Debatt

TiSA-galskapen. Kortversjonen

Avtalen som drep jobbar og som truar demokratiet

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Tilhengarane av TiSA, Trade in Services Agreement, får stort sett uforstyrra halde fram med forhandlingane (i ly av ein viss debatt om TTIP). Den første helga i juni var for eks utenriksminister Børge Brende i Paris, mellom anna på eit TiSA-møte.

Det er uforståeleg at eit fleirtal på Stortinget ikkje forlengst har sendt Norge ut av  forhandlingane om denne avtalen. Rett nok er slike avtalar kompliserte på detaljnivå, men hovedprinsippa bak avtalen er skrikande tydelege, og bør skrema alle som ikkje er heilfrelste ultraliberalister. Det bør vere nok å nemne to punkt.

1. Avtalen vil drepe jobbar.

Tilhengarane av TiSA i EU (for handelskommisær Karel de Gucht) seier at poenget med TiSA er at bedriftene i EU vil kunne “erobre marknader” utanfor EU. Det same argumentet har amerikanske og canadiske TiSA-tilhengarar kome med. Dei meiner at deira bedrifter er så konkurransedyktige at dette vil skje.

Dette betyr, elementært nok, at folk mister jobbane sine i dei bedriftene som blir utkonkurrerte.

Tilhengarane prøver å bagatellisere dette med å hevde at det er snakk om “job displacements”, at folk “berre” må flytte og få seg ny jobb i bedrifter som er konkurransedyktige nok til å dra nytte av TiSA. Dette er det dessverre god grunn til å tvile på. Når det gjeld TTIP, ein avtalwe med tilsvarande effekt som TiSA, der denne “job displacement- effekten“ er anslått til å gjelde rundt ein million arbeidstakarar, så kjem det fram av  analyser at det er forståeleg uro "legitimate concerns) knytta til om desse vil finne ny sysselsetting. (gjort av CEPR, Center for Economic Policies Research i London (eit forskningssenter som også EU-kommisjonen brukar).

Det viser seg også at den påståtte vekstimpulsen som desse avtalane skulle gi, og dermed på den måten stimulere sysselsettinga, er så liten (estimatet nedjustert til mindre enn ein procent?) at den framstår som latterleg.

Det er ekstra underleg at Arbeiderpartiet på sine nettsider, likevel held fram med å påstå at TiSA vil vere bra for sysselsettinga i Norge.

2. TiSA truar demokratiet.

Dei som kjenner litt til debatten rundt desse avtalane, vil ha registrert at det har vore ein god del bråk knytta til tvisteløysingsordninga ISDS i slik avtalar. Dette er ei ordning som gir enkeltkonsern rett til å saksøke land direkte, i utenomrettslege tribunal, dersom konserna er misfornøgde med politiske vedtak som blir fatta. ISDS er eit heitt stridstema særleg i TTIP, som EU og USA forhandlar om. Tilhengarane av TiSA hevdar at denne kritikken ikkje kan rettast mot den avtalen, fordi ein rein investor-stat tvisteløysingsordning visstnok ikkje er aktuell for TiSA.

I den samanheng er det viktig å vere klar over at dei utanlandske konserna likevel ser ut til å få ein “reidskap” dei kan bruke til like effektivt å terrorisere politiske styresmakter. Det gjeld eit framlegg om innsynsrett, Transparency Annexe, som vil gi utanlandske bedrifter rett til svært tidleg innsyn i planar om politiske vedtak (lov- og regelendringar) som kan påvirke desse bedriftene sin forventa profitt. Dette vil gi utanlandske bedrifter høve til å påvirke den politiske prosessen og hindre tiltak dei mislikar, på ein heilt utruleg måte.

Når slike store konsern, som frikoplar seg frå alt samfunnsansvar, og berre maksimerer avkastinga for sine ansiktslause eigarar, på denne måten vil få blande seg inn i den politiske prosessen til folkevalde styresmakter, då bør rikeleg med alarmklokker ringe. Og eit nei til TiSA burde vere innlysande.

Mer fra: Debatt