Kven er det sitt ansvar?

«Denne filmen har jeg laget fordi jeg er redd, begynner Margreth Olin i sin siste dokumentarfilm. Ikke fordi jeg er redd for den andre, ikke fordi jeg er redd for den fremmede, men fordi jeg er redd for det som skjer når vi lenger ikke er i stand til

Eg let tårene smelte saman men snøkrystallane som møtte ansiktet mitt på veg heim frå kino. Ein gut i filmen seier; «Hva er omsorg? Vi har ikke det i Norge. De som bor med sin mamma de vet ikke hva er en mamma, hvor herlig er en mamma, men vi vet. Jeg skulle ønske jeg kunne klemme min mamma en gang til i livet mitt.»Eg kjenner meg igjen i guten som er foreldrelaus, som lengtar etter berre ein gong til å få klemme foreldra sine, men dei er døde, så det er umogeleg.

Dette handlar ikkje om meg, men «De andre» — den hjarteskjerande dokumentarfilmen av Margreth Olin. Eg beundrar ho for hennar mot — at ho maktar å vere denne stemma, som så få av oss orkar. Eg veit ingenting om korleis det er å vere fysisk lamma av frykt. Eg veit ikkje korleis det er å vente i fire år på å bli sendt tilbake til ingenting. Eg veit ingenting om korleis det er å alltid vere åleine utan å ha nokon rundt meg som har omsorg for meg. Eg veit ingenting om korleis det er å vere utan rettar. Desse barna som er mindreårige asylsøkarar gir eit innblikk i det. Kvar er nestekjærleiken? Eg veit at ingen av dei eg kjenner hadde godtatt ei slik behandling av sine eigne barn — og difor må eg spørje: Kvifor aksepterer vi at desse ikkje etnisk norske barna blir mishandla på det grovaste av den norske stat? Kvifor syns vi det er greit? Det handlar ikkje om miskunn, men om ansvar.

Kven er det sitt ansvar at staten bryt Barnekonvensjonen?
Mange av desse barna har allereie vore på flukt i fleire år når dei kjem til Noreg. Fafo-studien «Underveis» er ein studie av einslege mindreårige asylsøkjarar gjort av Cecilie Øien. Den er gjennomført på vegne av Justis- og politidepartementet. I studien kjem det fram at situasjonen ungdommane er i på heimstaden, er ein sterkare motivasjonsfaktor for utreise enn utsiktene til konkrete velferdsgoder i eit destinasjonsland. Få av dei einslege mindreårige asylsøkjarane som blei intervjua i studia hadde kunnskap om Noreg før avreise frå opprinnelseslandet.

I følgje UDI var prognosen på asylsøknadar frå einslege mindreårige asylsøkarar ved utgangen av mars 2012 på 900. Per 31. oktober 2012 var talet på 801 som hadde kome til Noreg. Hittil i år har 39 fått avslag, 46 er henlagt, 32 har fått midlertidig opphald (må ut av landet når dei fyller 18 år).

«Den veien jeg går på er bare til jeg er 18 år, etterpå vet jeg ikke. Da har jeg ikke noe vei». Dette sa ein gut med midlertidig opphald til Redd Barna då dei reiste rundt for å høyre korleis barn hadde det på asylmottak.Akkurat no er det 149 einslege mindreårige asylbarn som sit å gruar seg til dei blir 18 år.«Hva er det inni meg som gråter, det er hele tiden noe inni meg som gråter.» (Frå filmen «De andre»).

117 har blitt sendt tilbake til det første landet dei søkte asyl i. I fjor returnerte over 300 barn friviljug, nesten alle i følgje med vaksne.Omtrent det dobbelte blei tvangsreturnert. Ca. ein fjerdedel av dei var einslege mindreårige asylbarn. Dei fleste av dei vart returnert til eit anna europeisk land.

Barn på flukt
I 2010 forsvann 103 einslege mindreårige asylbarn frå asylmottak i Noreg. Det undrar meg at ei norsk jente kan bli heile Noregs nabojente, medan desse barna høyrer vi ingenting om. Er det slik at desse barna er mindre verdt enn våre eigne? Kven er det sitt ansvar når barn forsvinn frå asylmottak?

Bufetat har omsorgsansvaret for dei einslege mindreårige asylbarna, og dei er i utgangspunktet som alle andre barn, men manglar omsorgspersonar. Dei ber på ein lengsel etter tilhøyrsle, kjærleik, og aksept, det pregar livet til mange einslege mindreårige asylsøkarar. Både i Soria Moria I og II står det at omsorgsansvaret for einslege mindreårige mellom 15-18 år skulle overførast til barnevernet. Det står framleis ugjort. Løfta står der svart på kvitt, men dei er ikkje verdt meir enn eit luftslott – eit Soria Moria. Alle asylbarna treng omsorg og oppfølging av både profesjonelle med barnefagleg kompetanse og den alminnelege sunnmøringen!

20. november 2012 var Stortingsmelding 27 «Barn på flukt» oppe til behandling i Stortinget. I meldinga blir det slått fast at omsynet til barnets beste skal vere eit grunnleggande omsyn i utlendingsforvaltningas vurderingar av om det skal gis opphald. Det vart påpeika at Utlendingsnemndas – det vil sei – UNE sin – praksis har blitt gradvis strengare, og regjeringa slår fast at UNE i ein del saker har lagt for mykje vekt på innvandringsregulerande omsyn. Visste du at klager på UNE-vedtak behandlast av same saksbehandlar eller same nemndleiar som i utgangspunktet behandla første klage? Kven har ansvaret for å endre praksisen?

Viljen til integrering
I media kan vi ofte lese at det er staten sitt ansvar. Eg er sikker på at staten og kommunane brukar mykje ressursar på integrering. Initiativet kjem frå myndigheitene, men viljentil integrering må kome frå kvar enkelt. Dei fleste av oss meiner noko om integrering, men kva gjer kvar enkelt av oss for integrering?Vi kan bidra til integrering på ulike måtar. Gjennom friviljug arbeid (idrett, kultur og anna), vere ein god nabo, eller vere leksehjelpar og ven. Eg veit det er mange inkluderande sunnmøringar.

Nokre vel å ty til frykta sin retorikk; «seier vi ja til alle, kjem alle». Eg meiner ikkje at man må vere for fri innvandring for å støtte ein human asylpolitikk.

Eg skal ta ansvar for å vere eit medmenneske, ein ressurs, bidra til integrering og du, du må ta ansvar for ikkje gjere som i diktet til Arnulf Øverland:

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!

Sunniva Selena Bolseth

Støtt oppropet på www.nestekjaerlighet.no

Kjelde: UDI, Foreningen av tolvte januar, stortinget.no, FAFO, St.meld 27, FN-sambandet.