Debatt

La oss snakke om Holmlia og innvandring!

Hvis Sylvi Listhaug er så bekymra for framtida til eigne barn, ville det kanskje hjelpt å lære litt om Holmlia.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I eit portrett-intervju med Finansavisen 15. juli oppmodar Sylvi Listhaug Jonas Gahr Støre til å flytte til Holmlia i Oslo, for å oppleve kor ille det er med kulturelt mangfold, visstnok. Holmlianar og SV-leiar Audun Lysbakken skreiv i eit Facebook-innlegg, no oppe i 4.600 likingar, at Sylvi sjølv er velkomen på omvisning i bydelen. For hennar nærkontakt med fleirkultur er neppe større enn Ap-leiaren sin. Agendaen til Listhaug er den vanlege: å kjempe mot innvandring. Dersom ho ikkje stenger grensene vil andelen innvandrarar i framtida bli for stor, og då er vegen kort til eit velferdssystem som kollapsar og eit Noreg styrt av sharia. Det er vanskeleg å vite kor ein skal starte. Vi får ta det punktvis for å rydde litt i forvirringa Listhaug medvite forsøker å skape.

Punkt 1: Plikta til å gi asyl. Noreg er no på botnen i Europa i antallet som søker asyl i Noreg og som får det, til tross for at antall folk på flukt er større enn nokon gong, og at vi er forplikta av både norsk og internasjonal lov til å tilby asyl til menneske som har krav på det. Vår behandling av mindreårige einslege flyktningar og av sårbare barnefamiliar i asylmottak er inhuman, illegitim og usolidarisk. Vi er usolidariske ovanfor flyktningane og ovanfor land som Hellas, Italia, Tyskland og Sverige, som tar ansvar og kompenserer for vår grensestenging med å ta imot enno fleire. Vi har altså både juridisk og moralsk plikt til å hjelpe fleire menneske i nød, men sviktar grovt.

Punkt 2: Innvandringsrekneskap. Eitt vanleg argument for stengte grenser er at det er grenser for kor mykje ressursar vi kan bruke på integrering. Dette baserer seg på ideen om at innvandrarar er storforbukarar av velferdstenester utan sjølv å bidra til verdiskaping, og gir dermed minus i statskassa. For det første gjeld altså våre plikter til internasjonal solidaritet uavhengig av kva det eventuelt kostar oss. For det andre er det ikkje mogleg å finne ut kva ein gjennomsnittleg innvandrar gir i pluss eller minus til samfunnet til slutt. Det kjem heilt an på korleis ein reknar. For det tredje er det uverdig. Til samanlikning har til dømes Jon Hustad hevda at kvinner er ulønsomme for samfunnet fordi dei bruker meir velferd enn menn, og er mindre produktive. Ein tilsvarande logikk brukt på innvandrarar er sjølvsagt like urimeleg.

Punkt 3: «Norskheit». Eit anna argument er redsel for at norsk kultur og verdiar blir undergravd av ikkje-vestleg innvandring. Slike omgrep er umogleg å definere, men høgresida forsøker seg stadig på å dra «norskheits»-kortet i den tru at dei kjem unna med det. Så la oss forsøke. Til dømes har Listhaug og eg grunnleggande ulike syn på alt frå kjønnsspørsmål til forvaltning av norsk landbruk. Ettersom vi båe er norske må våre respektive verdisett følgeleg vere inkluderte i definisjonen, noko som då må bety å ha rom for skilnadar – inkludert hennar ekstrem-kristendom, der homoar er mindre verd enn heteroar, og kvinners yrkesliv er avhengig av mannens velvilje.

Mine høge kinnbein tilseier at eg har eit visst samisk etnisk opphav, utan at eg kjenner nokon dragning mot reindrift av den grunn. Spekulasjonar om befolkninga vil endre etnisk samansetning i framtida er altså i seg sjølv ikkje noko å hausse opp, ettersom det ikkje seier noko om kva for livssyn, kulturelle interesser eller verdiar som vil råde. Heldigvis går samfunnet i retning av større likeverd mellom kjønn og legningar, så det er lite som tyder på at verken sharia eller kristenkonservatisme truar norske mangfaldsverdiar i framtida.

Punkt 4: Integrering. Og når Listhaug stadig er så bekymra for framtida til eigne barn, ville det kanskje hjelpt å lære litt om nettopp Holmlia. For vi kurdarar, pakistanarar, somaliarar, vietnamesarar, bergensarar og nordlendingar som bor her er ikkje éi einsarta gruppe. Det er til dømes familien frå Burundi som gjekk på ski på høgfjellet si fjerde påske i Noreg. Det er dei kulinarisk overdådige «foreldrekaffene» i barnehage og barneskole, med alle variantar av samosa og krydra gjærbakst. Det er dei pakistanske nabobarna som kjem bort til gjerdet for å snakke om to ting eg har som dei er interesserte i: hund og bringebær.

Eg kjenner ein unge i ein kvitare del av Oslo som etter å ha køyrt med ein pakistansk drosjesjåfør uttalte at han likna ein tjuv. Slik mistillit til hudfarge er framand mellom barn på Holmlia. På leikeplassen og fotballbanen har dei lært å meistre og elske ulikskap. Ulike klede, lukter, namn, høgtider. Dottera mi gir gåver til muslimske vener til Id, og får gåver igjen till jul. Dei vitsar om hudfargar og ironiserar med kebabnorsk. Slik tar dei eigarskap over tabu og stereotypiar, og bruker markørar av «kulturelt mangfald» til markering av sosialt fellesskap og sin eigen kultur. No gruer dottera mi seg til «kvitheita» på ein vidaregåande skole med mange elevar frå velståande kår. Ei fattig kvitheit. Dette er ikkje romantikk, men følgjer av lang erfaring med noko Listhaug manglar innsyn i: kulturelt mangfald.

Punkt 5: Dei verkelege problema. Vi har problem. Med aukande gjengkriminalitet, ghettofisering, barnefattigdom og arbeidsløyse, men ingen kan hevde at årsaka er innvandring i seg sjølv. Derimot veit vi at utanforskap, fattigdom, arbeidsløyse og sosial opphopning av dette i ghettoar fører til uro. Ein ghetto er per definisjon det motsette av mangfald. Så dersom ministeren verkeleg var oppteke av integrering, ville ho arbeidd mot klasseskilnadar, sosialt einsretta boligutvikling og arbeidsløyse.

Hendinga som gjorde Holmlia berykta for 16 år sidan var eit rasistisk drap. Terror i Noreg er overvegande høgreekstremistisk. Det er innvandrarhatet som er farleg. Bidreg integreringsministeren til å motverke ein ulmande høgreekstremisme med å stadig demonisere muslimar generelt, eller ved å snakke om kulturelt mangfald som farleg for barna sine? Og ved dermed å tråkke på identiteten til barnet mitt?

Mer fra: Debatt