Debatt

La elevane velje eksamensfag!

Eksamen i ungdomsskulen – ei lottotrekking?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I dag skal elevane vere «eksamensforberedt» i ungdomsskulen. Det inneber at elevar ikkje skal vite kva fag dei skal prøvast i før eit par dagar før eksamen. I dagens system får elevane to eksamenar på 10. steg; ein skriftleg i eit av faga norsk, matte eller engelsk, og ein munnleg eksamen i til dømes norsk, engelsk og samfunnsfag.

Sluttvurdering på ungdomssteget inneheld i dag standpunktkarakter for kvart av faga, i tillegg til eksamen i trekkfag. Ordninga med trekkfag inneber at det er tilfeldig kva fag den enkelte klasse og elev skal prøvast i.

Eksamensutvalet, som er ei gruppe lærarar, forskarar og tillitsvalde utpeika av Kunnskapsdepartementet, har i løpet av dei siste 16 månadane sett på dagens sluttvurderingssystem i ungdomssteget og vidaregåande skule.

I det nye forslaget om eksamen vert det mellom anna stilt spørsmål om elevane også skal ha eksamen i dei praktisk-estetiske faga. Dette er fag som musikk, mat og helse, kroppsøving, og kunst og handverk. Forslaget om å inkludere desse faga som eksamensfag har skapt debatt.

Tidlegare kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) gjekk ut i Aftenposten (14.01.20) og argumenterte for at eksamen i praktisk-estetiske fag kan bidra til å heve statusen til desse faga. Samstundes gir det elevane moglegheit til å vise kva dei kan i fleire fag enn det dagens eksamensordning gir rom for.

Ifølge Sanner er det viktig at elevane skal vere «eksamensforberedt». Han er ikkje einig i forslaget til Eksamensutvalet om at elevane sjølv skal få velje kva eksamensfag dei skal vurderast i. Argumentet frå Sanner er at det kan føre til at elevane nedprioriterer fag som er sentrale for utviklinga av grunnleggande ferdigheiter, som ifølgje han er norsk og matematikk.

Her meiner eg at vår tidlegare kunnskapsminister gjer ei feilvurdering. I ungdomsskulen skal nemleg elevane ha standpunktkarakter i alle fag ved utgangen av 10. klasse.

I tillegg vert dei grunnleggande ferdigheitene jobba med i alle fag, og eksamen bør ikkje verte brukt som eit pressmiddel for læring og innsats i faga. «Påtvungen kunnskap blir aldri sjelens varige eie», ifølgje filosofen Platon, og han har så rett.

Eit viktig utgangspunkt for elevane si læring er å styrke deira engasjement for faga, å skape kvalitet i opplæringa, og gi dei tru på eiga meistring. Alle fag bør gjevast status i skulen, men ikkje som eit utgangspunkt for å halde elevane «eksamensforberedt».

Dagens eksamenssystem er heller ikkje rettferdig basert på trekkordninga. Skilnadar i poengberekning på vitnemål vert basert på kva fag den enkelte eleven kjem opp i.

For nokre elevar kan det vere ei glede å komme opp i skriftleg eksamen i matematikk, da dette er eit fag som eleven har høg meistring i, medan det for andre elevar kan vere ei kjensle av nederlag og motløyse. Eksamenssystemet bør ikkje vere like tilfeldig som ei lottotrekning i beste sendetid. Eleven som er så heldig å kome opp i eit fag der han har høg meistring, vil få høgare samanlagt poengberekning på vitnemålet.

Medan eleven som kjem opp i faget der han har låg meistring, vil få ein reduksjon i poengberekning. Regjeringa har bede om innspel på korleis eksamensordninga kan verte meir rettferdig. Det at nokre elevar i dag får gjennomføre eksamen i fag dei meistrar høgt, medan andre må ta eksamen i fag dei har svært låg kompetanse i, er ikkje rettferdig med utgangspunkt i at eksamen skal generere ei poengberekning for studieval i vidaregåande skule. Dette er også noko som er framheva av Eksamensutvalet.

Så kanskje det viktigaste: Med utgangspunkt i at alle elevar i dag har rett på opptak til vidaregåande skule, er kanskje intensjonen med eksamen på ungdomssteget som rangeringsmekanisme til dels forsvunne? Likevel kan det vere viktig å oppretthalde eksamen av fleire grunnar.

For det første, det kan vere viktig for elevane med eit godt møte med eksamen på ungdomssteget. Det kan gi elevane erfaring om kva eksamen er, og korleis dei kan vise sin kompetanse. Med eit slikt utgangspunkt vil det vere essensielt kva fag dei vert prøvd i. Dersom elevane sjølv får velje eksamensfag bør alle faga inkluderast i ordninga, også dei praktisk-estetiske faga.

For det andre, det å opne opp for at alle fag inkluderast i eksamensordninga kan gi signal om at alle fag har status og verdi for vidare utdanningsval.

For det tredje, valfridom i eksamensfag kan skape motivasjon til innsats for elevane. Valfridomen kan også redusere stressopplevinga ved å ta eksamen.

Spesielt viktig kan det vere for elevane på 10. steg, som har eksamen for første gang. I tillegg kan valfridomen gi elevane moglegheit til å bli «eksamensforberedt» og vise meistring. «Eksamensforberedt» bør handle om at eksamen skal vere ein arena for å vise kompetanse, og ikkje eit pressmiddel som Sanner antydar.

Og for det fjerde, valfridom til å velje eksamensfag kan også minske uheldige konsekvensar av trekkordninga og berekning av karakterpoeng som grunnlag for vidare inntak. Slik kan ein unngå manglande rettferd og at eksamen vert opplevd som ei lottotrekking.

No er det viktig at så mange som mogleg deltek i debatten om vurdering og eksamen i grunn- og vidaregåande skule, og svarar på høyringsrunda. Offentlege høyringar er opne for alle!

Så kjære politikarar; la elevane sjølve få velje kva fag dei skal ta eksamen i, inkluder alle faga, og vis at alle er viktige. Skap ei utdanning som involverer elevane og lar dei få vise meistring. Dersom ein ynskjer ungdom som er motivert for skulegang så gi dei ei stemme og meistringstru på vegen i eige utdanningsval!

Mer fra: Debatt