Debatt

Kvifor ikkje øks?

Ostehøvelkutta i statsbudsjettet for 2018 smertar. Kva om me kuttar med øks?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Leitar me rundt i Europa og USA ser me at stadig meir risiko er overført fra arbeidsgjevarar til arbeidstakarar. Tryggleik går den andre vegen, og ei ny gruppe kalla prekariatet veks fram. Prekariatet er ei gruppe definert av folk som ofte jobbar for lav løn og med kortsiktige kontraktar. Den individuelle fridomen den norske regjeringa tilbyr oss er i stadig forvitring, pressa av ein dominerande stat.

Regjeringa har med stor flid kutta statsbudsjettet med ostehøvel. Gjennomgåande finn ein kutt i tilskot til organisasjonar, der snille frivillige prøver å hjelpe menneskjer og dyr, som treng meir hjelp enn kva velferdstaten vil gje. Dei nye stønadsordningane ved arbeidsløyse og fjerning av rettshjelp til svake grupper er eit godt steg mot å etablere eit prekariat i Norge òg. Samstundes har dei ikkje lykkast nemneverdig med å få ned utgiftene i offentleg forbruk og administrasjon. Sånn sett er dei godt innanfor den sosialdemokratiske tradisjonen me er van med i Norge. Den blåblå regjeringa har vist oss, for fjerde gong, at dei ikkje har noko ambisjon om å endre den dominerande posisjonen til staten i den norske økonomien. Eg vil derfor sjå kva ein kan få ut av utgiftspostane i eit statsbudsjett som regjeringa meiner har eit forsvarleg nivå i høve den norske økonomien. Ostehøvelen har vist seg å kutte der det alt gjer vondt. Eg lar den ligge, og prøv heller med øks.

I kristen tid sørga kyrkja for å hente inn eit tiend. I postkristen tid er det på tide med tilbakebetaling. Kyrkja er ikkje lengre ein naturleg motpart, men statsbudsjettet kan gje ein fin start. Kva om me fekk tilbakebetalt 10% av utgiftene i statsbudsjettet direkte i lommeboka? Ei preventiv verknad mot sløsing frå politikarar er at alle prosjekt dei finansierer må betale si tiend til folket. I sum vil det bli utbetalt 1586 kr per mnd til alle under 67 år. Pengane er tilbakebetaling av skatt og derfor skattefrie. Dei skal heller ikkje motreknast sosiale ytingar. Folketrygda sin aldersdel er på 223 mrd. Her ligg det masse avtalar med pensjonistar og eg lar desse stå urørt. Dvs det enklaste er å motrekne pensjonistane slik at folk og post går i null. Av folketrygdpotten er 247 mrd ikkje pensjonar. Mykje av dette er unødig liding der systemet gjer folk sjuk gjennom umyndigjering og overstyring av livet deira. Eg har heller ikkje rekna inn desse pengane sjølv om her ligg kanskje det største potensialet der ein finn vinn-vinn situasjonar, ved å endre til direkteutbetalingar.

Heilt utan utfordringar er det ikkje med store kutt. Kommunane mistar verdifulle resursar dei kunne brukt til skule og helse. Dei har nokre moglegheiter til å kompensere, som til dømes eigedomsskatt. Transport er ei grein med store prosjekt og mindre inntening. Mykje av det tiendet tek kan erstattast av bompengar. Det ville òg kunna stoppa dei verste prosjekta.

Kutt i helseforetak og utdanningsinstitusjonar er ikkje ønskjeleg. Saman med tilgong til mat er dei pilarar for individuell fridom. Dette kostar 347 kr per person av tiendet. Ein alternativ er å sjå på inntektssida av budsjettet for å erstatte denne summen, og eg er viss på at det er inndekking der. Her er det freistande å bruke alle dei 25 mrd i utgifter til petroleumsindustrien. Skatterefusjonsordninga stimulerar ein industri i solnedgong og kostnadane den påfører rekneskapet blir vanskelege å dekke inn i framtida. Desse pengane (436 kr pp) dekk meir enn delen av tiendet som blei kutta frå helse og utdanning.

Øksa gav ikkje nok til at alle, men tok hensyn til velferden som alle snakkar om. I reknestykka mine har eg omfordelt 85,5 mrd. Det òg gjer alle ei fin utbetaling kvar månad. Kalle Moene tenkjer seg at me etablerar ei berekraftig borgarlønsystem der td 10% av BNP (kostnad idag rundt 320 mrd) blir delt ut som direkte betaling til folket. Denne borgarlønsatsen speglar på den måten storleiken på økonomien. Forsøk med borgarløn har vist gode effektar på helse og trivsel. Kor mykje det kan visast att på helsebudsjetett veit me ikkje før me har prøvd.

Eg vil og minne om at forbruket er alt for høgt her i landet og det derfor er rom for mykje inntening på inntektssida for å nå opp til Moene sine 10% av BNP. Regjeringa har sitt prosjekt. Det manglar ikkje pengar. Hugs at i statsbudsjettet for 2018 brukar regjeringa 120 mrd meir oljepengar enn Stoltenbergregjeringa i 2013. Ei klok regjering ville skjønt at alle får meir om me nyttar dråpene som fell på klokkaren til å lage regn på presten. «Trincle down economy» bør gravleggjast ein gong for alle. Borgarløn er til samanligning «trincle up economy». Den kjem til utkonkurrere skattelettar i betring av konkuransekraft og nyetablering av arbeidsplassar. Konklusjonen denne gongen blir at det blir meir individuell fridom ved å bruke øks enn ostehøvel.

Mer fra: Debatt