Kultur

TiSA sett frå USA

Den amerikanske senatoren Elizabeth Warren seier her at finansnæringa gjennom TiSA prøver å få til ting i det stille gjennom handelsavtalar, som det elles ville vere uråd å få til "med lysa på" og med folk vitne til det...

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Den norske regjeringa prøver å framstille det faktum at Norge er med på forhandlingar utanfor WTO om ein vidtrekkande frihandelsavtale for tenester, TISA, som så kurant, at det ikkje ein gong er grunn til å orientere Stortinget skikkeleg om kva som faktisk "er i potten".

http://www.ei-ie.org/en/news/news_details/2615 refererer mellom anna dette:

According to U.S. Democratic Senator Elizabeth Warren, there are "growing murmurs" about the financial industry's efforts to "do quietly through trade agreements what they can't get done in public view with the lights on and people watching."

Meanwhile, WTO members not participating in the TISA talks have criticized the initiative as undermining the multilateral approach of the WTO. Brazil, China, and India have been vocal opponents of TISA.

TISA-forhandlingane blir altså sett på som øydeleggande for den "multilaterale tilnærminga i WTO". Utenriksminister Brende understreka nyleg igjen kor viktig det multilaterale rammeverket i WTO er for "eit lite land som Norge"... Og altså likevel..!

TiSA er eit skremande udemokratisk verkty for irreversibel liberalisering, på lik linje med TTIP-avtalen som det blir forhandla om parallelt mellom EU og USA.

Er det ingen som kan hjelpe til med å få fram i lyset det denne Trade in Services Agreement faktisk vil innebere for norsk arbeidsliv?? Det som er å finne på utanlandske linkar er i alle fall skremande. Start gjerne med http://ttippen.se

Mer fra: Kultur