Kultur

Kven feilinformerer?

Dette innlegget er også sendt direkte til UD pr epost. Dette i håp om å få eit autoritativt svar på dette litt provokative innlegget.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Kven feilinformerer?

Stort sprik i synet på frihandelsavtalen TISA.

Etter at det vart kjent at eit femtitals land, mellom dei Norge, i over eit år har forhandla om ein “ambisiøs” frihandelsavtale for tenester, TISA, er det no eit veksande rabalder i fleire involverte land om denne avtalen.

Spriket i framstilling av kva TISA vil bety, er ekstremt. På den eine sida åtvarer langt over trehundre organisasjonar verda over mot avtalen, og meiner at den er ein trussel mot nasjonalt politisk handlingsrom, mot gode offentlege tenester for alle, mot anstendige arbeidsforhold for eksempel i transportsektoren, mot gode miljøstandarder, for å nemne litt av det som desse organisasjonane slår alarm om.

På den andre sida framstiller initiativtakarane (USA, EU, og Australia), og forsåvidt også norske styresmakter, TISA i eit totalt einsidig positivt lys.

Ei einsidig positiv framstilling av TISA gir i seg sjølv grunn til skepsis. Dette fordi auka frihandel er noko som vil tene nokre (dei sterke) og vere ein trussel mot andre (dei svake). Så enkelt er det. (Den nordamerikanske frihandelsavtalen NAFTA har i fylgjeEconomic Policy Instituteeksempelvis ført til eit nettotap av arbeidsplassar i USA på rundt ein million. Andre "interessegrupper" har tent stort på den same avtalen...)

Norge er altså med i desse forhandlingane om TISA. Som eit av dei femti mest liberalismeivrige landa på denne kloden. For mange av oss er dette oppsiktsvekkande. Det at dette i tillegg skjer utanfor WTO er ekstra underleg fordi UD/Regjeringa gjenntekne gongar understrekar at "Det globale, regelbaserte handelsregimet forankret i WTO er fundamentet for Norges handelspolitikk. Norge har en strategisk interesse av å styrke og videreutvikle dette." Når TISA-forhandlingane foregår utanfor WTO og blir sterkt kritiserte av dei landa som ikkje er med, nettopp for å undergrave WTO sin posisjon som basis for eit internasjonalt handelsregime, er det kuriøst at UD, i sin informasjon til Stortinget, hevdar at TISA-forhandlingane er i tråd med norsk handelspolitikk.

Stortinget får seg altså feilaktig fortalt at TISA-forhandlingane på det næraste er "vanleg praksis" i norsk handelspolitikk. Ikkje eit ord om at det er snakk om eit handelsområde som, på godt og vondt, er meir enn dobbelt så stort som EØS. Dette luktar det bagatellisering av.. Er det for å sleppe debatt?

Stortinget (og vi andre) blir vidare forsikra av UD om at "Forhandlingene vil med andre ord ikke berøre spørsmål som gjelder organisering av offentlig sektor, konkurranseutsetting, privatisering eller utforming av velferdsordninger". Dette står i sterk kontrast til dei alarmropa som er å høyre frå anna hald.

Det som udiskutabelt er med ”i potten” er mellom anna dette: ”telecommunications services, financial services (!), government procurement, computer services, retail distribution, transportation, environmental services, express delivery, energy services and professional services (e.g. accountants, lawyers, architects and engineers)”.

Når det står at government procurement, altså reglar for offentlege innkjøp, står på agendaen, då blir det i det minste merkeleg å hevde at "Forhandlingene vil med andre ord ikke berøre spørsmål som gjelder organisering av offentlig sektor".

Mer fra: Kultur