Debatt

Regjeringa - ein klimapolitisk søvngjengar

Statsbudsjettet som, endå ein gong, legg opp til auka privat forbruk, viser at topp-politikarane våre går vidare, som i søvne, mot eit stadig meir uhandterleg klima.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.


Dei fleste ideane vi får presenterte som botemiddel mot klimaøydeleggingane, er både urealistiske (nok sikker karbonlagring), og tildels uhyggelege (produksjon av biodrivstoff i staden for mat)......Det finnest derimot eit "spor" som alt i dag burde ha fått ein milliard i støttemidlar over statsbudsjettet, og det er den driftsforma i landbruket som Dag Jørund Lønning omtalar i "Jordboka" si, og som er kalla "regenerativt landbruk". 
Som han skriv: 
"Det handar om driftsformer som bygger opp livet i molda, og SOM DIFOR GJER AT JORDA KAN LAGRE STADIG MEIR KARBON".... 
Det industrijordbruket vi har i dag resulterer katastrofalt nok i det motsette: "I fylgje FN sitt klimapanel, står moderne industriell skogsdrift og landbruksproduksjon for heile 24% av verda sine klimautslepp" !! Det blir hevda at verda sine oppdyrka areal har mista mellom 50 - 70% av den karbon som ein gong var lagra der.!!

Og som ein kritikk av statsbudsjettet: Det er sanselaust at vi i 2018 ikkje for lengst er i gong med det Lønning skriv i boka:
"Eit skikkeleg insentiv for moldbyggjande og berekraftig landbruk ville vere å gjera karbonlagring til sjølvstendig mål i landbrukspolitikken. Tilskott til bonden kunne og vore gradert etter kor mykje karbon ein klarar å fanga og lagra i molda."

Lønning er ikkje åleine om å meine dette. Ein professor David Montgomery seier mellom anna:
"Å løyse problemet med utarming av verda sine jordbruksareal, er eigentleg djevelsk enkelt frå eit praksis-standpunkt. Problemet ligg heller i å få politikarar til å slutta å subsidiera øydeleggjande landbrukspraksisar og heller støtta aktivt opp under praksisar som byggjer mold."

Who cares? Skal tru om regjerings og stortingpolitikarane les slike bøker som Jordboka til Lønning?

Mer fra: Debatt