Debatt

Snowden sin haust

Kva vil norske myndigheiter gjere om Edward Snowdon kjem til Noreg for å ta mot ein pris, i levande live?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I dag er den verdsberømte regissøren Oliver Stone i Noreg. Han har laga film om varslaren Edward Snowden, og filmen har ei spesialvisning i Oslo i dag.

Eigentleg var Snowden ein anonym, men uhyre smart, IT-teknikar som arbeidde for eit konsulentfirma, og var utleid til amerikanske National Security Agency (NSA). Han avslørte amerikansk masseovervaking av eigne borgarar til leiande aviser som The Guardian og Washington Post, gjennom å kopiere ei rekke dokument og dataprogram og rømme frå USA. Overvakinga var i strid med amerikansk lov, men det var også handlingane til Snowden då han smugla ut materialet og offentleggjorde det.

Edward Joseph Snowden har blitt ein berømt mann over store delar av verda. Ein helt for mange, ikkje minst menneskerettsforkjemparar og nettaktivistar. Ein forrædar for andre, ikkje minst amerikanske myndigheiter. For meg er han først og fremst ein varslar, som tok enorm risiko – og brøyt lova – for å få fram informasjon som det var viktig at verda vart kjend med.

Eg er ein av få nordmenn, og truleg den einaste norske politikar, som har snakka med han. Hausten 2014 gjennomførte eg eit nettmøte med han, under strenge tryggingsvilkår. Referatet frå samtalen kan lesast i sin heilskap her http://www.aftenposten.no/verden/Bard-Vegar-Solhjells-dialogue-with-Edward-Snowden-77771b.html

I førre veke var eg så heldig å få sjå Stone sin film om han. Den er halde i ein rolegare tone enn dei fleste av Stone sine filmar, og er ope om å presentere eit positivt bilete av varslaren. Filmen bringer ikkje så mykje nytt, men kjenner du lite til bakgrunnen for Snowden sine handlingar er dette eit fint dramatisert vis å bli kjent med historia på.

I 2015 vart Bjørnsonprisen tildelt Edward Snowden for hans arbeid for personvernet og mot statar si overvaking av sine og andre lands borgarar. Det var ein pris i Bjørnsons and. Bjørnson var ein stor norsk diktar, og ein like stor demokrat, aktivist og humanist. Snowden kom aldri for å ta mot den. Han bad om ei forsikring frå norske myndigheiter om at han trygt kunne kome, ta mot den og reise igjen – men det fekk han aldri. På bakgrunn av ei frykt for å bli arrestert her og utlevert til amerikanske myndigheiter, stod stolen hans tom då han fekk prisen.

Tidlegare i år vart det kjent at Snowden er tildelt Norsk Pen sin Ossietzky-pris for 2016. Prisen skal delast ut 15.november. Den tyske pasifisten (og forfattaren) Carl von Ossietzky avslørte i 1931 at Tyskland rusta opp og bygde opp eit flyvåpen. Han vart dømt for spionasje og landssvik, og fengsla. Ossietzky fekk Nobels fredspris i 1936. Naziregjeringa let han ikkje reise til Oslo for å få prisen. Göring bad han om å avslå den, men han fekk smugla ut eit ope brev der han aksepterte den. Prisen var ekstremt politisk betent i Noreg også. Konservative aviser gjekk mot den. Både Halvdan Koht og Johan Mowinckel, utanriksminister og stortingsrepresentant, trakk seg frå komiteen for ikkje å provosere Tyskland.

Tyske myndigheiter likte ikkje prisen, men det gjorde derimot dei mange opposisjonelle og politiske fangane som allereie i 1936 var fengsla av nazi-regimet. Kristian Ottosen fortel i si bok «Liv og død – Historien om Sachsenhausenfangene» om korleis prisutdelinga vart opplevd som eit handslag for konsentrasjonsleirfangar over heile Tyskland. Så mykje kan ei prisutdeling bety.

Edward Snowdens situasjon er annleis enn Ossietzky sin, men det er også parallellar. Begge avslørte hemmelege framgangsmåtar i strid med det landa deira hadde lov til. Begge si varsling var viktig for verda, og dei vart begge sett på som kriminelle i eige land.

Snowden er ein varslar, og ein lovbrytar i sitt land. Men historia har ikkje få døme på at det er riktig for menneske å bryte lover for å få fram informasjon som avslører sterkt kritikkverdige tilhøve. Ja, i enkelte tilfelle vil det falle ei plikt på kvar enkelt av oss om å tenke sjølve, og ikkje følgje ordre, men varsle verda om at ordrane er brot på lova.

Det finst ei reell frykt for at Snowden blir arrestert, og utlevert til USA, om han kjem hit for å ta mot prisen. I går avviste lagmannsretten å behandle begjæringa hans om å avvise ei utlevering til USA som ulovleg på førehand. Lagmannsretten støtta dermed Oslo tingrett, som meiner dei ikkje kan behandle ei slik sak før et eventuelt førelegg frå USA.

Ein klassisk «catch 22» er oppstått, fordi Snowden neppe vil kome hit utan slike forsikringar. Det finst berre ei rimeleg løysing på dette slik eg ser det, og det er at regjeringa kjem med ein politisk garanti for at Snowden kan få kome til Norge, ta mot ein pris og forlate Noreg. Trygt.

Ein kan være samd eller usamd i Snowden sine handlingar. Eg respekterer at mange er usamde i dei. Men om vi let ein mektig alliert sine myndigheiter hindre oss i ønskje Snowden trygt velkommen, så han kan ta mot ein pris, det er ei anna sak. Då går vi i fotspor vi ikkje bør vere i. Det er fotspora til dei som avviste fredsprisen til Ossietzsky.

Der bør ikkje Noreg som nasjon vere i 2016. La det heller bli Edward Snowden sin haust, på kino og ved utdelinga av Ossietzky-prisen.

Mer fra: Debatt