Råde

Slik ser det ut på innsida på Råde mottakssenter

To ukrainske flyktningar fortel om fantastiske frivillige og tilsette i Råde, men også om magevirus som herja og mangel på varmt vatn.

– Noreg verkar ikkje førebudde på flyktningar, skriv ein ukrainsk flyktning på tekstmelding til Vårt Land.

I helga har Vårt Land vore i kontakt med to ukrainske flyktningar på mottakssenteret på Råde.

Dei to – ein mann og ei kvinne – fortel om fantastiske frivillige frå Røde Kors og snille tilsette. Men, forholda har også vore tøffe, med manglande varmtvatn og eit magevirus som har herja.

Då den mannlege flyktningen vart smitta, fortel han at han blei isolert saman med andre sjuke. Rundt åtte familiar vart isolert i eit stort rom med køyesenger. Dei fekk ikkje lov å gå ut.

– Eg blei isolert i tre dagar saman med andre sjuke. Sjølv då eg kjende meg frisk, fekk eg ikkje gå ut sidan eg ikkje hadde blitt undersøkt av ein lege, skriv han.

Måtte koka vatn på kjelar

Begge fortel at dei ikkje får dusja på grunn av mangel på varmt vatn. Kvinna seier dei anten må dusje i kaldt vatn eller koka opp på kjelar.

– Det er berre eit visst tidspunkt på dagen kor du kan få varmt vatn, og du må leite etter det. Om kvelden og natta er det verken varmt vatn i dusjen eller på kjøkkenet, skriv ho i ei tekstmelding.

Råde mottakssenter bilder fra mars 2022

Både ho og dottera fekk mageviruset, som ho skildrar som «ganske ille». Dei vart ikkje isolerte. Ho trur varmtvatn og betre hygiene kunne betra situasjonen på ein stad tettpakka med folk.

– Mange barn har fått magesjauen, og du kan høyre dei grine og kaste opp om natta, skreiv ho i ei tekstmelding i helga.

Saknar meir informasjon

I starten måtte alle ukrainske flyktningar registrera seg på ankomstsenteret på Råde. I helga opna regjeringa for at flyktningar kan registrera seg andre plassar, dels for å letta på presset på Råde.

Frå og med onsdag vil asylsøkarar som ikkje bur på Austlandet, kunna registrera seg i sitt lokale politidistrikt. Det opplyser Politiet.

Så langt har nesten 2000 ukrainarar søkt asyl i Norge etter å ha flykta frå krigen.

Dei to flyktningane Vårt Land har vore i kontakt med, fortel begge om mangel på informasjon.

– Vi har ikkje eit registreringssystem. Men dei tilsette er veldig snille, og gjer alt dei kan for å hjelpe oss. Norske folk er så gode, fortel den kvinnelege flyktningen.

Råde mottakssenter bilder fra mars 2022

På spørsmål listar ho opp punkta ho gjerne skulle opplevd annleis:

– Vi burde fått ei liste over korleis prosedyren føregår. Særs få ukrainarar har erfaring med å vere flyktning – mange har ikkje eingong reist ut av landet før.

Noas: Forholda er akseptable

– Det er ting som kunne vore betre på Råde. Men hovudinntrykket vårt er at forholda er akseptable, gjeve den spesielle situasjonen.

Det seier Pål Nesse, generalsekretær i Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas). Noas har folk på mottaket på Råde.

– Det eg høyrer, er at dei fleste er nøgde og forstår at det er ein spesiell situasjon.

Han har høyrt om at det har vore mangel på bleier og bind på mottaket, men at dette har betra seg.

– Dei var skeivt ute med sanitetsprodukt i starten. No kjem det mange kvinner og barn, medan det tidlegare har komme mest mannlege flyktningar.

Utbrot av noro-virus på senteret

Vibeke Schjem i presseavdelinga til UDI stadfester at det har vore eit utbrot med norovirus på mottakssenteret på Råde.

– På det meste skal rundt 30 ha vore smitta samstundes. Dei sjuke blir isolerte i brakker saman med familien. Forholda skal vera betre no.

Ho seier mottakssenteret no jobber med å opprette fleire brakker om det blir fleire utbrot med det smittsomme mageviruset.

– Det har vore eit veldig press på ankomstsenteret på Råde, det er me klare over. Derfor oppretter me fleire plasser for å avlasta, seier Vibeke Schjem.

Ho seier senteret var utan varmtvatn mandag denne veka, men at det no skal vera tilbake. UDI veit ikkje om mangel på varmtvatn har vore eit problem tidlegare.

UDI har førebels ikkje gjeve pressa tilgang til mottakssenteret på Råde.

– Det er vanskeleg for media å ettergå forholda på Råde. Vurderer de å gje pressa tilgang til senteret?

– Vår hovudoppgåve er å beskytte dei nyankomne som kjem med traumatiske opplevingar i bagasjen. Derfor må me vera strenge. Det er også for å skjerme dei som jobber der.

Har blitt flytta

Dei to flyktningane Vårt Land har snakka med, er begge optimistar.

Då Vårt Land kontaktar dei igjen etter helga, har begge blitt flytta til stader med betre fasilitetar.

– Eg får ei god seng, god mat og varmt vatn i dusjen. Det er fantastisk her, seier mannen.

– Me får endeleg sova skikkeleg. No kan eg og barna få slappa av, seier kvinna.

Vårt Land







Mer fra Dagsavisen