommentarar om at livet er best ute. Då tenker eg: Der mista eg ein til.

Har du tenkt på at man kan underholde, seg selv og de neste gjestene, ved å forfalske hytteboka, vel og merke på en utleiehytte, så man aldri blir ferska, og dersom man besitter flere typer håndskrift?

– Eg har definitvt tenkt på dette. Meir enn det. Eg har faktisk skrive falske helsingar i hyttebøker, og eg mistenker sterkt at eg ikkje er den einaste.

Er facebook den nye hytteboka?

– Facebook er den STORE hytteboka, som alle kan lese.

Hvordan reagerer du nå, etter dine egne utflukter, blir du fremdeles lei av høye tinder og brede smil på Facebook?

– No smiler eg berre overberande.

Da så du kanskje ikke Galdhøpiggen – minutt for minutt eller Monsen – minutt for minutt på NRK i sommer?

– Nei, det gjorde eg nok ikkje. Eg var innom Monsen-programmet av, skal vi seie faglig interesse? Men eg heldt ikkje ut lenge.

Hva er ditt forhold til Drammens Teater og til Drammen/sere?

– Vanligvis må ein lyge når ein får denne typen spørsmål, men eg reknar med at dei fleste i Drammen veit kor spesielt Drammens Teater er, og trur meg når eg seier at det er ein av dei beste plassane å opptre i landet. Stilig, annleis, god stemning, og du kjem veldig nært publikum. Eg gleder meg som ein liten unge. Så var det drammensarane. Dei eg har møtt, er alle morsomme, taleføre, talevillige, og som regel klare for å drikke meir. Dei eg kjenner som bur i Drammen, er stort sett innflyttarar, og er også svært hyggelige og morsomme folk. Det er sannsynligvis derfor dei flytta til Drammen.

Hva er det beste med jobben din, skriving og forberedelse eller å stå på scenen, eller noe annet?

– Må eg velje? Eg hadde ikkje vore fornøgd med berre å sitte på heimekontoret og pønske ut ting, sjølv om eg liker det. Det er det å få gjere begge deler, og vel så det, som er det beste med jobben. Og at folk kjem.

Du får ofte mange prikker på terningen og har mottatt en rekke priser – hva betyr dette for deg?

– Eg liker at folk sett pris på det eg gjer, sjølvsagt gjer eg det. Og det gjeld både folk som sitt i prisjuryar, og folk som sitt for eksempel i salen på Drammens Teater ein torsdag i september.

Hvilken bok har betydd mest for deg?

– Hyttebok frå helvete – tulla! Eg misunner folk som klarer å svare på dette spørsmålet utan å tenke seg om. Det høyrest fantastisk ut å ha hatt ei livsforandrande bokoppleving. Eg trur kanskje første gongen eg las Ragnar Hovland, Sveve over vatna, likna på ei aha-oppleving.

Hva gjør deg lykkelig?

– Svært mykje. Folk, store anledningar, tullprat med venner, frukost på senga, kattevideoar.

Hvem er din barndomshelt?

– Bjarne Berntsen. Eg var opptatt av fotball, og Viking, og slitarar. Det er fleire ting å ta tak i her for ein god psykolog.

Hva gjør du når du skeier ut?

– Lar vere å legge meg.

Hva misliker du mest ved deg selv?

– At eg ikkje har vett til å legge meg når eg skeiar ut. Ein blir så trøytt etterpå.

Hva er du villig til å gå i demonstrasjonstog for eller mot?

– Eg synest demokrati er ein knakande god idé. Så den dagen demokratiet er trua, skal eg love å seie frå. Ikkje nødvedigvis i tog, men eg skal seie frå.

Er det noe du angrer på?

– Eg småangrar på ganske mykje, ganske ofte, men eg trur faktisk ikkje eg har gjort noko som eg angrar skikkelig på.

Hvem ville du stått fast i heisen med?

– Kven som helst, så lenge det ikkje er ein snusfornuftig type som seier: Vi skulle tatt trappa.

Mer fra Dagsavisen