Kultur

Spøkelsa frå Vietnamkrigen

I dag er det 40 år sidan Vietnamkrigen slutta. Kva skjedde eigentleg i Vietnam i tida etter? I det nye Vietnam som har vakse fram dei siste tiåra blir ikkje krigen snakka så mykje om, men spøkelsa lever vidare. Kanskje burde vi lære noko av dei.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Amerikakrigen, som han blir kalla i Vietnam, fann stad under den kalde krigen. Frykta for kommunismen gjorde at USA gjekk på lag med franske kolonimakter som tviheldt på det som då var Sør-Vietnam etter å ha tapt mot Viet Minh (leia av Ho Chi Minh) i nord . USA jobba ut i frå ei heller tvilsame tese som sa at dominoeffekten kom til å gjere heile Søraust-Asia kommunistisk dersom Vietnam blei det. Dette skjedde ikkje då kommunistane til slutt tok over Vietnam. I staden var det Vietnam som bevegde seg over til kapitalismen etter kvart, sjølv om landet framleis er styrt av kommunistpartiet si harde hand.

Vi veit no at USA gjorde mange feilrekningar i denne krigen. Dei hadde ikkje forstått støtta kommunistane hadde på landsbygda. Dei hadde ikkje heilt rekna med kor sterk den vietnamesiske nasjonalismen var, eller forstått at Ho Chi Minh nok var ein sterkare nasjonalist enn kommunist. Onkel Ho, som han kallast i Vietnam, såg faktisk opp til USA før krigen braut ut. Grunnlova han presenterte så tidleg som i 1946 var basert på den amerikanske grunnlova. Han vart forståeleg nok særs skuffa over førebiletet sitt.

Siger og ruinar

Kommunistane vann i 1975, og mentalt øydelagde amerikanske soldatar vendte heim til eit land som hadde snudd seg i mot dei. Vi veit mykje mindre om kva som følgde i Vietnam. Men vi veit det blei mørke tider for mange. Den tilsynelatande mildare Ho Chi Minh var død for lenge sidan, og militæret og beinharde kommunistar hadde makta. Dei som hadde stått på feil side under krigen blei forfølgde og ofte straffa på det hardaste. Mange sette som kjent livet på spel i små båtar, og ein del av dei kom til slutt til Norge.

I Vietnam blei tidene harde også for dei som blei inkluderte i den nye sosialistiske staten. Eit land i ruinar kombinert med dårleg fungerande planøkonomi førte til naud. Vietnam, i dag verdas andre største eksportør av ris, måtte importere ris frå nabolanda. Det skal seiast at ein starta på ambisiøse industrialiseringsprosjekt, og at dei fleste i desse åra fekk tilgang til gratis helsetenester og utdanning. Men det var likevel ingen suksess, og på mange måtar blei landet haldt i live gjennom bistand frå Sovjetunionen.

Reform og gløymsle

Ting har betra seg drastisk sidan den gong. Etter reformene i 1986 som markerte overgangen til ein «sosialistisk marknadsøkonomi» vart den vietnamesiske økonomien blant dei raskast veksande i verda, og folk flest har det no betre enn nokon gong. USA er ikkje lengre ein fiende, men i staden ein viktig handelspartnar og ein potensiell alliert mot den gigantiske naboen i nord, Kina. I det nye Vietnam er sigeren over verdas største militærmakt framleis eit sentralt symbol på frigjeringskampen til det vietnamesiske kommunistpartiet, men ikkje noko ein snakkar mykje om.

Likevel har ikkje krigen gitt heilt slepp. Dei forferdelige opplevingane tærer på nervane til mange eldre vietnamesarar, og fleire slit i det stille med traume. Dette passar ikkje inn i den nasjonale forteljinga om heltemot og frigjering, og derfor var den sterke boka «Krigens sorg» av Bao Ninh, utgitt i 1991 (i 1994 på norsk), kontroversiell så mange år etter. Ho fortel ei historie om liding og meiningsløyse også for soldatar på vietnamesisk side.

Spøkelsa frå krigen

Lista over krigsbrotsverk er lang, men brotsverket som sit hardast igjen i dag er bruken av Agent Orange. Selskapet Monsanto, som mange i dag kjenner gjennom genmanipulert mat, produserte dette fryktelege kjemiske våpenet. Stoffet blei spreia frå fly for å ta livet av plantar og bladverk og dermed hindre soldatar i å gøyme seg der. Stoffet er ekstremt giftig og førte til store lidingar for sivilbefolkninga og soldatar frå begge sider og. Blant anna førte det til at unormalt mange barn blei fødd med ulike alvorlege misdanningar i Vietnam, noko mange meiner framleis er tilfelle i dag.

Krigen drepte kanskje så mykje som tre millionar vietnamesarar. Mange leiter den dag i dag etter sine døde, og spøkelse frå krigen er framleis ein del av kvardagslivet til mange vietnamesarar på landsbygda. Vietnamesisk kultur legg stor vekt på staden ein slektar til, og det er viktig at ein blir gravlagd rett stad for at sjela skal få fred. Det er også viktig at dei som lever vidare kan besøke grava og vise respekt og gi offergåver. Med så mange soldatar over heile landet og så mange på flukt i løpet av krigen, har det vore særs vanskeleg å finne ut kvar kroppane til kjente og kjære blei av. Ei populær løysing er å få «profesjonell» hjelp, ofte i form av medium, noko som kan koste store pengar.

Slik sett lever krigen vidare i dag i form av traume, ånder, fysiske lidingar og pårørande si leiting etter restane av sine døde. Forhåpentlegvis kan spøkelsa frå krigen også vere ei påminning for oss om kor frykteleg gale det kan gå når statar styrte av ein solid dose ideologi og ignoranse på eiga hand skal leike verdspoliti. Samt den evige lærdomen om at det er heilt vanlege menneske som må lide når menn med makt prøver løyse problem med våpen.

Mer fra: Kultur