”Tilgi dem ikke; de vet hva de gjør?”

Selvaag Bolig og OBOS hamrar systematisk inn påstanden om at hensynet til rullestolbrukarar medfører at unge ikkje kjem inn på boligmarknaden i Oslo. Ein gamal markedsførings-ringrev som meg kjenner lukta av PR-byråa sitt arbeid på lang avstand.

Påstanden om at det er hensynet til rullestolbrukarane som medfører at unge mennesker ikkje kjem inn på boligmarknaden i Oslo er ikkje ny. Systematisk har bl.a. Selvaag Bolig og OBOS hamra dette inn dei siste åra – så systematisk at ein gamal markedsførings-ringrev som meg kjenner lukta av PR-byråa sitt metodiske arbeid på lang avstand.Strategien ser ut til å vere klar:

1)”Formuler problemet på ein tydeleg (les; forenkla) måte, slik at alle forstår budskapet og lett kan vere einige. Det er viktig å unngå detaljer som kompliserer og gir motforestillingar.” Derfor hører vi sjelden om at radonsikring, miljøkrav, brannsikringskrav, krav til fleire stikkontakter osv. er ein stor del av kostnadsbildet.

2)”Reduser verdien av motforestillingar.” Derfor omtaler Selvaag sine kalkyler på plassbehov for å få snusirkel for rullestol som ein vedtatt sannheit, medan kalkylene frå SINTEF Byggforsk, uavhengige arkitektar og andre store utbyggarar er ”skrivebordsøvelser”.

3)”Skap ei ”offergruppe” det er lett å identifisere seg med.”Alle har vore/er/vil bli unge på jakt etter bolig. Å bry seg om ei så brei ”offergruppe” gis sympati i store grupper.

4)”Bygg alliansar med andre som vil hjelpe ”offergruppa”.”Derfor mobiliserer dei politiske ungdomsurganisasjonene på høgresida og i sentrum i flokk for å avskaffe krav til universell utforming av boliger under 70 kvadratmeter.

5)”Lag ei gruppe ”skyldige” som få identifiserer seg med og som ikkje har for stor gjennomslagskraft.”Derfor er det rullestolbrukar som er” fienden” og ikkje for eksempel miljøbevegelsen.

6)”Konstruer eit bilde av oppdragsgivar som skjuler at målet er høgare lønnsomheit.” Derfor avviser direktøren i Selvaag kategorisk at årsaka til det store engasjementet er risikoen for redusert inntjening. Men gløym aldri at dei store utbyggarane ikkje er sosialkontor. Dei er i markedet for å tjene pengar, det er fullt ut legitimt, men det er ikkje redeleg å late som om årsaka er ei anna.

Kvifor tar eg opp denne saka no, når vi har møtt denne motstanden i fleire år?

Fordi eg ser utbyggarane dra sine ”sannheiter” lenger: For to år sidan sa Selvaag at leilegheiter som før kunne byggast på 29 kvadratmeter, no måtte vere på 36 kvadratmeter. Uavhengige arkitektfirma sa at 31,6 kvadratmeter var nok. I TV2 sitt nye program ”Harde fakta” hevdar adm. dir. i Selvaag Bolig, Baard Schumann, at det ikkje lenger er vits å bygge under 45 kvadratmeter – med andre ord meiner han at arealet må aukast med 50 prosent! Ein rullestol virkar kanskje stor og skremmande, men så stor at leilegheita må utvidast med 16 kvadratmeter er den ikkje! I same fora uttaler han også at dette er årsaka til at brukte leilegheiter stig i pris. Vi andre veit at brukte leilegheiter hadde solide årlege prisauker lenge før krava til universell utforming av nye boligar kom.

Fordi eg ser at ”Selvaag & co” sin ”sannheit” om at ”det er rullestoltilpasning som gir prisøkning” er i ferd med å feste seg i eit breiare lag av folket. Når leiarenskribenten i Dagens Næringsliv (DN) meiner det hadde vore betre å skaffe bærarar til rullestolbrukande studentar, har eg ingen illusjon om at han er aleine om det synet i avisa. Snarare trur eg at det er blitt ei holdning det er heilt legitimt å ha i både DN og andre stader.

Fordi eg er redd for kva desse holdningane gjer med dei generelle holdningane til rullestolbrukarar og andre funksjonshemma. Eg ser forakten og ”hatet” mot rullestolbrukarane bre seg - spesielt i nettfora.

Kan vi kreve at folk tenker på konsekvensen av sine uttalelsar? Kan vi kreve at Selvaag og OBOS har vurdert dette når dei utpeikar rullestolbrukarane som syndebukkar? Ja, det kan vi. Begge selskap har solide og gode etiske retningslinjer – eg trur ikkje dei er ukjende for nokon av direktørane – eller er retningslinjene kanskje berre skrivebordsøvelsar?

Eg trur det beste om andre mennesker. Eg trur direktørane i Selvaag og OBOS og deira medspelarar er intelligente nok til at dei veit kva dei gjer.Derfor er det også grunn til å gjere Arnulf Øverlands ord frå ”Du må ikke sove” til våre: ”Tilgi dem ikke; de vet hva de gjør!”

Bakgrunn
Ny forskrift om tekniske krav til byggverk trådde i kraft 1.7.2010. Forskriften krever at bad som bygges skal ha et minimum friareal på 1,5 meter i diameter slik at det blant annet skal være mulig å snu en rullestol inne på badet. Dette resulterte en massiv og pågående mediestorm, med en del av de store boligutbyggerne i spissen. De påstår at kravet ville øke prisen på små leiligheter med mange hundre tusen kroner. Deres kostnadsoverslag er tilbakevist av Norges Handikapforbund, SINTEF Byggforsk og andre uavhengige aktører.