Ubalanse i Venezuela-dekninga av norske media

Latin-Amerikagruppene i Noreg (LAG ) meiner at generelt er vinklinga til norske media på kven som har hovudansvaret for at valden i Venezuela har fenge utvikla seg slik det har vorte, ubalansert.

Eksempelvis har styresmaktene fleire gonger tilbode dialogmøter, m.a ein nasjonal fredskonferanse som vart halden 26. februar. Der deltok m.a. sosiale rørsler, folk frå forretningslivet representert ved Fedecamaras og religiøse org., mens den politiske opposisjonen boikotta det. Opposisjonsleiaren Henrigue Capriles sa først ja til å delta på fredskonferansen, men kom ikkje. 9. januar hadde president Nicolás Maduro møte med guvernørar og borgarmeistrar, også Capriles deltok. Der vart det gjort vedtak om regionale møter om usikkerheita/kriminaliteten i landet. Capriles kom ikkje på to andre guvernørmøter.

Den mest ekstreme høgredelen av opposisjonen, med Leopoldo Lopez og Maria Corina Machado i spissen fører premissane i opposisjonen, og vil ikkje i det heile teke ha dialog, dei vil berre ha regimeskifte. Machado er no fråteke sin plass nasjonalforsamlinga etter å ha representert Panama på Organisasjonen av amerikanske statar (OAS) sitt møte i Washington 21. mars. I følgje parlamentet sin president Cabello, er det brot på artikkel 149 og 191 i grunnlova å representera eit anna land utan godkjenning frå nasjonalforsamlinga.

Ein høyrer lite eller ingenting om historia til dei ulike opposisjonsfigurane, men desto meir om Maduro-regjeringa. Som kjent var både Lopez og Machado aktive under kuppet mot Chavez i 2002 og begge skreiv under på dekretet som støtta kuppet og den nye leiaren Carmona. Det er ikkje slik dei har hevda i ettertid at dei trudde dei skreiv under på gjesteprotokollen. Truleg lite truverdig.

Studentleiaren og ordførar i ein rik bydel i Caracas, David Smolandsky, er ein sentral figur i opptøya. El Hatillo er ein fasjonabel forstad i fjellsida ovanfor Caracas og det er ikkje noko teikn på varemangel der i garden, som også gjeld andre rike bydelar i Caracas. Men her også har det kome kraftige klager mot barrikader grupper har sett opp, som hindrar folk i å kome til og frå arbeid. Smolandsky tilhøyrer VoLundad Popular, partiet til den fengsla leiaren Lopez. Ein av hovudarkitektane bak valdsaksjonane. Fleire av den ekstreme kjernen i opposisjonen har bakgrunn frå den ultrakonservative kristne fundamentalistiske gruppa Tradición Familia y Propidad (TFP), som vart forbode i 1984.

Machado på si side er grunnleggar av org. Súmate, ein avleggar av den usanske National Endowment for Democracy (NED, stifta i 1983 «til fremme av demokrati», det usanske sjølvsagt). I årevis har denne usanske org. gove økonomisk støtte til grupper og parti på ytterste høgrefløy i mange land. Det har også kome fram at studentleiarar i Venezuela har vorte støtta økonomisk av NED: http://www.popularresistance.org/the-national-endowment-for-democracy-in-venezuela/ Wikileaks-avsløringar viser USA-dokument om omfattande økonomisk og politisk støtte til opposisjonsgrupper i Venezuela lenge, med utstrakt spionasje, propaganda og feilinformasjon.

Ei sokalla "menneskerettsgruppe" PROVEA (El Programa Venezolano de Educacion-Accion en Derechos Humanos) får økonomisk støtte frå NED og den kanadiske regjering. Dei har også hatt møter med den usanske ambassaden i Venezuela:

http://yvesengler.com/2010/12/15/canada-funds-venezuelan-opposition/

Kampanja «La salida» (Utgang) er mynta på å styrte president Nicolás Maduro. Leiartriangelet her er, i tillegg til Smolandsky og Machado, borgarmeistar i Caracas Antonio Ledezma for Alianza Bravo Pueblo (ABP), eit utbrytarparti frå det sosialdemokratiske Acción Democrática (AD). AD tilhøyrer den ikkje-valdelege delen av opposisjonen og har teke imot invitasjonen til Maduro om dialog.

Ingenting av dette er teke opp t.d. i NRK-reportasjar i Verda på laurdag (NRK P2), Urix (NRK 1) eller andre media, aviser, det LAG kjenner til. Snarare tvert om, eit døme på rein kampanjejournalistikk er Dagbladet sin kommentar: http://www.dagbladet.no/2014/03/31/kultur/meninger/kommentar/hovedkommentar/venezuela/32562051/

Det er ikkje "balansert" når hovudinntrykket ein sit att med etter innslaget er at til slutt er det "berre" Maduro og regjeringa, eller rettsvesen o.l. som er skuld i oppstandane, og ingen andre. Det er faktisk det i alle fall mange i LAG sit att med. Eg har t.d. ikkje høyrt i nokon NRK-reportasje at det har vorte nemnt at HUNDREVIS av små eller større helseklinikkar eller anna offentleg eigedom har vorte øydelagt av gjengar, m.a. brenning av eit universitet i Tachira fylke. Eg har heller ikkje høyrt det har vorte omtala at sabotasje innan varetilgong har vore utbreitt frå store private aktørar i kampanjar for å endå meir lage krise. Korriger meg om eg tek feil. Det er mange ting som ein kan og skal kritisera eit lands styresmakter for, Venezuela inkludert, men når destabiliseringspolitikk vert verkemiddel for å styrte ei demokratisk vald regjering, må ein prøve å få det fram. Det er ein polarisert situasjon i Venezuela, men ein må ikkje underslå at sterke ultra-høgre krefter aldri vil ha dialog og aldri vil ha eit likestilt og rettferdigt land.

Ivar Jørdre, styremedlem LAG-Bergen