Statleg planlegging av økonomien

Professor i økonomisk historie ved UiO Einar Lie har nyleg kritisert Innovasjon Norge kraftig for ikkje å ta «fortidens dyrekjøpte erfaringer med i betraktning». Han meiner at den statlege planlegginga av norsk økonomi i 1960- og 1970-åra var svært mislykka.

For ein som tok økonomieksamen ved UiO hausten 1963 og etter det arbeidde med Gerhardsen-regjeringa sitt langtidsprogram 1966–1969, er denne attesten overraskande.

Verktøy og metode for planlegging av norsk økonomi var utvikla i nært samarbeid med økonomi-lærarane på UiO, m.a. to nobelpris-vinnarar (Frisch og Haavelmo).

Den økonomiske veksten var sterk i 1960- og 1970-åra. Svært høg sysselsetting blei nådd, folketrygda etablert, vasskraft utbygd i stor stil og staten tok styringa med leiting og produksjon av olje/gass.

OECD-rapportane om norsk økonomisk politikk og utvikling var uvanleg positive i denne perioden. Til og med amerikanske styresmakter rosa planlegging og styring av økonomien vår.

Men Einar Lie veit betre. Statleg planlegging frå denne perioden var skadeleg, og han er tydeleg glad for at det er slutt på slikt. At ein med handfast planlegging og styring kanskje kunne sikra privat næringsliv lånekapital som nå går til bustadinvestering, har nok lite å seie for professoren.

Også at det for tida er ei farleg privat gjeldsboble under utvikling. At t.d. Statoil kan sløse bort store summar av felles verdiar på canadisk oljegrus, er vel heller ikkje problematisk for han.

I fleire tiår etter krigen var økonomi-professorane ved UiO viktige premissleverandørar for debatten om økonomisk politikk i landet.

I våre dagar vender media seg gjerne til bankøkonomar for å få kommentert aktuelle samfunnsøkonomiske spørsmål. Er det professorale elfenbeinstårnet blitt for høgt?