Superborgaren

Folk blir ikkje fødde som gode borgarar. Og for at borgarar skal respektere lovene, må vi sørge for at det er tilstrekkelig samsvar mellom lovene, moralen og kulturen i samfunnet vårt. Er det ikkje det, vil tilliten i samfunnet forsvinne.

Alt som er lovleg treng ikkje å vere moralsk eller kulturelt akseptert. Men alvorlege problem oppstår når det er moralsk og kulturelt akseptert å bryte lovene, eller når lovene openbart er umoralske. Tanken er enkel, tilsynelatande altfor enkel. Men det interessante er at den systematisk vart prøvd ut i det som vart kalla «verdas farligaste by», med forbløffande resultat. I verdas tryggaste land har vi noko viktig å lære om det å renovere borgarrolla.

Mannen som formulerer den enkle politiske filosofien er mannen som tapte presidentvalet i Colombia i fjor. Han er kjend som den første uavhengige borgarmeisteren i Bogotá. Men også for å ha mista jobben som rektor ved Universidad Nacional de Colombia – etter å ha vist rumpa til eit fullsett auditorium. Som borgarmeister tok Antanas Mockus i bruk metodar som vi helst vil sleppe å sjå Fabian Stang etterlikne: Han dusja med kona på nasjonalt fjernsyn for å oppmode folk til å spare på vatnet. Iført tettsittande kondomdrakt og raud kappe sprang han rundt som superborgar og plukka søppel frå gatene. Eit av dei første tiltaka hans var å gje heile trafikkpolitiet sparken. Pantomimeartistar fekk jobben i staden.

Han vart omtala både som ein klovn og som ein ekstremt strategisk politikar som utnytta medias makt. Men heile tida arbeidde Mockus etter ideen om å skape eit betre samsvar mellom dei juridiske, moralske og kulturelle normene. Ideane hadde han utvikla gjennom år med undervisning i alternativ konflikthandtering og politisk filosofi. Tiltaka hans hadde ofte ein humoristisk vri. Men filosofien bak var absolutt alvor. Med 80 drap per 100.000 innbyggar per år (i Norge har vi 0,64 og verdsgjennomsnittet er på 7,7), ekstrem politikarforakt og korrupsjon, kunne ikkje Mockus tillate seg å tulle.

Trafikkpolitiet var gjennomkorrupt og underminerte tilliten til lovene. Men ideen med å sette inn pantomimeartistar i staden var ikkje berre sirkus. På ein ufarleg og oppsiktsvekkande måte kunne desse artistane minne borgarane om poenget med trafikklovene, om dei menneskelege lidingane og kostnadane ved ikkje å følge trafikklovene. Dette kan ikkje ei bot kommunisere.

Mockus spør: Kva er det som først og fremst styrer dine handlingar? Lovene, moralen din eller kulturen? Er det frykt eller respekt som motiverer deg? Vi har ein tendens, meiner Mockus, til å meine at andre borgarar først og fremst er lovlydige av frykt for straff, medan vi vektlegg meir positive motivasjonar for eigne handlingar. Men kynisme i forhold til andre sine motivasjonar blir lett ein sjølvoppfyllande profeti. Ein politikk som primært er basert på å skape frykt for straff vil ikkje motivere borgarar. USA får ikkje betre borgarar av å ha dødsstraff, eller ved at 715 personar per 100.000 innbyggjarar til ei kvar tid sit i fengsel. J.L. Borges seier at ein må vere forsiktig når ein vel fiender, for veldig ofte blir ein veldig lik dei. Ein kan ikkje først prioritere straff for å oppnå sikkerheit, og vente med å styrke borgarane sine andre former for motivasjon. Ein må inspirere til konstitusjonell patriotisme, beundring for lova heilt frå byrjinga. Vi må styrke borgarane sitt ønske om moralsk god samvittigheit og legge til rette for at dette er noko som gir kulturell anerkjenning, seier Mockus.

Om du ikkje vil ha store fengsel må du tillate stor skam, meiner Mockus. Vi må medvite spele på borgarane sin moralske skuldkjensle og sette opp kulturelle skambarrierar. Først og fremst må vi aktivt konstruere tabu mot å ta liv. I Bogota kan du framleis sjå kvite, malte stjerner på asfalten. Dei markerer stadane der fotgjengarar har blitt drepne av bilistar. Dei er ikkje måla for å åtvare fotgjengarar, dei er måla for at bilførarar skal kjenne skam. Eit anna tiltak Mockus såg som nødvendig var å forenkle lovene og systema. Det må vere mulig for borgarane å sjå kvifor dei enkelte lovene er viktige og moralsk relevante, ifølge Mockus.

Mange av tiltaka virka. Frå 1995 til 2003 gjennomførte Mockus og etterfølgaren Enrique Peñalosa ei rekkje reformar som endra Bogota radikalt. Perioden såg mellom anna ein nedgang i drapsraten på over 70 prosent, talet på drepne i trafikken gikk ned med over 50 prosent.
I ein norsk kontekst er det noko framand, noko illiberalt, i måten Mockus formulerer seg på: «Vi må skape gode borgarar», «vi må sette opp kulturelle skambarrierar». Men Mockus’ bevisste fokus på borgarrolla har relevans også her.

I Noreg er vi opptekne av menneskerettane. Men kva med borgarpliktene? På dette punktet synest det å vere ei sterk frykt for moralisme og paternalisme. For kva er eigentleg igjen av borgaridealet for «brukarar av offentlege tenester»? Det å vere ein borgar har nærast blitt ei privatsak. Om ein stemmer, kva ein stemmer, og om ein i det heile engasjerer seg i politikken, blir av mange sett som eit personlig val som ingen skal kunne stille spørsmål ved. Kven tør å stille krav til den jamne borgar som borgar i Norge? Kven er frekke nok til å be oss om å vere betre borgarar? Kven er paternalistisk nok til å seie noko om kva det vil seie å vere ein god borgar?

Respekt for lovene og tillit til systema krev at borgarane kan sjå deira rasjonelle og moralske autoritet. Politikarar må difor kunne snakke eit politisk-moralsk språk i tillegg til det administrative. Vi bør dyrke ein kultur der vi kan vere stolte av konstitusjonen og lovene våre, der det å vere ein lovlydig og politisk aktiv borgar er noko som blir sett som viktig.

I arbeidet med å renovere og oppgradere borgarrolla har desse enkle ideane frå Mockus ikkje mindre relevans i verdas tryggaste land enn i det som ein gong var verdas farligaste by.

Et portrett av Antanas Mockus står på trykk i siste nummer av Nytt Norsk Tidsskrift