Pasientane er den svake part

Stadig fleire lar seg inspirere av Trump-retorikken, der alt ein ikkje er samd i, vert skildra som falske nyheiter. Sist ute er Anders Cappelen med påstandar om «uhyrlige juksenyheter» med referanse til debatten om nettopp «fake news».

I forrige debattrunde om denne saka vart underteikna omtalt som «etikk-cowboy». Denne sterke polariseringa av ordskiftet er langt mindre informativt enn å halde seg til å diskutere saka.

TV 2 har hatt ei grundig dekning av det omtalte hjerneforskingsprosjektet ved Oslo universitetssjukehus, der det oppstod to uventa hjerneblødningar etter at prøvene var tekne. I samband med dette prosjektet har Statens helsetilsyn konkludert med to lovbrot. Eg siterer frå rapporten: «Statens helsetilsyn er kommet til at Oslo universitetssykehus har brutt kravet til samtykke i helseforskningsloven § 13 og meldeplikten i samme lov (...)»

Vidare skriv tilsynet: «Statens helsetilsyn legger til grunn at biopsiene er tatt i forskningsøymed og at de ikke er ment å ha diagnostisk nytteverdi for den enkelte pasient/deltager.»

Forskningsprosjektet vart stoppa inntil desse lovbrota vart retta på og ein sikra at pasientane skjønte den fulle risikoen ved å delta.

Det er rett at pressens faglege utval konkluderte med at TV 2 ikkje hadde fulgt ver varsam-plakaten på alle punkt i ei svært omfattande sak, men utvalet konkluderte også med at TV 2 var i sin fulle rett til å setje søkelyset på verksemda ved sjukehuset.

TV 2 har alltid vore tilgjengeleg i denne saka og har ikkje unndratt seg verken debatt eller ansvar. I motsetning til dei som produserer og distribuerer falske nyheiter, erkjenner TV 2 ansvar for alt vi publiserer. Vi deler ikkje legen og Anders Cappelen sitt syn på kva som er viktig å omtale i samfunnet og kvar grensene for ytringsfridomen går. Det er også grunn til å minne om at det er verken sjukehuset eller legen som er den svake part her. Den svake parten er nemleg pasientane, som etter at Helsetilsynet greip inn i forskinga, kan vere litt tryggare på at sjukehuset held seg til lova og at dei får tilstrekkeleg informasjon om at hjerneblødning eller andre alvorlege komplikasjonar kan oppstå dersom ein deltek i slik prøvetaking.