Debatt

Ta deg ei KRAFTig lykkepille Hongset!

Hongset er krass i replikken sin i diverse aviser mot det som eg har skrive om utanlandskablar. Her brukar han metaforar frå medisinen til å skildra overdoseringa av utanlandskablar, og at både natur og industri nærmar seg likhuset. Hongset skriv at «kabeldoseringa» skulle stoppa i 1993. Alle kablar bygde etter det er «kabeloverdose» meiner oljemannen. Javel! Den siste utanlandskabelen blei sett i drift 2014, og året etter fekk vi ein av dei lågaste straumprisane dei seinare åra (faktisk.no).

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Oljemannen Hongset skriv i ein replikk til meg om kva han meiner fleire utanlandskablar fører til: «Dette fører til dramatisk økt effektkjøring i kraftverkene våre. Det gir fiskedød og svært negative konsekvenser for alt liv og artsmangfold i vassdragsnaturen».  Han er også uroa på vegne av industrien.  Heldigvis let kabelangsten hans seg lett kurera med fakta om oljemannen er klar for den type medisin.

Den 23.feb. 2018 skreiv seniorforskar i Sintef-miljøet, Atle Harby, (Ein av landet sine fremste forskarar på området) om dette i Dagens Næringsliv. Overskrifta er «Grunnløs kabelfrykt» I ingressen står det «Nye kabler til utlandet vil hverken ødelegge norsk natur eller gi oss dyrere strøm, på tross av påstander om det motsatte.» Altså det stikk motsatte av det oljemannen Hongset hevdar. Meiner oljemannen Hongset at kanskje den fremste forskaren me har på dette emnet tar grundig feil? Atle Harby vedgår at effektkøyring med utløp i elv skadar miljøet, men han skriv at uavhengig av kor mange utanlandskablar vi får, blir det ikkje naudsynt å nytta kraftverk med utløp i elv til effektkøyring. Harby skriv at effektkøyring over nye utanlandskablar vil bli gjort av kraftverk som har utløp i innsjøar, magasin eller i sjø.

Utanlandskablane kan gi Noreg (deg og meg, jf «Velferdsmafiaen») store inntekter ved å senda ut balansekraft når vindmøllene ikkje produserer i Europa, og importera billig kraft (i beste fall nesten gratis) når vinden bles over Europa. Dette vil, når det er kome mykje meir fornybar kraft som sol og vind, føra til lågare prisar på kraft.

Det er ikkje slik at Noreg åleina kan vedta kabeldoseringa. Vi er ein del av ein nordisk kraftmarknad, og gjett kva danskane planlegg? Dei bygg kabel til Nederland, og har vedteke å byggja ein til England. Dei vil styrka kabelen til Tyskland i tillegg byggja ein til. Til Polen vil dei også byggja kabel. Det at dette kabelmaniske grannelandet vårt i sør overdoserar kabelbygginga kan føra til danskane skummar fløyten av norsk vasskraft, om ikkje vi byggjer direktesamband mot td. Skottland

Oljemannen Hongset er uroa over høge kraftprisar, industridaude og storstilt utbygging av vind. Er det ikkje slik, Hongset, at mykje av den kraftkrevjande industrien i Noreg har gjort langsiktige, svært konkuransedyktige kraftprisavtalar med vindkraftutbyggjarar? Eg vil be deg lesa ein kronikk som Marius Holm i ZERO og Stein Lier Hansen i Norsk Industri hadde på trykk i VG den 18.02. 2019. Her skriv dei bl.a: «Aluminiumsprodusentene Hydro og Alcoa har tilpasset seg markedsutviklingen ved å inngå langsiktige kontrakter om kjøp av vindkraft i Norge. Det gir sikkerhet for begge parter og kontraktene bidrar til utbygging av ny fornybar kraft.»

Eg vil og oppfordra oljemannen Hongset til lesa seg meir opp om kva som påverkar straumprisen. Her kan Hongset bruka bl.a. faktisk.no til sårt trengt kunnskapsinnhenting.

Som eg har skrive tidlegare så er nok industrien sjølv mykje meir opptimistisk enn oljemannen Hongset. Kvifor investerar amerikanarane, franskmennene og kinesarane i kraftkrevjande industri i Noreg dersom industrien er dauden nær. Det er vel mykje anna dei kan bruka pengane på?

At norsk natur og industri snart ligg på sotteseng på grunn av utanlandskablar er med andre ord ikkje ein diagnose som passar her heime i Noreg. Kanskje du også skulle ta deg ei kraftindustriell lykkepille mot kabelangsten, Hongset?

Lars Emil Berge

Styreleiar i Småkraftforeninga

Mer fra: Debatt