Debatt

Oljefond fullt av sol og vind

Eit oljefond fullt av sol og vind. Det er det finansielt trygge og klimapolitisk ambisiøse.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I desember 1975 presenterte den unge ingeniøren Steven Sasson det som seinare er blitt anerkjend som verdas fyrste digitale kamera for sjefane sine i Kodak. Han var i fyr og flamme, men dei bad han leggje det vekk: «Det er film vi skal drive med». Selskapet frykta at eit digitalt kamera kunne truge inntektsstraumen frå selskapet sitt viktigaste produkt, film til analoge kamera.

Resten er historie, som det heiter. Kodak har hatt sitt siste «Kodak moment». Det ikoniske selskapet gjekk konkurs i 2012. Restane av det eksisterer, men sel ikkje kamera eller film lenger. Bedrifta hamna i utakt med omgivnadene sine. Dei mislukkast i det eitkvart selskap må vere i stand til; å fange opp og ta konsekvensane av viktige endringar i verda rundt.

Det må også eitkvart land vere i stand til.

Denne våren har regjeringa lagt fram si årlege stortingsmelding om forvaltninga av Oljefondet. Som vanleg krev miljøorganisasjonane og andre som er opptekne av miljø og berekraft fleire investeringar i fornybar energi. Denne våren kan det faktisk skje eit stort framsteg på dette området.

Stortinget skal diskutere om Oljefondet skal kunne investere i såkalla unotert infrastruktur. Unotert infrastruktur er prosjekt som ikkje er børsnotert, og kan vere vegar, toglinjer, telekommunikasjon, kraftverk eller linjenett. I 2017 var så mykje som 51 prosent av transaksjonane i den unoterte infrastrukturen i verda knytt til fornybar energi. Oljefondet investerer allereie i fornybar energi som er børsnotert, men det ligg eit enormt potensial der ute.

Kvifor er dette viktig? Fordi om vi skal stagge dei katastrofale konsekvensane av klimaendringar og global oppvarming, må vi vri internasjonale investeringar vekk frå fossile brensler til fornybar energi. Ein stor del av utviklinga innan fornybar energi skjer nettopp i selskap og prosjekt som ikkje er børsnoterte – som vindmøller og solparkar.

Klimaendringane er i ferd med å forløyse ein fornybarrevolusjon over heile verda. Båe land, bedrifter og enkeltmenneske bidrar til det grøne skiftet. Mot slutten av førre månad kom nyheita om at produksjonskostnadane til fornybar energi for fyrste gong var lågare enn for fossil energi. Totalt blei 279,9 milliardar amerikanske dollar investerte i ny fornybar energi i verda i fjor, ifylgje ein rapport frå Frankfurt School, UNEP og Bloomberg. 2017 var tredje året på rad at det blei bygd ut meir ny fornybar enn fossil energi.

Og interessant nok: Finansielle fagfolk seier infrastrukturinvesteringar er bra for Oljefondet. Slike investeringar gjev langsiktig og stabil avkastning som svingar mindre om ein jamfører med aksjar og obligasjonar, og bidrar derfor til å spreie risiko. Ekspertgruppa som Finansdepartementet sjølv utnemnde i 2015 har tilrådd det. Tunge aktørar som Finans Norge og KLP argumenterer for at langsiktige investorar som Oljefondet er særskilt godt eigna for investeringar i unotert infrastruktur. Noregs Bank peikar sjølv på at slike investeringar kan gjere fondet betre tilpassa til dei finansielle konsekvensane av klimaendringar.

Her går altså miljømessige argument hand i hand med langsiktige finansielle argument. Vidare syner eit kjapt blikk mot utlandet at over halvparten av dei største pensjonsfonda i OECD investerer i infrastruktur. Investorar som dei svenske AP-fonda, som forvaltar kapital for Sveriges statlege pensjonssystem, gjer det same. Dansk PensionDanmark og det store nederlandske pensjonsfondet ABP òg. Det er ikkje utan grunn.

Fondet forvaltar våre felles sparepengar, og dei er meint å kome både dagens og framtidige generasjonar til gode. Om vi skal få til det, må Oljefondet syrgje for å handtere klimarisikoen og investere i morgondagens vinnarar, ikkje dei frå i går. Ekspertar har vist at ei global temperaturauking på godt under 2 grader vil gje dei beste moglegheitene for verdsøkonomien og den finansielle stabiliteten. Oljefondets langsiktige avkastning er nært knytt til utviklinga i verdsøkonomien.

Oljefondet er verdas største statlege investeringsfond. Det er kjent blant investorar, politikarar og fagfolk over heile verda. Det er knapt noko anna eg har snakka så ofte med utanlandske politikarar om.

Det pålegg norske myndigheiter å utvise leiarskap, og å forstå at det vi gjer har innverknad langt utover vårt eige land. Olja har gjeve Noreg ei enorm velferd som er få andre forunnte, men vi veit òg at ho har bidrege til ei miljøkrise som kjem til å gjere slutt på verda slik vi kjenner ho. Det vil båe menneske og natur li under.

Velferda vår må byggjast på verdiskaping som er i tråd med klimamåla vi har sett oss. Samstundes må vi forvalte dei enorme ressursane finansielt ansvarleg. I dag går det som er økonomisk og klimapolitisk forsvarleg ofte hand i hand. Det er difor vi det neste året kan oppleve at oljefondet trekk seg ut av investeringar i olje og går langt tyngre inn i sol og vind.

Kven vil vi vere når historia om vår tid skal skrivast?

Eg seier vi skal vere dei som tok ansvar då det gjaldt som mest.

Mer fra: Debatt