Debatt

Presidentens hoff

Skal intellektuelle søkje politisk makt eller vere opposisjonelle og maktkritiske? I Mexico har debatten blussa opp i forkant av valet på president og andre embete 1. juli.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Den flaue stemninga var sanseleg i form av mumling og surring, jamvel tillaup til små utrop. Året var 2012, og ein meksikansk presidentkandidat skulle lansere boka si under den store bokmessa i landet. Det er nærmast ein tradisjon i Mexico at presidentkandidatar gjev ut bøker som gjer greie for det politiske programmet deira. Ein spansk journalist stilte det innlysande, men likevel uventa spørsmålet: «Kva for tre bøker har betydd mest for deg i livet?» Presidentkandidaten rodde i fem minutt utan å kome på ein einaste tittel, han var innom Bibelen, blanda saman eit par meksikanske forfattarar – utan å hugse tittel – og konkluderte til slutt med at ingen bøker eigentleg hadde vore vesentlege for han. Presidentkandidaten vann valet og har i mandatperioden styrt Mexico mot avgrunnen.

Det er lett å gjere narr av mangel på bokleg lærdom; meksikanske satirikarar fråtsa i tabben i etterkant. No er det ikkje slik at litterær innsikt nødvendigvis gjev politisk utsyn og dugleik. Men meksikanarar flest vil heller gråte enn le etter den seksårige presidentperioden. Korrupsjon, drap og vald utan sidestykke er utfallet av vanstyret. Ifølgje statistikken vert 90 personar drepne dagleg, det høgste talet nokosinne. I tillegg er over 37 000 meksikanarar offisielt registrerte som forsvunne, dei fleste unge under 30 år. Det reelle talet er truleg høgare.

Meksikansk politikk liknar ein gravstad, ikkje på grunn av alle dei drepne, men heller fordi det manglar ideologisk debatt, brytning og nytenking i krinsen rundt presidenten. Det politiske livet i landet har vore ein tumleplass for partibroilerar. Påtroppande presidentar vart fram til årtusenskiftet i praksis utnemnde av utgåande presidentar i val som neppe kunne kallast opne og frie. Den indre maktsirkelen til presidenten har difor vore heilt avgjerande for maktutøvinga i landet. No lever denne sjølvsagt ikkje i eit vakuum, og den meksikanske historikaren og skribenten Enrique Krauze peiker på ein ytre ring av intellektuelle, forfattarar og kunstnarar som fungerer som sparringpartnarar og leverandørar av nye politiske idear. Tilhøvet mellom dei to krinsane i presidentens hoff er ei historie om kjærleik og hat, flørt og svik.

På mange måtar kom dei to store meksikanske forfattarane Octavio Paz og Carlos Fuentes til å symbolisere hat- og kjærleiksforholdet til makta, om enn på ulike måtar. Nobelprisvinnaren Paz var ambassadør og ein del av den indre krinsen rundt presidenten, men vart heilt desillusjonert etter ein blodig massakre i 1968, då eit ukjent tal studentar og andre som deltok i ein fredeleg demonstrasjon, vart skotne. Den vonbrotne Paz trekte seg frå ambassadørposten og kom etterpå til å stå for ei uforsonleg linje mot maktapparatet gjennom kunst og kritikk. Paz’ erfaringar var avgjerande for at han kom til å agitere for at intellektuelle aldri måtte la seg korrumpere av makt.

Carlos Fuentes vart som andre intellektuelle oppskaka av hendingane i 1968. Likevel valde han ei heilt anna tilnærming enn Paz. Nye politiske vindar blåste over landet i 1970-åra. Fuentes søkte makta og var med på å utmeisle det ideologiske programmet til den nye presidenten med intellektuell kraft. For mykje stod på spel i ein verdsdel som var råka av mørke politiske krefter og diktatur dette tiåret. Dei intellektuelle måtte difor vere med på å utvikle ein nasjon tufta på folkestyre og rettferd, meinte Fuentes. At Mexico var eit defekt demokrati, gjorde det berre endå viktigare å engasjere seg. Det var likevel ikkje heilt utan ironi at forfattaren vart påskjøna med ei ambassadørstilling for innsatsen.

Men kjærleiksforholdet mellom Fuentes og makta surna utover 1970-åra. Fleire hendingar synte trekk ved presidenten som forfattaren og tenkjaren ikkje kunne forsvare, og til slutt tok han diplomathatten sin og gjekk. Den politiske innverknaden til Carlos Fuentes synte seg marginal når det kom til stykket, og skilsmissa mellom politikk og poetikk vart kunngjort. Tilhøvet skulle no vere basert på vilkårslaus kritikk på fleire armlengdes avstand. Trudde ein lenge.

I fjor haust dukka det opp eit gamalt svart-kvitt-bilete frå 1987 som skaka Mexico. Der ser vi Carlos Salinas, påtroppande president, avslappa i sofaen og omgjeven av nokre av dei mest kjende forfattarane, kunstnarane og andre intellektuelle i landet, mellom dei colombianaren Gabriel García Márquez. Stemninga verkar gemyttleg, og smila sit laust. Det ser mest ut som eit gildt familietreff.

Det tredve år gamle biletet skapte debatt. Mange reagerte på at dei som skulle kritisere, faktisk kurtiserte presidenten. For biletet kom ikkje frå eit einskilt stemnemøte. I skuggen av Fuentes og Paz kom García Márquez og andre intellektuelle til å treffe toppolitikarar og teknokratar frå den indre sirkelen for private og uhøgtidlege samtalar over eit godt måltid med jamne mellomrom. Av og til dukka presidenten sjølv opp.

Eigentleg burde ein ikkje bli overraska over dei tette banda mellom kultur- og makteliten. Enrique Krauze har peikt på korleis det vaks fram eit symbiotisk forhold mellom dei to gruppene utover 1980- og 90-åra. Den politiske makta bygde ut kulturelle institusjonar og delte ut alt frå kulturpremiar til reisestipend, medan den intellektuelle makta gav legitimitet til presidenten.

Somme meinte at dei løynde møta var ein skandale og eit uttrykk for kulturell klientelisme. Andre har meint at det var stor takhøgd under møta, og at kritikk faktisk vart utøvd. Andre igjen ser på møta med ein viss nostalgi til ei tid då politikarar faktisk lytta til kulturpersonlegdomane. Det er lenge sidan Cervantes’ Don Quijote var tema på audiens hos makta i Mexico, og nostalgien kan vere forståeleg.  Fleire har meint at det er narkobaronar som har vunne innpass i presidentens hoff dei siste åra.

Meksikanarar er utan tvil klare for ei djuptgåande endring etter at to presidentperiodar har vore kasta bort på drap og vald. Etter alt å døme kjem kandidaten Andrés Manuel López Obrador til å vinne presidentvalet 1.juli. Støtta han får skuldast først og fremst misnøgde med dei etablerte partia, men han har til gode å kome med konkrete framlegg til nye løysingar. Kanskje nettopp difor har fleire unge intellektuelle no byrja å sverme for han. Dei ber nok på ei von om å forme det nye Mexico slik Carlos Fuentes og andre gjorde ein gong. Måtte det gå betre denne gongen.

Mer fra: Debatt