Nyheter

Ho blei sjølv utsett for overgrep i den katolske kyrkja: – Ingen hjelp å få

Theresa Tolmie-McGrane kallar ikkje seg sjølv eit offer, men ein overlevande. I dei tragiske historiene som stadig blir avdekt frå den katolske kyrkja, finn ho likevel styrke: Forandring er i ferd med å skje.

Nærbilde av Theresa Tolmie-McGrane

Til det første først: Over 300.000 franske enkeltmenneske har blitt påført traume av katolske makthavarar sidan 1950.

Dei nyleg avdekte historiene går inn på Theresa Tolmie-McGrane, som sjølv blei utsett for overgrep på ein katolsk barneheim i Skottland då ho var liten.

– Dette er heilt forferdeleg. Men likevel så bra at kjem fram, seier skotten, som no har budd i Fredrikstad i over 30 år.

Tolmie-McGrane er utdanna tolk og psykolog har sin eigen holistiske praksis i Fredrikstad. Som fagperson har ho funne gode verktøy for å overleve og gå vidare frå overgrepet som skjedde med henne.

– Men klart dette riftar i mine eigne opplevingar.

Les også: Hundretusenvis av mindreårige utsatt for overgrep av katolske prester i Frankrike

Ikkje igjen...

Jo fleire rapportar og skandalar som rullar opp, jo meir numne blir folk – og katolikkar – trur Tolmie-McGrane.

– Eg trur dessverre vi har blitt litt vane med det. Ja, det er sjokkerande at det finst over 330.000 offer totalt i Frankrike. Men sidan vi har høyrt frå Skottland og USA og Canada og Irland og så vidare, trur eg mange tenker «å ja, endå ein skandale i endå eit land».

– Desse avdekkingane gir nok ikkje like sterke inntrykk no som for nokre år sidan. Dei blir ikkje «first page news» lenger.

Tolmie-McGrane sukkar, og imiterer seg sjølv og folk ho kjenner:

– Oh, not again...

Les også: Min tro: Som liten trodde Theresa Tolmie-McGrane at nonnene på barnehjemmet skulle redde henne. Slik ble det ikke

– Takk Gud!

Den ferske rapporten frå Frankrike fortel om ulovlege hendingar som har fått føregå i eit system. Prestar har blitt flytta, og historiene til ofre har blitt ignorerte.

– Dette kjem til å høyrast litt merkeleg ut, men dønn ærleg tenker eg nesten når dette kjem fram: Takk Gud!

– Jo fleire land med fleire tilsvarande historier frå overlevande, jo meir underbygger det forteljingane til vi som allereie har delt våre. Det støttar også i endå større grad at dette ikkje har blitt handtert godt nok.

Les også: – Å kalle seg ateist, er til syvende og sist å være kristen

Tragiske traume

– Kva kan slike overgrep gjere med ein?

Svaret er sjølvsagt like mangefasettert som talet på menneske som har lidd under denne forferdelege skjebnen.

Tolmie-McGrane, som sidan har blitt psykolog, nemner likevel: Nokon får seksuelle problem, og slit med intime relasjonar. Dei som har blitt utsett for åndeleg misbruk, får eit hat mot kyrkja og mistar trua si for alltid. Enkelte tyr til alkohol og narkotika, andre er sintre og bitre.

– Du skal vere utruleg sterk og ha eit skikkeleg nettverk dersom du skal klare å overleve eit overgrep.

Her har ikkje kyrkja gitt god hjelp, seier ho.

– Då dette gjekk føre seg, var det ingen hjelp å få. Det er dessverre mange skadeskotne katolikkar uti verda.

Theresa Tolmie-McGrane står foran et vindu med lukkede øyne og foldede hender. På veggen til venstre for henne, henger et kors og et bilde.

«The perfect storm»

Også spørsmålet om korleis dette har kunna skje, og spesielt i den katolske kyrkja, er minst like komplekst.

– Mitt inntrykk frå Skottland på seksti- til åttitalet er at mykje handlar om stengde samfunn. Den katolske kyrkja dreiv skular og barneheimar, mange av dei ute på landet, isolert frå at lokale styresmakter kom og sjekka kva som skjedde.

– Vi som torde å seie frå, fekk svi. Tanken om at prestar og nonner aldri vil gjere slike ting er noko vi har måtta kjempe imot. Som eit fattig barn opp mot ein slik maktperson... Det skulle ein aldri seie.

Tolmie-McGrane kallar dette oppskrifta på «the perfect storm»:

– Du har barn på lukka institusjonar som ikkje blir trudd, omringa av folk med stor respekt i den katolske kyrkja. Men dette er i forandring, meiner ho.

Les også: Før overgrepsofre fikk meldt sine krav, gjemte den katolske organisasjonen pengene sine på New Zealand

Frå sølibatbrot til krimsak

No er den katolske psykologen stolt over det omfattande arbeidet som har gått føre seg i Frankrike, og at bestillinga kom frå kyrkja sjølv.

– Dette er takka vere den noverande paven. Han gjer verkeleg alvor av orda sine, og har forandra lova. Han har pålagt biskopar og prestar å rapportere slike forhold til styresmaktene.

Tolmie-McGrane håpar neste steg blir å flytte fokus vekk frå brotet på sølibat for presten, til at det kriminelle er handlinga gjort overfor offeret.

– Det seier noko fundamentalt om institusjonen at ein slit med å anerkjenne at lovbrotet først og fremst gjeld overfor den som mottar krenkinga, enn for presten som bryt eden, og syndar, seier ho.

Det kjem storm etter storm

Historiene frå ulike stader i verda, som har blitt avdekt dei siste åra, er berre toppen av isfjellet, trur psykologen.

Theresa Tolmie-McGrane ler med lukkede øyne, på et treningsrom

– Det vil bli storm etter storm etter storm. Fleire rapportar og fleire land vil avdekke haugevis av forferdelege historier. Kyrkja må ri ut den stormen, og tillate at dei kjem fram, og sørge for at dei blir høyrde.

– Klarar dei det oppgjeret, kan det skje forandring.

Tolmie-McGrane vil ha på plass rutinar for kva alle overlevande etter desse tragediane har krav på av psykologhjelp og frå styresmakter.

Dei fleste er allierte

I det neste ho skal til å seie, parerer psykologen med at ho ikkje vil forsvare prestar og kyrkjetilsette sine grufulle handlingar. Men ho vil gjerne sette det i perspektiv.

– Eg har sett eit anslag om at dette gjeld rundt tre prosent av verdas katolske prestar. Det er tre prosent for mange – men det betyr at eit overveldande fleirtal på 97 er gode.

– Viss vi har trua på at desse 97 prosentane vil jobbe side-om-side med oss som har overlevd, har eg tru på at den katolske kyrkja er ein institusjon det framleis går an å høyre til.

Trua står fast

Sjølv forlét Theresa Tolmie-McGrane trua då ho drog frå barneheimen ho sjølv blei forgripen på. Tre år seinare tok ho Gud tilbake.

– Viss eg hadde mista trua, hadde dei vunne. Dei har tatt frå meg så mykje – dei skal pokker ikkje ta frå meg trua, seier ho i dag.

Ho har tilgitt, og gått vidare.

– Eg trur det er derfor eg ikkje har blitt eten opp innvendig.

Saken ble først publisert i Vårt Land.





Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.