Debatt

Ta ansvar for havet

Jonas Gahr Støre har uttalt at dersom Ap vinn valet i 2017 vil han bli «havets statsminister», med utgangspunkt i at havets ressursar også i framtida skal vera ei viktig berebjelke for Noreg. Eit grunnleggjande vilkår for dette er å ta ansvar for å sikre eit friskt og artsrikt hav i framtida.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Innlegget er skrevet i samarbeid med Mads Løkeland i Naturvernforbundets gruveutvalg.

Utan «god helse» for havet er det eit luftslott å tru at havet kan halda fram med å vera ei berebjelke i norsk økonomi. Forskar Stein Erik Sørstrøm i Sintef uttrykte det i vår slik: «Vi svikter havet», og hadde ein pessimistisk konklusjon: «Med tilsvarende tempo som på klimaområdet, kan vi forvente effektive, verdensomspennende tiltak mot havforurensning tidligst en gang mellom 2030 og 2050.»

Det er her Noreg, som ein havnasjon, må ta leiaransvar og det er her «havets statsminister» må gå i spissen for tiltak som kan sikre eit friskt og artsrikt hav. Plastpartiklar i havet, også frå norske område, er eit alvorleg problem som krev tiltak, og det er bra med oppreinsking i gamle syndar langs kysten, men det trengst ein brei norsk handlingsplan for tiltak mot all pågåande forureininga av hav og fjordar, og ta dette arbeidet vidare inn i internasjonale fora.

I dag er det likevel vanskeleg for Noreg å ta ei reell internasjonal leiarrolle mot havforureining, for det vekker internasjonal oppsikt at Noreg dumpar enorme mengder gruveavfall i fjordane. Det er i dag berre Noreg, Chile, Tyrkia, Indonesia og Papua New Guinea som held fram med denne ekstremt billige og miljøskadelege forma for å kvitte seg med gruveavfall, oftast blanda med kjemikaliar, og ofte med giftig tungmetall. I tillegg til dei 6 fjordane der det allereie blir dumpa gruveavfall i Noreg, er det gjeve løyve til dumping av 250 mill tonn i Førdefjorden og 30 mill tonn i Repparfjorden.

Stans i dumping av gruveavfall i havet vil vera eitt av fleire viktige steg i arbeidet for fungerande internasjonale tiltak mot havforureining, og her kan Noreg spela ei viktig rolle, ved å stanse dumpinga av gruveavfall i norske fjordar. Noreg vil aldri bli oppfatta som truverdig i spørsmål om forureining av havet så lenge gruvedumpinga i norske fjordar held fram.

Vi må snarast få avklart om ei ny regjering frå Arbeidarpartiet vil ta tiltak for å stanse den norske dumpinga av gruveavfall i norske fjordar. Berre då kan Gahr Støre oppfylle lovnaden sin om å bli ein reell og truverdig «havets statsminister» etter 2017.

Mer fra: Debatt