Debatt

Når naturressursar blir farglege

Om kvifor Venezuela går i oppløysing

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Ein gong for lenge sidan, det vil seie rundt 1980, gjorde nokre ungdomar frå Sunnmøre ei mykje omtala jordomsegling med seglskuta Framstig. Etter at dei var vel heime igjen, fortalde ein av mannskapet om noko som hadde forundra dei under turen. Når dei kom til eit lite øysamfunn som var fattig på spesielle naturrikdomar, då kunne folk der likevel leve gode liv, såg det ut til. I andre liknande samfunn, men der naturen hadde «velsigna» dei med verdifulle råvarer, då levde ofte folka i uverdig fattigdom etter at utanlandske interesser hadde vore der og forsynt seg av rikdomen.

Denne historia vart eg mint på av ei innlegg i Klassekampen 11. september, der Ane Hoel skriv om problema Venezuela strir med, trass i at – eller kanskje nettopp fordi – landet sit på dei største oljereservane i verda.

Hoel kritiserer Jørgen Juel Andersen for i stor grad å legge skulda på venezuelarane sjølve (6. sept- i den same avisa)  uten å nemne at USA (sin van tru) har sabotert landet sine politiske leiarar etter at desse nasjonaliserte oljerikdomane. Hoel skriv: «Chavez’ politikk var å nasjonalisere oljerikdomen til glede for alle venezuelanere. Gratis utdanning, helsetjenester, minstelønn, pensjon og ikkje minst et sosialt boligprogram er sentrale deler av det vi kaller en velferdsstat. Slik skaffet Chavez seg mange venner og noen få, men mektige fiender. Blant de siste er USA….»

Det Hoel skriv, er som eit ekko frå det som på 1970-80-talet skjedde i Nicaragua, då sandinistane prøvde å fordele godene betre enn det det USA-støtta diktaturet så langt hadde gjort. I 1979 kasta sandinistene eit diktatur som hadde vart i over 40 år, styrt av Somoza-familien. Sandinistane satsa på fordeling, utdanning og helse, men også deira forsøk hadde små sjansar til å lukkast, saboterte som dei var av dei USA-støtta Contras styrkane.

I dag 12. september skriv TV2 om Venezuela at «Landet har verdens største oljereserver, allikevel sulter mange venezuelanere. Fattige familier har problemer med å fø barna sine, skriver Foreign Policy. Sykehus mangler livsviktig utstyr og medisiner, Strømmangel gjør at respiratorer blir slått av, ifølge New York Times. Matmangelen rammer de fattigste hardest, men påvirker også resten av befolkningen. Ifølge The Washington Post viser en studie at tre av fire venezuelanere gått ned i vekt det siste året. I snitt veier de spurte 10 kilo mindre enn før».

Mer fra: Debatt