Stortingsvalets kvaler

Om ein tek utgangspunkt i utdanningspolitikk er det eit lite knippe med parti som blinkar seg ut som openberre kandidatar. Andre ikkje.

Venstre var ein gong eit liberalt og flott parti, som la vekt på individet på ein måte som gjekk ut over dei meir sosialdarwinistiske og konsumorienterte måtane vi ser på store delar av høgresida. Ustadig oppførsel og arroganse gjer likevel at dei ikkje er det logiske val for meg. Eg kunne stemt på det partiet dei ein gong var, men ikkje det dei er. Dei er ein direkte trussel mot trepartssamarbeidet, som er kanskje den mest systematiske og skikkelege garantisten vi har for at det som skjer mellom vala har ein demokratisk nerve og kvalitet. Fagrørsla er stemma til profesjonen sjølv, og om Venstre vil ha reell påverknad, må dei ta til å snakke med dei profesjonelle. Her har dei alt å lære.

AP har blitt partiet som er seg sjølv nok uansett kor dei hamnar på partibarometera. På høgresida ser vi at kven som helst går til sengs med kven som helst for å konsolidere posisjonar. Krf har verkeleg vist seg som partiet som er gode på akrobatikk i halmen, sjølv om gode Hareide no viser takter til å vende tilbake til meir verdige former for partiseksuelt samkvem. I alle fall er AP so ideologisk pripne at dei avviser kategorisk samarbeid med Rødt, noko som er heilt absurd. Om det er  noko AP treng for å vise at dei ikkje er eit høgreparti med anna logo, so er det å orientere seg mot partia på venstresida som er meir solidarisk orienterte. Å avvise sånt med å vise til ei setning ideologi viser at det er viktigare å vere seg sjølv nok enn å lage eit meir rettvist samfunn.

SP er dei lumske galningane i Felleskjøpet-caps, som vil ha sjølvberging, ser på fellesmarkedet som antikrist og vil utradere ulven for ein kvar pris, slik at overdomestiserte ullklumpar kan vase rundt i utmarka utan å frykte for liv og helse. Når ein tenker på kor mykje kunstgjødsel dei har tilgang på, er det i eit sprengstoffperspektiv viktig å ikkje seie for mykje stygt om dei. Dei har vist seg å ha ei god tiltru til lærarane og ei sunn mistru til makta i Oslo. Eit større SP kan vere det einaste interessante som kjem ut av valet.

Krf har ein god utdanningspolitikk. Dei stoler på lærarane og veit verdien av gode oppvekstvilkår, heilt sidan Bondevik kom med «barnefamiiililian». Ei stemme til Krf er ei stemme til både lærarar og elevar. Her er det mange vetuge folk som har skjøna kompleksiteten i skulen, og som markerar seg betre og betre mot dei meir ukristelege kreftene med kristussmykke.

Rødt er «up and coming», og ei røyst dit er ei god røyst for barn og unge. Både på barnehage og skule viser dei at dei kan mykje, og der dei er svake, viser dei vilje til å lytte og lære. Dette er eit av partia som veit at korleis du har det avgjer korleis du gjer det. Representasjonen av Rødt-veljarar i omsorgsyrke viser at dette er folk som meiner alvor med å gjere noko for fellesskapet.

SV er det godhjarta partiet med pengemaskin. Om dei hadde hatt all makt i himmel og på jord, hadde vi snart gått konkurs. Dei frontar dyre idear i fleng, og viser igjen og igjen at dei ikkje eig en strategisk nerve i kroppen. Kutter dei ut dette snakket om heildagsskule, vil det vere eit første steg mot auka skulefornuft. Partiet har fått mykje ufortent pes for ein koseskule vi aldri hadde. Ein «koseskule» som leverte om lag dei same PISA-skårane som vi har i dag. Partiet har respekt for kunnskap, noko som representasjonen av SV-folk både i skule og akademia viser. Ei stemme til Rødt eller SV er uansett ei stemme til parti som gjev AP korreks der dei er slappe i diksjonen og for blå i politikken.

Med unntak av Venstre, har eg tru på at alle dei andre partia eg har nemnt, står for ein betre skulepolitikk enn det vi har i dag. Vi treng auka tillit til profesjonen. Vi treng meir formålsstyring og mindre målstyring. Vi treng ein variert skuledag der heile kroppen får engasjert seg. Vi treng det som Inge Eidsvåg etterlyste, NOU-en som aldri kom: «Læreren sin arbeidsglede». Gjennom at vi verkeleg får bruke av oss sjølv i fagleg og sosial interaksjon med eleven og kvarandre vil vere med på å gjenreise ein skule som i jakta på høgare skår har blitt meir og meir kjedeleg for lærarar, elever, leiarar og foreldre.

Det er andre parti eg ikkje har nemnt. Det er berre fordi eg ikkje skal banne eller hisse meg opp i dag.