Målfest

Argumenter gjerne mot tvungen, tradisjonell sidemålundervisning i bokmålsskulen, men aksepter at ein stor del av det norske folket har nynorsk – og ikkje bokmål – i blodet.

Kjære elevar og lærarar i bokmålsland. De har mykje å streve med. Testar og krav, lekser og skjemavelde, fortid og framtid og pluskvamperfektum, blant anna, for ikkje å snakke om religion og etikk. Pluss alt av moro og smerte i livet utanfor skulen. Det er lett å skjøne at de blir heite i skallen av nynorsk – denne fjotten av eit skriftspråk som pressar seg inn og skaper konflikt i eit lite land som skal vere fredeleg. (Som Tone Damli Aaberge song så fagert i ein TV 2-reklamesnutt: «Ein liten stad. Ei handfull fred slengt ut blant vidder og fjord. Mitt vesle land. Der høge fjell står planta mellom hus og menneske og ord. Der stille og draumar gror.»)

Det er lett å skjøne at de ikkje orkar maset. Mange elevar synest bokmålsnorsken er krevjande nok i seg sjølv, og om de ikkje ønskjer å skrive nynorsk, så kan de sannsynlegvis unngå det så lenge de lever, og då er det lett å skjøne at de protesterer mot ein eigen nynorskkarakter. Han er urettferdig, kanskje. Han er gammaldags, kanskje. Nynorsken er til å spy av, kanskje. Han er i vegen. Faen ta han.

Det er då eg ber, kjære bokmålselevar og -lærarar: Ikkje pisk nynorsken. Ikkje hat han. Snakk ikkje eingong stygt om han. Nynorsken har jo ikkje gjort noko gale. Argumenter gjerne hemningslaust mot sidemålsordninga, vurderingssystemet og utdanningspolitiske vedtak, men argumenter diplomatisk, for vi er mange som er nynorske. Rakkar de ned på språket vårt, rakkar de ned på oss.

Vi er ein minoritet, ja, men vi er ikkje uvesentlege: I ein stor del av landet er sidemålet bokmål; ein fjerdedel av kommunane i Noreg har nynorsk som hovudmålform. Og mange nynorskbrukarar som har emigrert til bokmålsland, bruker framleis nynorsk i kvardagen – det har vi rett til, sjølv om vi er innvandrarar i Oslo, og ofte har vi plikt til det. Vi les mykje bokmål, ja, og mange av oss skriv betre bokmål enn bokmålsfolk gjer, og mange av oss skriv betre bokmål enn nynorsk, for nynorsk er innvikla, med irriterande reglar og unntak i fleng. («Late – lèt – lét – har late»; «liker» eller «likar», «kliner» eller «klinar»; ikkje «gjestar» og «veggar», men «gjester» og «vegger»; ikkje «sprekker», men «sprekkar»; side opp og side ned.) Nynorsk er eit morsmål og eit offisielt skriftspråk på linje med bokmål. Derfor skriv vi stadig nynorsk i alt frå lovverk til varefakta til rikskringkasting.

I nynorskland, der nynorsken sjølvsagt er majoritetsskriftspråk og hovudmål, ser vi ikkje ned på bokmålet, sjølv om bokmålet kan verke framandt eller meiningslaust. (Det kan vere freistande å kalle bokmålet «blærenorsk», «tullenorsk», «dansk», «bymål» eller «bak mål», for ikkje å snakke om «kukmål», men det tener ikkje til respekt, det heller.) Og vice versa: Det er lett å skjøne at elevar og lærarar som elskar bokmålet sitt, synest nynorsken er ein forstyrrande tyl som fortener kallenamn. («Kunorsk», «blynorsk» eller «nybæsj», for eksempel.) Men nynorsken er verken dum, treg eller svak. Han har medverka til å byggje landet og forme folket; han er real. Dessutan ligg han ofte nærmare talemålet dykkar enn de trur, bokmålsfolk – mange av dykk snakkar ein dialekt full av a-endingar og feite diftongar.

Argumenter gjerne mot tvungen, tradisjonell sidemålundervisning i bokmålsskulen, og det er kjekt å kjekle litt, men aksepter at ein stor del av det norske folket har nynorsk – og ikkje bokmål – i blodet. Det er ikkje lett å forklare. Og det er kanskje ikkje lett å skjøne når ein er rotfesta i tjukkaste bokmålsstorbyen. (Som Jon Fosse skreiv så fiffig i «Min kjære nynorsk» i Gnostiske essay: «Eg kan ikkje fordra å argumentere for språket mitt, det er nesten som å måtte stå der og kope og argumentere for sin eigen eksistens. Og korleis kan ein argumentere for den? Det er ikkje så mykje meir å seie enn at eg er her no eingong. Og det same gjeld nynorsken. Både eg og nynorsken er her no eingong, av ulike og kanskje til dels uforståelege grunnar.») Uansett korleis det går med sidemålet: Nynorsken er ikkje halvdød, nei, han festar og kosar seg.