«Matvareforsyning og Korona»

Vi tek gjerne debatten om kva vi som land kan ta lærdom av. Men når det uføresette skjer treng vi å hegne om både tillit og framtidstru.

Høyres landbruksnettverk: Ingjerd Schou (Østfold/ Viken), Guro Angell Gimse (Trøndelag),  Margunn Ebbesen(Nordland), Torill Eidsheim (Vestland), Frida Melvær (Vestland), Ingunn Foss (Agder), Margret Hagerup (Rogaland), Elin Rodum Agdestein (Trøndelag), Bente Stein Mathisen (Akershus/Viken), Marianne Synnes Emblemsvåg (Møre- og Romsdal), Anne Kristine Linnestad (Akershus/Viken), Liv Kari Eskeland (Vestland), Solveig Sundbø Abrahamsen (Telemark og Vestfold) , Kristin Ørmen Johnsen (Buskerud/Viken)), Aase Simonsen (Rogaland)

 

Matvareforsyninga i Noreg er rein, trygg og robust. Landbruket er sett saman av mange gardsbruk, fordelt over heile landet. Sårbarheita er å sjå på som låg.

Det viktigaste vi gjer for matforsyninga er å leggje til rette for å produsere mest mogeleg mat i Noreg. Difor er det viktig å bruke areala våre riktig. Denne regjeringa har styrkt kanaliseringspolitikken, og trenden med at grasarealet i kornområda auka er no snudd. Det er bra for jordbruket i distrikta, og det er ikkje minst bra for å auke produksjonen av norsk korn, norsk frukt og norske grønsaker.

Det har vore nokre medieoppslag om hamstring av matvarer i samband med Korona-utbrotet. Men det er ikkje noko som tyder på at det er problem med etterforsyning. Det er tett dialog mellom departementa om handteringa av mogelege utfordringar når det gjeld vare- og tenestetilgangen frå næringslivet til samfunnsviktige føremål. Regjeringa har opplegg for å sikre tilgangen på varer og tenester frå næringslivet også i kriser.

«Det beste med ei skikkeleg krise er at det gjev partia ein sjanse til å finne fram sine fanesaker, setje «krisepakke» som overskrift og lansere krava som naudsynte og dagsaktuelle», skreiv Jens Kihl i Bt tysdag. Retorikken og polemikken lever i beste velgåande - sjølv etter Korona-utbrotet. Men samstundes har dei fleste parti gitt si forsikring om at no er ikkje er tida for å ri eigne kjepphestar. Sist i spørjetimen i Stortinget onsdag. Det burde då vere enkelt å einast om det faktabaserte og ikkje spreie unødig frykt.

God matvareberedskap ER viktig. Denne regjeringen tek mattryggleiken på alvor:

- Ordninga med tilskot til beredskapslagring av såkorn er styrkt i jordbruksoppgjeret for 2019.

- Det er stimulert til auka norsk kveiteproduksjon, og prioritert støtte til mindre og lokale tørke- og lageranlegg for korn på gardsbruk som del av ei beredskapstenking.

Det styrkjer moglegheita til å halde norsk kornproduksjon oppe også gjennom krisetider.

Dette er kva vi gjer i dag basert på tilgjengeleg kunnskap og faglege vurderingar. Regjeringa vil fortløpande vurdere ytterlegare tiltak både på kort og lang sikt då vi erkjenner at globale hendingar aukar sårbarheita.

Vi tek gjerne debatten om kva vi som land kan ta lærdom av. Men når det uføresette skjer treng vi å hegne om både tillit og framtidstru.

Les også: 
Sprengt kapasitet på utkjøring

«Koronakrise, hva betyr det for din privatøkonomi?»
Sykehuset Østfold Kalnes og Moss har innført adgangskontroll

Sju fra Fredrikstad smittet av koronaviruset