Debatt

NHO på bortebane i TiSA-debatten.

NHO er dominert av "internasjonaliseringsekspertar". Derfor evnar ikkje organisasjonen å sjå dei negative sidene ved TiSA-avtalen.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Når NHO skal prøve å forsvare TiSA, handelsavtalen Trade in Services Agreement, mot kritikk, så avslører dei alt i sitt valg av «frontfigur» at dei ikkje forstår kva kritikken går ut på. Det er nemleg avdelingsdirektøren for «Internasjonalisering og europapolitikk», Tore Myhre,  som i Dagbladet den 19. september har  blitt sett til å fortelje oss kor fortreffeleg denne avtalen vil vere. Når faktisk hovedkritikken mot avtalen går på dei negative konsekvensane TiSA vil ha mellom anna for dei bedriftene som opererer innanlandsmarknaden, gjennom den forverra konkurransen desse vil få frå utanlandske konsern, då er det rart å bruke ein person som tydelegvis har eit ekstremt snevert «tunnelsyn» mot utlandet (internasjonalisering og europapolitikk), og effekten ein slik avtale kan ha for eksportnæringane.

Det som går igjen i innlegget til Myhre, er setningar av typen «Norge er i stor grad avhengig av handel med utlandet.» Han overser at Norge i endå større grad er avhengig av at fleirtalet av norske arbeidsplassar – som ikkje jobbar mot utlandet (Sjå SSB Rapporter 58/2013) – kan overleve i ein ikkje altfor hard internasjonal konkurranse. Men dette ser ut til å vere uinteressant for «internasjonaliserings-ekspertane» både i NHO og i Utenriksdepartementet...

Når Myhre skriv at «Verden trenger flere og bedre handelsavtaler», og at «vi trenger derfor TISA», så ligg det i dette ein heilt snål og ubegrunna premiss om at TiSA uten vidare vil vere ein god avtale for alle deler av norsk næringsliv. Når han skriv at «Med den raske utviklingen innen internasjonal handel er det behov for å tilpasse de internasjonale reglene på dette området», korleis kan han då vite at TiSA vil gi ei «tilpassing» som er bra? Også for arbeidsfolk og ikkje berre for dei internasjonale storinvestorane? Når han skriv at TiSA-forhandlingane skjer fordi «det har vært stillstand i WTO-forhandlingene i lang tid», så nemner han ikkje at dette er med god grunn. Svært mange land ser at vidare liberalisering av tenestehandelsen vil vere katastrofal for desse landa si oppbygging av eiga tenestenæring. Derfor sa dei nei til dette i WTO. TiSA-landa, som faktisk altså braut ut av WTO med desse forhandlingane(!), vil «forbedre avtaleverket innen tjenestesektoren», skriv Myhre. Utan eit tunnelsyn mot eksportnæringane, ville Myhre i det minste sjå at TiSA vil tene enkelte interesser, men sterkt skade andre.

Truleg vil eit stort fleirtal av NHO sine medlemsbedrifter vere tente med å sette seg inn i den politikken organisasjonen fører på handelsavtaleområdet. NHO si blinde støtte til TiSA, viser at den er så definitivt ikkje i dei fleste NHO-bedriftene sine interesser.

Mer fra: Debatt