Debatt

Naturleg vis

Ikkje berre artar og naturtypar er truga og havnar på raudliste.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Fritt rennande vatn. Hundremeterskogen. Intakt natur. Kulturlandskap. Bråkete fuglefjell. Levende jakttradisjon. Vinteren. Stjernehimmelen. Stillheita. Bærplukking.

Då du las desse første linjene, kjende du deg kan hende litt rolegare inni deg? Gjekk pusten djupare, og du kom til å tenkje på eigne, fine naturopplevingar? Det er effekten orda har på meg. Eg blir glad og fredsam. Men det ligg òg eit alvor bak dei. For dette er den nye norske raudlista for naturopplevingar, satt saman av ein ekstern jury på oppdrag frå Norsk Friluftsliv og WWF Verdens naturfond.

Det finst allereie vitskapelege raudlister for truga arter og naturtypar. Men vi ville finne ut av kva som eigentleg hender med opplevingane våre når naturen er i endring. Så i fjor sommar og haust bad vi folk sende inn forslag til naturopplevingar som dei meiner er truga på eit eller anna vis. Det vart ei skilsetjande erfaring for oss. Vi lærte at det er særs mange som bryr seg inderleg om naturen, frå Kautokeino i nord til Mandal i sør. Ikkje berre den store og spektakulære, men den unnselige og nære.

Ein annan ting vi lærte: Det finst poetar overalt i dette landet. Vi blei overvelda av kor vakkert folk skriv om kva natur tyder for dei og kva slags opplevingar dei er redde for å miste. Eit døme:

«Kvit og brusande ekstase. Roleg og kveilande i turkise virvlar som trollbind alle vesen elva har i sin famn. Glatte sva med rennande vatn er ein leikepark. Dei djupe juva som er grave ut av elver i fri rørsle vil gje den som kan ferdast her kraft til å undrast over korleis slik venleik er danna. Å gje seg hen til vatnet gjer ein audmjuk til naturen. Å sjå landskapet frå elva gjer ein takksam for alt me har att av urørt natur.»

Reisebrev: Jeg er et klimamonster

Mange stader i verda vert det mindre natur, også i Noreg. Orsakane er mange. Vi har varmare klima. Det blir meir plastsøppel og nye former for forureining. Vi bygger kraftverk, vegar, hytter og hus. Nye artar kjem inn, andre vert meir eller mindre borte. I skogen er det flatehogst som gjeld, og den delen av skogen som ikkje er flatehogd, minkar. Det er tydeleg at vi ikkje lenger kan ta naturen for gitt. Ikkje at han vil forsvinne heilt, det vil fortsatt vere natur her på jorda, men han blir annleis. Vi mistar viktige bitar. Det er dette vi vil med raudlista: Minne oss sjølv om kva som står på spill. Då kan det òg bli enklare å justere kursen når det trengs. Det gjeld både for politikarar, næringsliv, deg og meg.

Vi menneske ville ikkje ha klart oss utan natur. Han gjev oss mat, klede, byggematerialar, medisinar og brensel. For ikkje å snakke om rein luft og vatn. Naturen syter òg for å binde CO2, han sikrar pollinering av planter, resirkulerer næringsstoff, dempar flaumar og mykje meir. Desse tenesta nyttar nok dei fleste seg av utan å tenkje noko vidare over kvifor det er slik, sjølv om innsatsen til naturen altså er heilt naudsynt for livet på jorda.

Bente Gravklev: Vi som går i søvne mot stupet

Tap av natur handlar likevel ikkje berre om økonomiske verdiar og artar vi ikkje kan stave namna på. Når vi endrar naturen, endrar vi alt. Ikkje berre funksjonane til dei mange økosystema og mangfaldet av ville skapningar, men mange av dei opplevingane vi menneske har ute i naturen. Og vi har altså fått bekrefta at desse betyr særs mykje for mange av oss. Ikkje berre gjennom arbeidet med denne nye raudlista. Vi ser, både i inn- og utland, at saker kor natur står på spel vekkjer valdsamt engasjement. Det gjer meg optimistisk med tanke på framtida og utfordringane vi er nøydd til å handtera. For sjølv om menneske i ulike delar av verda er forskjellige, trur eg at kjærleik til natur er noko av det som til sjuande og sist bind oss saman.

Sjølv er eg svak for vinter. Stabil, langvarig vinter med ekte snø. Eg likar kulda, og synet av snøkledde vidder. Landskapet slik det endrar seg frå den grøne mangfaldige sommaren til den mutte, stilleståande vinteren. Eg likar vinteren sin natur, men også vinteren sin kultur – opplevingane den gjev. Å gå og køyre på ski av alle slag, men aller mest på langrennsski.

Som vi kan sjå frå Seefeld denne veka, er det ingen akutt fare for opplevingane langrennssporten gjev oss. Men hugs at grunnlaget for medaljane – det at vi dominerer – ikkje er snøkanonar, treningsanlegg eller fluor, men stabil vinter over store delar av landet. Når nesten alle barn har vinteren tilgjengeleg, vil dei fleste lære å gå på ski. Mange av dei vil like det, ein del vil trene, og ein og annan bli veldig gode.

Det er på grunn av stabile vintrar vi er stabilt gode på ski. Og for mange fleire av oss er stabil vinter ei heilt spesiell naturoppleving.

Eg trur verkeleg at det å ta vare på naturen kjem til å bli ei av vår generasjon sine store saker. Fordi naturen faktisk er viktig for oss, vi treng berre å bli minte på det nokre gonger.

For når vi endrar naturen, endrar vi verkeleg alt. Også det å vere menneske.

Mer fra: Debatt