Kultur

Meir liv i TISA-debatten.

Det har vakt litt oppsikt at WikiLeaks har kome med informasjon om TISA-forhandlingane. Denne frihandelsavtalen for tenester som også Norge er med i forhandlingar om, har det lukkast tilhengarane av avtalen å få svært lite omtale om så langt.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Hemmeleghaldet rundt desse forhandlingane er kritisert frå mange hald i fleire land, og det faktum at dei problematiske sidene av avtalen ikkje blir omtala i det heile frå styresmaktene si side, gjer at dette med rette kan kallast hemmeleghald.

Det er dagbladet.no som i går informerte om Wikileaks si publisering, og UD har sendt ein pressetalsmann på banen for å “roe ned oppstyret”. Han har ei dårleg sak...

Mellom anna er han sitert slik: "TISA-forhandlingene er på ingen måte noen hemmelighet. Vi har egne temasider om Tisa-forhandlingene på UDs nettsider, og har publisert en rekke nyhetssaker om dette". Problemet er berre at i denne informasjonen er det uråd å oppdage spor av det som TISA (og TTIP) blir kritisert for. Det gjeld først og fremst "Stand still" og "Ratchet"-klausulane, som gjer gjeldande og evt nye liberaliseringstiltak irreversible. Dette vil vere ei grov innskrenkinga av framtidig politisk handlingsrom. Kvifor er ikkje dette diskutert i informsjonen frå UD?

Heller ikkje blir det informert om det problematiske i bruken av eit ”negative list”-prinsipp, som går ut på at alle tenester som det ikkje eksplisitt blir tatt reservasjon for, vil vere opne for internasjonal konkurranseutsetting. Dette gir ein ekstremt uoversiktleg og udemokratisk situasjon for dei som skulle ynskje å føre ein viss politisk kontroll med det som foregår under forhandlingane.

Pressetalsmannen er også referert slik: ”UDs pressetalsmann håper forhandlingene kan bidra til en bedre dynamikk i WTO”. ”Bedre dynamikk i WTO”?? Det han her siktar til er ein ”dynamikk” som skal gi ytterlegare utvikling i retning av meir generell frihandelsliberalisme også i WTO. Forhandlingane i WTO (Doha-runden) har stansa opp fordi mange land (særleg uland) har sett seg nøydde til å sette foten ned for dei aggressive krava frå ”vestleg hald” om endå meir liberalisering. Desse landa ser på TISA-forhandlingane (og TTIP) som ein trussel, fordi dei kan bli brukte som ei brekksang for å tvinge denne liberaliseringa igjennom også i WTO... ”Bedre dynamikk i WTO”, du liksom....

For mange er informasjonen frå Wikileaks via Dagbladet.no ei nyheit. Kanskje kjenner mindre enn ein prosent av den norske befolkning til TISA-forhandlingane.

Den viktigast informasjonen om TISA er ikkje formidla vidare frå UD. Dette kan godt kallast hemmeleghald.

Mer fra: Kultur