Dagsavisen Ung

Alt ein ikkje ser

Du er kanskje sjuk, men er du sjuk nok for å få hjelp?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Med foten høgt og gips opp til hofta ein månad, gjorde ikkje eg so mykje våren for tre år sida.

I ettertid har eg reflektert ein del.

Då eg kom haltande inn på sjukehuset i mars 2018 med krykker, sat eg ikkje lenge på venterommet før røntgen var tatt og gipsen var på. To år seinare sat eg på venterommet i tre månadar, men då var ikkje sykdommen synleg.

Det har gått altfor langt når det brekte beinet må synes for å unngå venterommet i evigheter.

Amalie Fure (17)

psykiskhelse.no er det ein artikkel frå april 2017 med presidenten i Norsk psykologforening, Tor Levin Hofgaard. Han seier behandlingskapasiteten må bli betre, og er godt kjend med historier der folk ventar i årevis på hjelp:

«Hvis dette hadde handlet om fysisk helse, hadde man jo kastet seg rundt og gjort noe».

Ifølgje sakene åra etter har ein ikkje flytta behandlingskapasiteten ein einaste meter. I 2018 snakka VG med pasientar som ventar mykje lenger enn det som bør vere akseptabelt, for å bli avvist med beskjeden om å ikkje vere «sjuk nok». Om dei som gir pasientar denne beskjeden hadde sett kor den kan føre dei, er eg ganske sikker på at dei hadde sagt noko anna.

Etter at landet stengte i mars 2020 har sakene handla om unge i kjølvatnet av korona. Unge ventar i to månadar på hjelp. Hjelp som dei treng no.

Vi må prioritere politikarar som ynskjer å prioritere oss, ved å bruke tid og pengar på psykisk helse. Ein kjem ikkje så langt med berre ord, so eg håpa vi kan få fram politikarane som gjer ord til handling. Du kan redde valet for partiet ditt ved å seie at kapasiteten skal forbetrast, men du reddar ikkje so mange liv med berre det.

Nokre ventar i 10 år, andre i ein månad. Målet til Bent Høie innan 2021 var 50 dagar som gjennomsnittleg ventetid, som er nesten to månadar. Ifølgje VG ventar mange opptil 30 veker, som er over eit halvt år og over tre gangar so lang ventetid.

Ein ender opp med å bli ein kasteball mellom systema, og føler seg ganske stuck.

Det har blitt eit krav at det må vere synleg for å vere truverdig, for å bety noko, og for å prioritere.

Uavhengig av om skaden har skjedd på innsida eller utsida: Det kan få større konsekvensar enn mange kan førestille seg, om ein fortsetter å setje pasientar på venterommet slik det gjerast i dag.

Å slite med noko på innsida kan vere minst like ille, eller verre, enn gips opp til hofta. Og det hjelper lite kor mykje det verkar, so lenge det ikkje synes at det gjer vondt. Når eg har snakka med andre om kva eg synest er vanskeleg, har eg frå fleire fått til svar at «det synes jo ikkje då, so regna ikkje med det er ein big deal».

Det har blitt eit krav at det må vere synleg for å vere truverdig, for å bety noko, og for å prioritere.

Alkoholproblem, angst, sjølvmordstankar, stress, bekymringar, spiseforstyrrelser, depresjon, overgrep, bipolar lidelse, OCD, ADHD og schizofreni.

You name it. Alt ein ikkje ser.

Alt ein ikkje ser er ikkje viktig nok til å bli prioritert. Mange finner det best å stenge det inne, fordi det blir forventa at ein er sterk nok til å takle det aleine. Dermed blir det som å bære på ein sekk med betong 24 timar i døgnet.

Før ein kjem seg frå det venterommet blir mange dratt enda lenger ned av den betongsekken, og i verste fall for langt. Fleire trur det er so enkelt som å setje det psykiske på vent i eit par månadar. Men so lett er det ikkje. Det er berre å ta eit søk på sjølvmordstatistikken.

På veg ut av 10. klasse fekk eg ein del kommentarar på kor sjukt nice det måtte vere å ha 5 i snitt, og det fekk meg til å tenke. «Viss ikkje livet går på skinner med det snittet, gjer det aldri det» Det er dette som er greia med alt ein ikkje ser. Om livet derimot ikkje går på skinner og det ikkje er openbart, er det nok av dei som nøler om ein har alt ein treng: Dei gode karakterane, som er det som kreves for å bli vellukka. Lurer ofte på kva tid god psykisk helse kan bli framstilt som det riktige å ha for å lykkes.

Til tross for at det tok tid før eg kom meg vidare, so er det verkeleg ein handlingskraft av dei sjeldne å møte på BUP. Og det BUP og skulen gjorde for meg gjennom VG1 har betydd alt.

Utan den hjelpa eg fekk hadde eg droppa ut lenge før jul.

Det har gått altfor langt når krykker og gips har blitt kravet som gjer det verdt å prioritere. Eg håpar politikarane kan få opp auga snart, for det må meir til enn berre ord for å få snudd ein sjølvmordstatistikk.

Mer fra: Dagsavisen Ung