Nyheter

Libya – og den katastrofale imperialismen med NOREG som best i klassen

Libya var den best utvikla velferdsstaten i Afrika, den muslimske verda, ja, til og med var landet betre i arbeid, utdanning og helse enn mange «vestlege» og rikare land. Men det var før 2011!

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Norges og NATOs bombing førte til at dei mange opprørsgruppene i Libya vann og at heile maktbalansen i Nord-Afrika vart endra. Landet har sidan vore i intern kaos der opprørarane slåst seg i mellom, det er ei utruleg svak «sentralregjering» utan makt og Libya er ein fristad for al-Qaida grupper og IS. Menneskesmuglarar opererar fritt og ein stor del av flyktningane som kjem til Europa reiser gjennom Libya.

Det var einigheit i Stortinget om Noregs krigføring. Sagt med andre ord: Partileiarane vart kontakta av dåverande utanriksminister Gahr Støre for godkjenning av norsk deltaking og det var omlag ingen diskusjon om saka. Etter at han sjølv snudde på «helen» frå motstand til posisjon for bombing, etter FNs Sikkerheitsråd sin resolusjon 1973. Noregs innsats i byrjinga bygde i noko grad på at Libyas dåverende leiar, Muammar Gaddafi, skulle ha brukt flyvåpenet mot eigne sivile. Dette har seinare vist seg grunn til å setje store spørsmålstegn om han brukte flyvåpenet slik.

Ein FN-resolusjon med støtte frå Den arabiske liga ga eit visst grunnlag for intervensjon. Men støtta var ikke så einstemmig som ein kanskje hadde inntrykk av, fordi mange land – arabiske og andre – avstod frå å stemme. Og flere av dei som støtta resolusjonen, ønska at forhandlingar skulle vore prøvd i større grad før bombinga byrja. I denne tida tilbaud Gaddafi våpenkvile, men USA, Noreg og andre vestland brydde seg ikkje om det. Det er mykje truleg at «bombealliansen» allereie hadde bestemt seg for eit regimeskifte.

Bombene trefte både militære og sivile

Berre 25 prosent av dei norske bombetoktene var planlagt på førehand, slik at pilotane visste på førehand kva dei skulle bombe. I dei andre tilfella fann piloten ut bombemåla der og då. Dette i høve til engasjementsreglane som dei kallast. Det kom ingen klarering frå komandolinene, så pilotane fekk eit fullstendig uansvarleg stort ansvar.

"Det er stygge ting du ofte ser," sa ein av pilotane. Særleg i debriefingen, altså då ein ser det etterpå på større skjerm med fleire detaljar. NATOs pilotar bomba også i tettbygde områder. "Det bør ikke være en overraskelse for noen som driver i denne bransjen at det går med liv på bakken når du dropper bomber," sa ein av pilotane.

Afrikanske forhandlarar kom med eit «vegkart for fred» under borgarkrigen. Gaddafi godtok det, NATO sa nei, ingen politisk fredsløysing var aktuell. Og bombingen heldt fram. – Gaddafi hadde støtte frå deler av folket. "Norske bomber stoppet fredsforsøket i Libya," sa piloten til NRK.

To norske fly bomba Gaddafi sin residens i Tripoli. Ifølge libyske nyhendebyrå vart tre menneske drept og 45 skada, blant dei fleire barn. Usanske journalistar rapporterte at det ikkje var nokon militære installasjonar i nærleiken av bombenedslaga. Danske fly bomba huset kor Gaddafi oppheldt seg. Hans yngste son og tre barnebarn vart drept. Dåverande utanriksminister Gahr Støre sa dette utrulege: "At sivile blir drept, er noe vi må beklage hver gang." Med andre ord, at ein ikkje kan beklage sjølve bombinga.

Noreg heldt sterkt på at bombinga ikkje var for å få til regime-endring, men på å verne sivile. At ein bomba Gaddafi sin residens og gjekk inn i kampsituasjonar og støtta opprørarane, hadde visst ikkje noko med det å gjera. Slik virkar logikken til NATO og deira villige frå Noreg.

Jacob Zuma frå Sør-Afrika krevde at den Internasjonale straffedomstolen måtte undersøkje NATOs og Noregs krigsinnsats om moglege krigsforbrytingar, og fordi "vi hadde bombet i stykker meglingsforsøket til Den afrikanske union". Dette fekk han sjølvsagt ingen til å høyre på i den Internasjonale straffedomstolen i Haag, heller. I sluttfasen omdefinerte NATO ei rekkje openbare sivile mål til militære mål.

I dag er Libya ein «failed state» der kaos rådar. Er det slik vestmaktene og USA helst såg utfallet? Ein kan absolutt mistenke dei for det når ein ser kor lite som er gjort etter krigen.

(artikkelen vart først publisert på bloggen min 14.09.18)

Mer fra: Nyheter