Vindkraftsaka ein augeopnar

Kan vi stemme Ap eller noko som helst anna parti?

Dei politiske partia bør spegle det politiske landskapet blant oss veljarar, ikkje slik å forstå at dei passivt bør reflektere oppfatningar og haldningar blant folk, men vi som veljarar må kjenne oss att i spørsmåla partia er opptatt av.

Det som er viktig for oss, må vera viktig for dei.

Les også: «Det er ikke mange mennesker igjen som forstår omfanget av praktisk arbeid»

Og vi må oppleva at det finst parti som kan representere oss, som legg fram gode politiske løysingar på viktige utfordringar.

Det kjennest rart å skrive dette, for det er jo sjølsagt. Likevel opplever eg at det ikkje er slik, og at eg ikkje er aleine om denne opplevinga. Noko har skjedd med det politiske styringssystemet, sakte over tid, som gir grunn til uro.

For mange av oss har vindkraftsaka vore ein augeopnar, dessverre altfor seint, men nettopp det — at dei fleste av oss oppdaga kva vindkraft i Norge innebar fyrst etter at politkken var sett ut i livet — er eit av fleire symptom på eit svekka demokrati.

Vi kan ta att i neste stortingsval, stemme ut dei som er ansvarlege for politikken, tenker vi, men kven er det da vi kan stemme på?

Samtlege parti frå Frp til SV har vore for ei sterk satsing på vindkraft. Er vårt einaste alternativ å stemme Rødt?

Det er vanskeleg å ikkje oppfatte vindkraftsaka som uttrykk for at partia har blitt svekka som demokratiske verkstader for utforming av politikk og som premissleverandørar for offentleg debatt om viktige vegval i samfunnet.

Opplyst debatt og meiningsdanning blir vanskeleg når dei politiske partia ikkje er tydelege på premissane dei legg til grunn for politikken sin, og er meir eller mindre ulne om kva dei eigentleg meiner. Arbeiderpartiets nettside om vindkraft er eit instruktivt eksempel.

Det første vi kan lesa er at Ap vil «bygge ut vindkraft på steder der det er gode vindforhold, der naturhensyn blir ivaretatt og der det samtidig er lokal støtte til utbyggingen.»

Vindkraftsaka er ekstremt konfliktfylt.

Les også: «SFO hadde vært gratis for alle første-klassinger med Arbeiderpartiet i regjering»

Likevel er Arbeidarpartiets første bodskap heilt fritt for politisk innhald: Ingen vil vel bygge vindturbiner på stader der det ikkje bles? Det er heller ikkje særleg politisk avklarande å krevja at «naturhensyn blir ivaretatt», sidan Ap ikkje utdjupar korleis dei har tenkt å sikre dette.

Ap, saman med regjeringspartnarane Sp og SV, var sjølv ansvarleg for å svekke vernet av natur og artsmangfald da konsesjonssystemet for vindkraft blei «forenkla» i 2009. Det innebar at energimyndighetane, altså NVE, kan overprøve faglege innvendingar frå miljømyndighetar.

Fagleg usemje treng ikkje løftast til politisk nivå, og får dermed ikkje same offentlege merksemd.

Ap har laga ein «feel-good»-tekst. Vi skal bli glade av det grøne skiftet, utan å bli opplyst om kva det inneber. Å krevja «lokal støtte til utbyggingen» høyrest fint ut, men kva betyr det? Ap gir inntrykk av at ein kan «unngå lokale konflikter, og verdsette verdifulle naturområder når det bestemmes om eller hvor det skal bygges vindmøller.» (mi kursivering)

Ja, for det er vindmøller det er snakk om i Aps framstilling, ikkje 200-250 meter høge turbintårn. Ein kan lesa Aps språklege skjønnmaling som eit strategisk grep for å nedtone dei reelle konsekvensane av den norske vindkraftsatsinga for folk og natur.

Ap er ikkje aleine om denne kommunikasjonsstrategien.

Alle partia unntatt Rødt (som ikkje satt på Stortinget da konsesjonssystemet for vindkraft blei vedteke) sitt nå stille i båten. Ingen ønskjer høg profil på partiets politikk for vindkraft på land. Det er kanskje strategisk lurt for å ikkje miste veljarar i neste stortingsval, men godt for demokratiet er det ikkje.

Begeistringa og teknologioptimismen er flytta over på havvind. Som Ap seier det på nettsida si, «Arbeiderpartiet ønsker ikke først og fremst mest mulig vind på land, men vil ha en storsatsing på havvind.» Det er nok her at partiet, om enn utilsikta, formidlar sitt eigentlege syn på vindindustri på land.

Les også: Helsebyråden legger seg flat og beklager – dobler nå nesten kapasiteten til koronatelefonen

Det er vanskeleg å ikkje lesa Ap på annan måte enn at dei ønskjer ei omfattande vidare utbygging av vindkraft på land, bare ikkje først og fremst mest mulig. Uttrykket først og fremst fortel oss at det er Aps ønska vindindustrielle satsing på havet og ikkje på land vi bør vera opptatt av.

Dette er ei taktisk avleiing, som usynleggjer Aps politikk på feltet, og slik fråskriv partiet ansvar.

Dei politiske partia som har gått inn for ei storstilt utbygging av vindindustri og for konsesjonssystemet vi har i dag må gi oss svar på det viktigaste spørsmålet: Kvifor må vi industrialisere naturen vår (til lands og til havs)? Den politiske retorikken gir ikkje svar, for dette er ikkje spørsmål som dei politiske partia diskuterer.

Dei er jo alle einige om utbygging.

Partia er tilsynelatande einige om ei sterk auke i norsk produksjon av fornybar energi som del av det «grøne skiftet», men denne semja skjuler usemje om dei politiske måla. Ap, Høgre, Frp og Sp synes opptatt av ei storsatsing på vindkraft som eit næringspolitisk tiltak, særleg ettersom Storinget gjennom tilslutning til ACER har vedteke at den norske energimarknaden skal integrerast vidare med EU.

Dei meir miljøorienterte partia vektlegg omsynet til klima og eit akutt behov for lågare fossile utslepp.

Dei verkeleg viktige spørsmåla om eit grønt skifte blir vi ikkje presentert for. Er det mogleg å redde klima bare ved hjelp av teknologi? Og i så fall, ønskjer vi det? Kva følgjer får det for natur og artsmangfald, og for folks livskvalitet? Innbyggarane på Frøya og Haramsøya veit ein del om det. Og aller viktigast: Korleis vi kan endre det økonomiske systemet slik at det ikkje lenger føreset økonomisk vekst?

Dette er sjølvsagt krevjande spørsmål, men det er jo desse vi bør diskutere.

Vi har ikkje eit tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag for utbygging av vindkraft før vi har vurdert alternative tiltak, jf den statlege utredningsinstruksen som Finansdepartementet har ansvar for. Det er desse alternative tiltaka som heilt manglar i debatten om det grøne skiftet.

Det er urovekkande både for natur og klima, og ikkje minst, for folkestyret.