Debatt

Svart fredag - lys framtid

Fredagen var svart, men framtida er grøn. I helga fekk eg tilbake håpet og trua på menneskeheten. Eg skal fortelle kvifor.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Foto: Ulf Myrvold/NRK

Ei framtid der sola skin
Det føles episk å handle etisk og å fikse ting. Derfor prøvar eg å framkalle denne følelsen så ofte som mulig. I går henta eg for eksempel yndlingsbuksa mi hos skreddaren som hadde fått sydd sammen det trøblete underlivet. Det føles godt. Underlivet er i orden - og buksa er god som ny! Så til håpet og menneskeheten forøvreg. På fredag fekk eg skvisa inn eit frokostmøte på Nationalteateret, eit alternativ til svart fredag og med eit innhald som sørga for ein deilig miks av vitenskap, poesi og teater. Ikkje nok med det; klimapsykologen og forskaren Per Espen Stoknes blir politikar! Han holdt eit glødande innlegg som ga djup meining for meg. Det handla blant anna om potensialet som ligg i det grøne skiftet, at vi må fortelle ei historie om skiftet som engasjerar og ikkje moraliserar - og at vi kan fokusere på det positive utan å bli blinde for alt det trøblete. Han snakka om "ei framtid der sola skin", med parallellar til enorm vekst i solenergi - men denne historia skal sjølvsagt ha fleire dimensjonar. Eg er så enig. Det handlar ikkje om moderne kvalmande positiv psykologi, men å fokusere på det konstruktive. 

Svart fredag - lys framtid
Den svarte fredagen var heilsvart i år. Folk på enkelte kjøpesenter rundt omkring i verda slåss og trampa kvarandre ned i kampen om ny tv eller telefon. Samtidig vart samtlege sjukehus i Syrias Aleppo bomba. Eg måtte grine - slik ekte menn gjer, før eg begynte å tenke på og prate med andre om solskinnshistoria som Stoknes snakka om tidlegare på dagen. Vi må halde fast ved alle dei sterke gode kreftene som er i sving. Ei grøn bevisstheit veks stadig fram i verda. Fleire innser dimensjonane av miljøproblema og har lyst til å gjere noko med det. I tillegg lev færre i ekstrem fattigdom, fornybar energi er i enorm vekst og skapar mange arbeidsplassar, solidariteten og godhetstyranniet mobilisera, osv osv. Som ein konsekvens av omstilling, flyktningkrise og klimakrise blir kreftene i motstridande syn og leirar sterkare. Frykt, usikkerhet og hat er følelsar vi må ta på alvor. Desse motstridande kreftene og følelsane betyr ikkje at dei vinn, men det er følelsar som bevegar seg i store delar av befolkningsmassa nasjonalt og internasjonalt. Fornuft, medmenneskelighet, solidaritet og altruisme (å bry seg om andre si velferd som eit mål i seg sjølv) har ein tendens til å vinne - historisk sett.  For at framtida skal bli lys må vi søke dialog. Vi må ta dei ubehagelige samtalene og vi bør, som Hadia Tajik skreiv nyleg, heller stille spørsmål enn å forsøke å belære andre.
Kommentarfeltet - kan sola få skinne også der?
I ei tid der sosiale mediar meir eller mindre bar Donald Trump fram på gullstol til presidentvervet, kan vi ikkje undervurdere verdien av å både bruke sosiale mediar aktivt på kreative måtar og å delta i kommentarfelta til meiningsmotstandaren. Eg går nokre gongar i fella og går rett i konfrontasjon, i staden for å vere nysgjerrig på kva den andre meinar eller føler. Nokre gongar verkar det håplaust. Likevel; alt ein diskuterar jobbar i underbevisstheita. Mange les og deltek i kommentarfelta og som innbyggarar meinar eg at vi har eit ansvar når vi ser verdiar på villspor. Delta eller godta. Still spørsmål, utfordre, prøv å skap ein dialog og del kunnskap, så langt det er mulig. Eg har både gode og mindre gode erfaringar med dette. Plutseleg kan du få støtte frå uventa hald. Å "vinne" internett" er ein viktig del av kampen for å skape ei lysare framtid.
No skin sola
I det eg avrundar skin sola inn vindauget no. Ein svart fredag kan bli til ei lys helg. Men kampen for godhet, medmenneskelighet, og fortellinga om ei framtid der sola skin - er såvidt i gong. Eg tek forøvreg ikkje det med "ei framtid der sola skin" bokstaveleg. Eg kjem trass alt frå vestlandet.

Mer fra: Debatt