Staten og kapitalen, avdeling Vietnam

Kronprinsparet er denne veka i Vietnam saman med ein stor næringslivsdelegasjon for "å selje Norge til Vietnam". Kva må Norge godta til gjengjeld?

Det norske besøket gir plutselig litt rampelys til Vietnam her til lands. Vi som har følgt landet ei stund synast det er fullt fortent. Få stader i verda har så store omveltingar skjedd dei siste tiåra, i alle fall om ein ser bort frå Vietnam sine medkommunistar – men erkefiendar – i Kina.

Norske selskap har lenge vore på plass i Vietnam, og skal no i samarbeid med Innovasjon Norge satse sterkare i landet. Dette er nok på mange måtar eit klokt val. Men det gir samtidig store utfordringar for norske etikkprinsipp i utanlandske investeringar, særleg med tanke på korrupsjonen som gjennomsyrar all politisk og økonomisk aktivitet i landet.

Ut av fattigdom, inn i varmen

Så seint som på byrjinga av 1990-talet var Vietnam rekna som eit av dei fattigaste landa i verda. Franske (og for ei kort stund japanske) kolonistar og amerikanske imperialistar la grunnlaget for det, medan ein fullstendig feilslått planøkonomi ikkje akkurat hjelpte på situasjonen. I tillegg blokkerte USA handel med landet fram til midten på 90-talet. Sidan det har Vietnam blitt tatt inn i den internasjonale varmen og hatt ei forrykande utvikling.

Kvifor var plutseleg Vietnam ein legitim handelspartnar, trass i at kommunistpartiet var like eineveldig og knallhardt som før? Svaret er fyrst og fremst økonomisk. Sanninga er at dei såkalla kommunistane har blitt dyktige kapitalistar. Med sin stadig meir opne økonomi kan Vietnam tilby billige råvarer, billig og dyktig arbeidskraft, samt ein potensielt særs stor heimemarknad. Med sine vel 90 millionar innbyggjar er Vietnam det tolvte mest folkerike landet i verda. Med slike freistingar på bordet kan ein plutselig tåle autoritære styringsformer, fullstendig manglande ytringsfridom og eit særs høgt korrupsjonsnivå. I tillegg er sjølvsagt Vietnam no ein strategisk partnar på grensa til eit Kina som veks seg stadig sterkare.

Det er interessant at Vietnam har blitt framheva som ei utviklingssuksesshistorie av sjølvaste Verdsbanken. Ikkje verst berre det av ein sjølverklært sosialistisk stat. Og ikkje verst med tanke på at Vietnam ikkje akkurat er kjend for å følgje anbefalingane til donorland og internasjonale organisasjonar til punkt og prikke, men heller har valt sine eigne vegar .

Ei suksesshistorie?

Verdsbanken har heilt rett i at utviklinga i Vietnam på mange måtar er ei suksesshistorie. 20 år med rask vekst og det som blir sett på som ein av dei raskaste reduksjonane av fattigdom gjennom tidene har sørgja for det. Dei vietnamesiske styresmaktene har vore særs dyktige, og kanskje litt heldige, i sine utviklingsstrategiar. Ei gradvis og strategisk integrering i verdsøkonomien har gjort at landet har klart seg betre enn dei fleste andre tidlegare sosialiststatar. I tillegg greidde ein i byrjinga å fordele den nye rikdomen, slik at majoriteten av vietnamesarar fekk auka sin materielle levestandard.

Når det er sagt er rikdomen på ingen måte jamt fordelt. Dei sosiale skilnadane aukar raskt, og medan Vietnam har fått sin fyrste dollarmilliardær på Forbes si globale milliardærliste, lever over 10 millionar vietnamesarar framleis i ekstrem fattigdom. Dei aller fattigaste høyrer ofte til ein av dei 53 etniske minoritetsgruppene i landet og bur oftast i rurale strøk. Men også i byane er skilnadane både veksande og særs tydelege, der gamle syklar og mopedar i aukande grad kjempar om plassen med splitter nye luksusbilar.

Utanlandsk kapital på sosialistisk jord

Utanlandske selskap spelar no ei viktig rolle i veksten i Vietnam. Dette blir styrka av at vietnamesiske styresmakter med åra har blitt betydeleg meir rundhanda når det kjem til krava dei stiller til utanlandske investorar. Til og med det amerikanske selskapet Monsanto er no velkomne. Dette er selskapet som stod bak den frykta «Agent Orange» under krigen. Denne gifta tok livet av opp til ein halv million Vietnamesarar og førte til lidingar for millionar av andre.

Investeringane skapar sjølvsagt arbeidsplassar, og er på mange måtar bra for økonomien. Men dei fører ikkje til rikdom for folk flest. Den vietnamesiske kapitalismen er knallhard, og med lave lønningar som trekkplaster (minsteløna er på rundt 500 kroner i månaden) er livet ofte tøft for vietnamesiske arbeidarar. Det skapar derimot stor rikdom for dei som har ein fot i både den økonomiske og politiske verda, og som veit å ta seg godt betalt. Desse er det mange av, og det er i det heile ofte vanskeleg å skilje klart mellom offentleg og privat sektor i denne blandinga av kapitalisme og såkalla kommunistisk styresett. Eg ville derfor bli særs overraska om nokon klarte å heilt unngå ein eller annan form for korrupsjon i Vietnam i dag.

Norge i Vietnam

Eg trur Norge gjer rett i å samarbeide tettare med Vietnam, og enda betre om vi kunne bidra til ei politisk oppmjuking i landet. For vi burde vite kven vi handlar med. I Vietnam blir for eksempel opposisjonelle, demokratiforkjemparar og frittalande bloggarar stempla som terroristar og kasta i fengsel i lengre tid. Der er heller ikkje særleg rom for å motsette seg utbyggingar for å huse utanlandsk kapital. Utbyggingar som gjerne tvingar dei originale bebuarane til å flytte, med kompensasjonar langt under det landområda er verdt på marknaden. Lista er lang.

Norge har allereie uttrykt uro over menneskerettssituasjonen i landet, og har no gjenteke ønsket om eit opnare samfunn i Vietnam. Heiderlege intensjonar, utan at eg trur dei raude kapitalistane i Hanoi tek seg så fryktelig nær av det. Men det er kanskje ikkje så farleg for Norge heller så lenge der er pengar å tene?