Debatt

TiSA-spørsmål som utenriksdepartementet ikkje vil svare på

Sanker statsministeren stemmer på sviktande grunnlag?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Sankar statsministeren stemmer på sviktande grunnlag?

Tidleg i oktober sende eg eit par enkle spørsmål til UD knytta til det handlingsromet regjeringa har når det gjeld å favorisere norske bedrifter i forhold til utanlandske. Dette ser det ikkje ut til at departementet vil svare på.

Bakgrunnen for at eg sende dette brevet, var at statsministen i ein budsjettlekkasje kom med eit valkamputspel, der ho opplyste at bygginga av tre kystvaktskip skulle framskundast, og at skipa skulle byggast ved norske verft som ei handsrekning til ei næring i krise:

– «Dette skal gå til norske verft, fordi vi trenger den maritime kompetansen på skip til marinen i Norge også, sier statsminister Erna Solberg til NRK».

Dette kunne vi lese mellom anna på ei side publisert av kommunikasjonsavdelinga i Høgre. ( https://hoyre.no/aktuelt/nyheter/2016/statsbudsjettet-2017-flere-jobber-og-bedre-velferd/  )

Det er faktisk svært lite sannsynleg at statministeren har handlingsrom til å kunne favorisere norske bedrifter på denne måten – ma EØS-avtalen forpliktar oss til å legge slike oppdrag ut på anbod i heile EØS-området, noko som for eks førde til at spanske verft fekk bygge nye fregattar til den norske marinen for ti år sidan. Eg fann derfor grunn til å stille desse konkrete spørsmåla til UD:

«Vil UD kunne svare på om denne situasjonen no har endra seg, slik at den norske regjeringa no kan favorisere norsk næringsliv på denne måten?

Norge er i tillegg i sluttfasen i forhandlingane om TiSA-avtalen som også vil legge stramme rammer for denne delen av politikken dersom den blir vedteken. Det er nok å nemne prinsippet om «national treatment» som ligg i forslaget til denne avtalen.

Vil UD kunne garantere at ein TiSA-avtalen ikkje vil hindre ei norsk regjering i framtida i å gi slik støtte til norsk næringsliv, som regjeringa no har gått ut med når det gjeld verftsnæringa?»

Når det altså ser ut til at UD ikkje vil svare på såpass enkle, men svært alvorlege spørsmål, då styrkar det mistanken om at statministeren her sankar stemmer på sviktande grunnlag.

UD bør innsjå at dette er så alvorleg at departementet offentleg bør avklare dette forholdet.

------Ein purre-epost til UD om dette er sendt med kopi til utenrikskomitemedlemer frå alle parti.

Mer fra: Debatt