Dagsavisen Ung

Ein friare skule

Elevane fortener større tillit til å setje saman sin eigen timeplan.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Kunnskap er makt. Utdanning myndiggjer menneskjer til å nå sine draumar. Dessverre kjenneteiknast den vidaregåande skulen i dag ved for lite trivsel og for mykje fråfall.

Norsk skule reproduserer ulikskap, og det taper vi alle på.

Debatt: «Alle bør få oppleve magien et besøk på et folkebibliotek kan gi»

Sjølv om fråfallet i den vidaregåande skulen har gått ned, ser vi likevel at berre 78,1 prosent av elevane og lærlingane fullfører med studie- eller yrkeskompetanse etter fem til seks år. Eg trur mykje av løysinga er å gje elevane meir fridom og makt over utdanningane sine.

Jo, den vidaregåande skulen har behov for ei skikkeleg fridomsreform.

Då koronaviruset kom veltande innover Noreg, hadde regjeringa så vidt kome igang med ei ny stortingsmelding om den vidaregåande skulen. Mitt håp er at pandemien ikkje øydelegg for det viktige arbeidet som no skal gjerast i samband med denne.

Det er nemleg snakk om noko som kjem til å påverke kvardagen til ungdom i lang tid framover.

Ein god vidaregåande skule er avhengig av motiverte elevar. Eg trur vi kan skape motivasjon gjennom valfridom.

Les også: «Jeg lovet meg selv å ikke engasjere meg igjen»

Det er utvilsamt mykje som kan endrast i måten vi driv vidaregåande opplæringa på. Ein start hadde vore å sjå på det heilt grunnleggjande – kva for ein skule du får lov til å gå på.

I dag er det fleire parti på venstresida som svartmålar fritt skuleval på grunn av karakterpress. Konsekvensen av dette er eit nærskuleprinsipp der det er lite rom for den enkelte eleven å velje kva skule hen skal gå på. Spør du meg, er eit slikt system nettopp med på å senke trivselen og motivasjonen til elevane.

Fritt skuleval er klart betre og meir rettferdig enn eit postnummerlotteri.

For fritt skuleval gjev elevane høve til å sjølv velje kva skule dei ønskjer å gå på, basert på eigen innsats i karakterar. Karakterar motiverer til å jobbe, og gjev umotiverte elevar incentiv til å jobbe hardare for å kome inn på draumeskulen. Og ja, framtida på draumeskulen skal sjølvsagt vere avhengig av dine eigne resultat.

Dessutan gjev fritt skuleval elevar høve til å møte på menneskjer frå andre miljø enn sitt eige, og er dermed med på å utjamne sosiale forskjellar.

Busetjing er ofte sterkt knytt til sosioøkonomisk bakgrunn.

Les også: Har skrevet boka som får voksne menn til å ville pusse tenna

Modellen som venstresida ønskjer og har innført i fleire fylker, gjer at elevar frå ressurssterke heimar får automatisk innpass på dei skulane ein ofte ser på som best. Det bør naturlegvis ikkje vere adressa til foreldra dine som avgjer kva for ein skule du får lov til å gå på.

Vi sviktar elevane om vi trur at det er politikarar som er best skikka til å ta slike val for ungdomen. Til sjuande og sist er det du sjølv som veit best kva skule du ønskjer å gå på.

Kva linje du ønskjer å gå på, og den utdanninga du ønskjer å ta.

I dag kan eit fleirtal av norske elevar velje skulen sin fritt, og det er bra. Problemet er at ikkje alle elevar har denne fridomen. Om du får lov til å gå på den skulen du sjølv ønskjer, er nemleg avhengig av kva fylke du bur i. Mens ein i Oslo kan velje skulen sin fritt, kan ein ikkje gjere det same i Trøndelag. Og i Viken har Ap, SV og MDG nyleg fått fleirtal for å skrote fritt skuleval.

Fritt skuleval bør vere noko alle elevar har rett på.

Med atterhald om garanti for å kome inn på ein skule innanfor ei viss reisetid, er nasjonalt fritt skuleval den beste modellen for alle norske elevar. Nasjonalt fritt skuleval gjev fridom til den enkelte eleven, og flyttar makta over eige utdanning nedover, frå fylkeskommunen til elevane sjølv.

Men fritt skuleval i seg sjølv er ikkje nok til å skape motiverte elevar. Vi må også sjå på korleis den vidaregåande opplæringa skal vere utforma.

Dessverre er dagens vidaregåande opplæring i altfor stor grad ei vidareføring av ungdomsskulen. Samtidig representerer den vidaregåande opplæringa eit retningsval for vidare studie eller arbeid.

Er det til dømes slik at dei 56 timane med kroppsøving gjer deg best førebudd på studie- eller arbeidslivet?

Les også: Nayat driver nabolagskaféen der alle kjenner alle. Møt ildsjelene på Holmlia (Dagsavisen +)

Eg trur ikkje det, sjølv om kroppsøving isolert sett utvilsamt har ein positiv effekt.

I dag er det fellesfaga som i stor grad styrer dagsordenen på dei vidaregåande skulane, med relativt få høver til å velje fag etter interesser.

Ein bør derfor kutte i talet fellesfag, og gje elevane eit større utval av valfag samt friare høve til å ta fagval på tvers av fagområder og dei tradisjonelle studieretningane.

Elevane fortener større tillit til å setje saman sin eigen timeplan og velje dei faga dei sjølv ønskjer.

Det viktigaste er at ein sikrar den allmenndannande funksjonen som den vidaregåande opplæringa skal ha. Om elevane så vel vekk kroppsøving for å kunne ta rettslære i tillegg til biologi og kjemi, så bør det ha lite å seie.

I framtidas kunnskapssamfunn er vi avhengige av at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Då er vi nøydde til å gje elevar større fridom og makt til å utforme sin eigen kvardag og utdanningane dei tar.

Eg håpar og forventar at kunnskapsminister Guri Melby gjer nettopp dette, og leverer ei fridomsreform i den vidaregåande skulen.

Mer fra: Dagsavisen Ung