PROFITT: Mange utviklingsland blir utsette for utanlandske selskap som etterlet seg forureina natur, utarma jord og oppsagde arbeidarar, skriv Asbjørn Eidhammer. Her frå Grootvlei i Johannesburg i Sør-Afrika, der forureining har skapa problem. FOTO: MUJAHID SAFODIEN/NTB SCANPIX

Vil norske bedrifter bidra?

Det beste utviklingsminister Nikolai Astrup kan gjere for å skape inntekt og arbeid i Afrika, er å sjå til ungdomane.

Tore Myhre frå NHO krev i Dagsavisen 2. februar handling frå regjeringa for å få norsk næringsliv med på ein innsats for å nå FNs berekraftsmål for 2030. Myhre viser til utviklingsminister Astrups uttale til Dagsavisen om at det er nødvendig å engasjere næringslivet for å nå måla. Norske bedrifter er på tilbudssida, men blir skuffa når festtaleretorikken ikkje blir omsett til handling, seier Myhre.

Utviklingsministeren har utan tvil rett i at økonomisk vekst er nødvendig og at næringslivet må med. Men kva for eit næringsliv, og på kva vilkår? Kor interesserte er norske bedrifter i realiteten til å bidra, og kor god innsats er dei i stand til å gjere?

I stortingsmelding 35 (2014–2015), «Sammen om jobben», oppsummerte regjeringa dei tidlegare støtteordningane for bedriftsstøtte ved å seie at dei hadde lykkast i å engasjere norsk næringsliv, men i mindre grad klart å stimulere til næringsutvikling og økonomisk vekst i mottakarlanda. Dette byggjer mellom anna på funn i ei tidlegare evaluering som viste at erfaringane med støtte til norske bedrifter var svært blanda. Som eksempel vart det vist til det såkalla matchmaking-programmet, som skulle knyte saman bedrifter i Norge og samarbeidsland. I Sør-Afrika og på Sri Lanka var det berre om lag kvart tiande prosjekt som hadde ført til levedyktig forretningsverksemd. Det vart og sagt at med få unntak kunne ein ikkje sjå noko særleg kunnskapsoverføring gjennom ordninga.

Nye ordningar vart annonsert i stortingsmeldinga. I 2016 vart eit nytt program for å styrke yrkesutdanning i utviklingsland lansert etter medverknad frå NHO. Norske bedrifter og organisasjonar skulle gå saman med partnarar i norske samarbeidsland om opplæringsprogram som skulle tilpassast behovet for yrkesfagleg kunnskap i næringslivet. Det vil vere å overdrive å seie at engasjementet frå norsk næringsliv var overveldande. Fire prosjekt vart godkjende i 2017, tre av dei omfatta norske bedrifter. Då verka det faktisk som om norske organisasjonar var meir engasjerte enn næringslivet. Det er sett av ein halv milliard kroner over fem år til dette føremålet.

Då var det større interesse for den nye støtteordninga for bedrifter som vil investere i utviklingsland på utvalde sektorar i norsk bistand. Det er då også eit generøst tilbod bedriftene får. Støttebeløpet skal vere på minst 500.000 kroner, og bedriftene kan få dekka inntil 50 prosent av sine budsjett. 35 prosjekt vart godkjende under ordninga i 2017. I statsbudsjettet for 2018 er budsjettposten som desse midlane er tekne frå nesten fordobla frå året før.

Som ein ser skulle det vere ordningar og pengar nok å søkje om for norske bedrifter på tilbudssida. Men NHO er tydelegvis ikkje fornøgd med dette. Myhres poeng er at det må bli enklare å søkje om støtte. Som han seier, inneber investeringar i utviklingsland stor risiko. Men risikoen gjeld ikkje berre for norske bedrifter, den gjeld også for staten som har ansvar for å forvalte bistandsmidlane, og den gjeld for dei landa bedriftene engasjerer seg i. Det er relativt stor risiko for at slik bistand ikkje fører til gode arbeidsplassar og inntekter for folk. Mange utviklingsland blir utsette for utanlandske selskap som er ute etter rask profitt, men som etterlet seg forureina natur, utarma jord og oppsagde arbeidarar. Og slett ikkje alle arbeidsplassar i fattige land er berre av det gode; mange selskap tilbyr langt mindre i lønn enn det ein familie kan leve av.

Difor har dei offentlege norske støtteordningane sterke krav når det gjeld for eksempel miljø, menneskerettar og tiltak mot korrupsjon. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette er krevjande for små og mellomstore bedrifter. Men som ein ser er stønaden tilsvarande generøs.

NHOs kollegaer i afrikanske land ber ikkje om meir bistand, seier Myhre, dei ber om handel og investeringar. Men norske bedrifter treng altså rundeleg bistand for å engasjere seg. Det bør dei få. Det er grunn til å tru at med gode system for vurdering og støtte vil prosenten av vellykka tiltak gå opp; det veit vi først om nokre år. Sjølv trur eg investeringar verkar best når det er eigne pengar som står på spel, eller når det det ikkje berre blir investert pengar, men også idealisme – kall det gjerne godhet – slik vi ser det hos finansmannen Christian Thommesen.

Likevel, det beste Astrup truleg kan gjere for å skape inntekt og arbeid i Afrika, er å sjå til den ungdomsgenerasjonen av gründerar og småentreprenørar som ein nå finn overalt på kontinentet. Dei kan verkeleg trengje ei handsrekning. Ei «teppebombing» av denne ungdomsgruppa med ganske beskjedne summar vil garantert føre til mange mislykka tiltak og pengar som blir brukte på anna enn det dei er meinte for. Men sjansane for at meir enn ti prosent vil gi ny inntekt og nye arbeidsplassar er relativt stor.