Nyheter

Psykiske problem er sosiale problem!

Kven skal fikse dei sosiale problema? Vi stolar blindt på det biomedisinske perspektivet, sjølv om vi veit at dette ikkje fører oss vidare i arbeidet med psykiske problem og psykisk folkehelse.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Av: Knut Ivar Bjørlykhaugsenter for psykisk helse og rus - Høgskulen i Søraust-Noreg og Therese A. Johnson, senter for psykisk helse og rus - Høgskulen i Søraust-Noreg

I dag vert psykiske problem regna blant dei største folkehelsemessige problema den vestlege verda står overfor. Politikarane vil gjerne tenke og handle nytt. Likevel går det for sakte i arbeidet med ei breiare forståing og tiltak retta mot psykiske problem. Å bruke begrepet "sosialt" har nesten blitt skam-belagt i individualismens tidsalder. 

Vi må tenke (utan å overtenke) «helse i alt vi gjer», som den nye folkehelsemeldinga peikar på. Det kan òg vere greitt å minne kvarandre på at biologien vår og endringar i hjernestrukturar blir påverka av langt fleire forhold enn medisinske intervensjonar - og at vi er sosiale vesen.
Mangfald
Psykisk helsearbeid er eit mangfaldig arbeidsområde; det kan dreie seg om førebyggande helsearbeid, frivillig arbeid, sosialt arbeid, fysisk- og naturorientert aktivitet, samtaleterapi, musikkterapi, likepersonssamarbeid, kulturaktivitetar, fotball; og så  mykje meir. Lista er lang.
Psykiske problem er i majoriteten av tilfella sosiale problem. Kunnskapsstatus viser oss at psykiske problem oftast startar med sosiale problem eller traume som igjen kan bli lindra av sosiale band, sosial støtte og sosial meining. Slike band blir ikkje skapt gjennom biomedisinsk behandling – sjølv om medisin i nokre tilfelle kan opplevast støttande. Negative strukturar og forhold i samfunnet og i miljøa vi lev i som påverkar den psykiske helsa vår kan ikkje kurerast med biomedisinske tilnærmingar.

Utan samsvar
Forskingsrådet har ein avgjerande posisjon når det gjeld finansiering av forskingsprosjekt i Noreg. Nyleg undersøkte forskarar ved min institusjon kva slags forskingsprosjekt rådet prioriterte. Her kom det fram forskningsbasert kunnskap om at finansiering knytt til prosjekt med biomedisinsk fokus eller karakter, har fått og får desidert mesteparten av støtta. 85 % av midlane gjekk til forsking av biomedisinsk karaktar. Det må vi gjere noko med.

Det er altså ikkje samsvar mellom politiske føringar, tverrfaglege visjonar og satsingsområda. Helseminister Høie skal ha ros for å setje psykisk helse- og rusarbeid så tydeleg på den politiske agendaen og for å omfamne ulike perspektiv, men han treng meir draghjelp.

Tapte moglegheiter
Når størsteparten av forskinga innan satsingsområdet psykisk helse fokusera innover mot molekylnivå og serotonin-nivå kan vi risikera å miste dei samfunnsmessige, sosiale og strukturelle årskane til at psykisk problem oppstår. I tillegg risikera vi at psykiske problem for mange blir verre på grunn av ei årsaksforklaring om at psykiske problem er noko som skjer uavhengig av strukturane rundt personen. Dette er ikkje ei ny bekymring.

Kjærleik som mangelvare
Med ei slik rådande forståing vil kontekstuell og kulturell forståing lett bli vanskeleg å omfamne. I forlenginga av dette kan kjærleik og solidaritet bli mangelvare.

Du er din eigen lukkes smed, og din eigen ulukkes smed. Vi gløymer at vi er sosiale vesen. Vi veit etter årevis av opparbeidd kunnskap at sterke sosiale fellesskap og låge sosiale forskjellar sørgar for betre folkehelse og berekraftige samfunn.
Medisinaren Eric Kandel, som har fått tildelt nobelprisen i medisin, meinte at menneske endrar seg i mykje større grad av kulturell evolusjon enn av biologisk evolusjon, og at menneske alltid har stor læringsevne. Det gir meining i eit evolusjonsperspektiv. Derfor må vi sjå på kulturen vi har skapt og som vi lev i når psykiske helseproblem oppstår og aukar, og aldri gi opp menneske si kraft til å lære. Læring er ein av dei viktigaste faktorane som påverkar biologien vår.
Ein nullvisjon med tanke på problem er ikkje målet, men at problema enklare kan løysast i fellesskap og at mangfald og ulikheit kan få større aksept; og at det i forlenginga aukar sjansane for nyttig erfaringsdeling og læring mellom ulike perspektiv. Kanskje vi kan redusere stigma knytt til psykiske problem på vegen. Visjonen er heller ikkje at vi skal vere mest mogleg sosial - men at vi må erkjenne at vi er avhengige av kvarandre og at alt heng saman med alt.

Får ikkje hjelp
Det er heilt avgjerande at det blir satsa meir på forsking som kan tilføre feltet nye perspektiv og effektive tiltak knytt til blant anna sosial støtte og sosiale ressursar, som i forlenginga kan auke engasjement, sjølvstende, livskvalitet og lette eller løyse problem for mange. Fleire med brukarerfaring frå psykiske helsetenester peikar fortsatt på at dei ikkje opplever seg sett eller forstått i møte med hjelpeapparatet, og at ein ikkje får hjelp til å ta tak i dei underliggande grunnane til at psykiske problem oppstår.

Det handlar om menneske
Psykisk helsearbeid handlar om mellom-menneskeleg samarbeid. Vi må erkjenne at vi er sosiale vesen, alltid i ein sosial kontekst, enten vi likar det eller ei. Det er skrikande behov for større satsing på breiddeforsking i psykisk helsefeltet. Det sosiale livet og strukturelle forhold må få større fokus og i forlenginga intervensjonar som tek høgde for at menneske er sosiale vesen. Dessutan må vi slutte å plassere folk med problem i kategoriar. Det handlar om personar som meg og deg, med ei anna historie. Det er på tide å stille dei sosiale diagnosane, og handle deretter.


La oss ta tilbake fellesskapet!

Mer fra: Nyheter