Debatt

To sterke årgangar

Frå kvar sin globale ståstad stod sørafrikanske Abdullah Ibrahim solo og eit ungt trøndersk prisvinnarband for to sterke konsertar.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Åttito år gamle Ibrahim har vitja Noreg fleire gonger, også som solopianist. I Universitetets Aula fekk vi vite at to av musikarane i Mukashi trioen hans hadde meldt forfall. Men det er solopainist mange vil hugse han på sitt beste. I halvannan time med ein liten pause sildra det av vakker musikk frå flygelet, avslutta med vakre «Wedding» frå albumet «The African Marketplace».

Fødd i Cape Towns District Six var trompetist Hugh Masekela ein av dei første han spela med. Frå han drog til Europa i 1962 og vart kjend med Duke Ellington, har han vore klodens kanskje største musikalske globetrotter. I samspel med Don Cherry, Ornette Coleman, John Coltrane, Pharoah Sanders, Cecil Taylor, Max Roach.

Femti album minst har han gitt ut, og det estetiske vakre pianospelet som er både europeisk og afrikansk i leten, lytta ein nær fullsett aula med andakt, og applausen fylte rommet der Charles Lloyd hadde sin store konsert i 1966.

Av ein heilt anna årgang er det norske bandet Megalodon Collective, som med opphav i det trønderske jazzmiljø i år vann jazzintro-tevlinga, og som på den intime klubben herr Nilsen braut alle kutymar for korleis jazz skal spelast. Med dei to trommespelarane i front byr bandet på eit musikalsk repertoar som er fantastisk uansett. Debutalbumet Megalodon vann prisen for beste norske jazzalbum i 2015. Å setje opp bandet på herr Nilsen var i eg sjølv eit skup, klubben der nyfiken ungdom fekk ei blanding av filmmusikk, frijazz, støy, klassisk, der dei unge deltakarane i Nordisk Show Case, avsluttar kveldane. Jazzen lever framleis på klubben som er kåra til byens beste.

Mer fra: Debatt