Raw Air, ei klasseskilt hopptevling

LO sponsar Raw Air. Berre utøvarar frå dei største nasjonane får lov til å vinne samanlagt.

Sett at ei verksemd, med fagklubbens aksept, hadde ein prestasjonsbonus for unge arbeidarar. Korleis ville vi reagert om berre unge frå leiaranes og dei tillitsvaldes familiar fekk utbetalt slik bonus, sjølv om andre presterte best? Ramaskrik og uthenging av leiing og tillitsvalde i samla presse, kan hende eksklusjonar, ville blitt lagnaden til dei skuldige for herva.

LO må stilla krav
Så kvifor LO er hovedsponsor for Raw Air fattar eg ikkje. Sjøl har eg vore fagorganisert i 50 år til hausten, og eg er mellom dei medlemmene som frydar seg over å sjå logoen vår på våre beste i idrett. Men eg protesterar mot at mine pengar skal brukast på ei tveling som diskriminerer mellom fattig og rik. Som LO bør stille etiske krav i sine sponsorprogram, bør mottakaren spegla dei grunnleggjande verdiane hjå sponsoren. Elles får dei hente pengar andre stader.

Raw Air
"Verdas råaste hoppkonkurranse" blir Raw Air kalla. I vel ei veke skal hoppeliten tevla i Holmenkollen, Lillehammer, Trondheim og Vikersund. Både kvalifiseringshopp og tevlingshopp tel med i samandraget. Dei tre beste får ein bonus på 60.000, 30.000 og 10.000 euro på toppen av premiane i renna kvar for seg.

So langt so vel.

Diskriminerte utøvarar
Herva er at to langkonkurransar tel i samandraget. Dermed er det berre utøvarar frå dei åtte beste laga som kan vinna, altså 32 av vel 70 hopparar. Om eitt eller fleire av desse laga ikkje kjem til finalen i neste lagtveling, blir talet som kan slåss individuelt redusert med fire mann per lag.

For 20 år sidan var svenske Jan Bokløv verdas beste skihoppar. Før det var ein canadiar og ein frå USA mellom verdas beste. Ingen slik hoppar kan hevda seg i år. Slik kan tvelingas beste hoppar havna i hopen rundt nr 30 pluss/minus. I år vil det neppe skje, sidan dei beste så langt hoppar på solide lag. Men russaren Klimov har vunne verdscup i år, og kan vera aktuell for ei topplassering, men har eit usikkert lag rundt seg.

Same herva råkar dei norske som ikkje er på fire-manns-laga.

Pressa
I høve til like tevlingsvilkår er sportspressa reint aktivistiske i dopsaker. Dei reine utøvarane skal vernast. Men når reine utøvarar blir overkøyrt av eit urettferdig reglement, er same journalistar heilt fråverande.

Eg har spurt eit utval av sportsredaksjonar, også Dagsavisen, om kva dei meinar om slikt. Førebels har eg ikkje fått svar.

Skiforbundet ...
... meiner at når stort fleirtal i hoppmiljøet støttar konseptet, så er det trygt forankra. Diskriminering har til alle tider vore forankra i fleirtalsmakt. Nytt er at fagrørsla stiller seg ukritisk bak. Kan me vona ei endring i nær framtid?

Lita justerring skal til for å utbetra skaden, men det har eg kommunisert til både Skiforbundet, pressa og sponsorane.