Politikk

Ny flyktningpolitikk bør prioritere nærtilflukt.

Flyktningvern bør skje i land der språket og kulturen ikkje skaper ekstra problem for flyktningane. Menneskevern bør ikkje vere berre materialisme.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Dagens globale flyktningpolitikk prøver å løyse problem i krigsområda ved å skape nye problem både for flyktningane og for landet der flyktningen finn fristad. Grunnen er at kultursaka ser ut til å vere heilt fråverande i dagens flyktningpolitikk.

Den einaste kulturen eg har innsikt i er norsking-kulturen, men eg innser at god fleirkultur kan inspirere og fremme vidsyn. Kontakt med personar frå andre kulturar kan redusere fordommar og gi oss nye venner. Dei kan utvide horisonten vår. Men det kan også bli kulturproblem.

Flyktningar er i ein tvangssituasjon. Vaksne flyktningar kan lære norsk som eit framandt språk når dei går i minst eitt år som skolebarn i eit offentleg og kostbart læringsopplegg. Men framand kultur kan gi varig mistilpassing. Segregerte flyktningbyar blir kjelde til strid. Ein flyktningpolitikk som overser kulturen kan gjere språk, mat og levemåtar til sosiale barrierer. Integreringa kan da bli avgrensa til kurs og jobbsøknader, og barna kan få store kulturproblem når dei veks opp.

FN er prega av både globale konflikter og samarbeid, og er truleg bunde av mellomfolkelege avtaler i flyktningsaker. Eg har ikkje innsikt i slike ordningar, men eg kritiserer FN for mangel på samordning og kulturvern i flyktningsaka.

FN bør få alle flyktningar ut av flyktningleirane innan eitt år og busette dei i nærkulturelle land der flyktningen kan tale eit offisielt språk i landet. Da blir ikkje språk og kultur tilleggs-problem for flyktningane. Flyktningane kan lettare innpasse og tilpasse seg, og vil ikkje føle at eigen kultur blir truga.

Når freden kjem, og dersom dei politiske tilhøva gjer det trygt å vende attende til heimlandet etter fleire år i utlandet, da vil avstanden vere stuttare på alle måtar for slike nærflyktningar.

Nærtilflukt dreier seg ikkje her om reisetid, men om kultur. Somme land er overfylte med flyktningar, men heile Arabia og Nord-Afrika blir kalla den arabiske verda og har mest muslimsk kultur. Mellom slike land kan det sjølvsagt vere store skilnader i haldningar og levemåtar, men eit viktig felles kulturgrunnlag er truleg gitt av det arabiske språket, halalmat og moskear.

Land som har arabisk som offisielt språk og islam som offisiell religion, bør få internasjonal økonomisk støtte, leia av FN, for å gi vern til flyktningar som har slik kultur. FN bør samordne berekraftige tiltak for flyktningar i byar, og kanskje gjere delar av folketomme ørkenar til jordbruksland. Dette kan kanskje bli ei ny og betre form for utviklingshjelp, også for klimaflyktningar i framtida. Kanskje kan ein slik flyktningpolitikk sameine ulike politiske retningar i Noreg.

Slike FN-tiltak bør skje i land som har fred og respekt for alle menneskerettar. Det er mangel på demokrati i mange muslimske land, og i somme av desse landa minkar fridommen. Så kanskje har eg her sett opp urealistiske vilkår for slikt FN-arbeid. Men behovet vil utfordre til å tenke nytt. Bølger av muslimske flyktningar kan skape djupe integrasjonsproblem og krise i flyktningpolitikken i Europa.

Flyktningproblemet kan ikkje løysast med berre materialisme. FN må ta kulturen meir på alvor enn i dag dersom organisasjonen skal greie å finne ei god løysing på store flyktningproblem.

Verdssamfunnet bør innføre eit nytt prinsipp i flyktningpolitikken: Flyktningvern bør skje i land der språket og kulturen ikkje skaper ekstra problem for flyktningane. Eit system for fjernflyktningar bør avgrensast til personar som treng vern mot sin eigen kultur (kulturflyktningar).

Dermed kan migrasjonen skape mindre frykt i samfunnet, og det kan kanskje bli lettare for spesielt interesserte og kvalifiserte personar i muslimske land å få jobb i Noreg.

Eg ser grunnar til å spørje: Kan kvar flyktning få vern i eit land der språket og kulturen ikkje gir flyktningen ekstra problem? Kan arabisk-talande muslimske flyktningar få ei god framtid i ein arabisk-talande muslimsk kultur?

Mer fra: Politikk