Debatt

Sør- og Vestlandet treng ein tiltakspakke med innhald

Regjeringa sin tiltakspakke har vist seg å vera ein bløff. Den er i liten eller ingen grad retta inn mot Sør- og Vestlandet. Siv Jensen har plukka ei rekke ordinære budsjettposter og gitt dei namnet «tiltakspakke på 4 milliardar».

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Ein skulle til dømes tru at løyvingane knytt til flaum- og skredsikring i ein tiltakspakke retta mot Sør- og Vestlandet skulle øyremerkast denne delen av landet. I eit brev frå olje- og energiministeren til Stortinget kjem det fram at det ikkje er gitt noko slike føringar for tiltakspengane. Regjeringa seier dei har ein målretta innsats, men dei har i praksis ingen målretta innsats.

Regjeringa sit passive og ser på at det vert fleire arbeidsledige. Dei manglar vilje eller evne til å sette inn konkrete tiltak for å skape meir aktivitet og arbeid.

Senterpartiet vil bruke politikken til å skape meir aktivitet gjennom målretta tiltak. Slik me gjorde i 2009 då me i regjering la fram ein konkret og målretta tiltakspakke på 20 milliardar kroner mot finanskrisa. Ein pakke som virka, fordi det var innhald i den. Frp og Høgre er mest opptekne av innpakningspapiret og sløyfa på sin tiltakspakke.

Mer fra: Debatt