Debatt

Kva sa eg?

Av og til treng ein å seie «kva sa eg?» For eg sa det, her i Dagsavisen den 26. mai 2016.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Med fullt mytteri i sin eigen administrasjon, og totalt kaos rundt seg, var dette bodskapen til den amerikanske presidenten i førre veke: «Kim Jong Un of North Korea proclaims ‘unwavering faith in President Trump’. Thank you to Chairman Kim. We will get it done together»,

Men ingen bryr seg liksom lenger, verda berre ruslar vidare. Denne veka er eg i San Francisco, på USAs vestkyst. Her stemte nesten alle demokratisk i førre val. Eg er her for å vere med på det store klimatoppmøtet som finn stad, og gå i ein stor klimamarsj. Trump er til stades her og, i form av spreidde protestar og lett himling med auga. Men dei fleste synest å vente på at han skal forsvinne av seg sjølv. At ein kombinasjon av domstolane og veljarane i det amerikanske mellomvalet skal få det heile til å gå over. Men går det over? Vel, det er minst like truleg at det kan halde fram i mange år til.

For les gjennom det eg skreiv (litt korta ned) og vurder sjølv om det har endra seg mykje:

«Kva om verdas mektigaste land skulle velge ein autoritær populist utan respekt for det liberale demokratiet som leiar. Som i tillegg er grenselaust sjølvsentrert, totalt uforutsigbar og løgnaktig i sin omgang med verda. Søkt? Nei, ikkje no.

I så fall, kan tilhøvet mellom Noreg og USA halde fram som før?

Alle veit ein del om Donald Trump no. I Noreg ler og ristar vi oppgitt på hovudet, er kanskje litt skremt til og med. Eg har i det siste brukt litt tid på å sette meg inn i kva han meiner, og kva slags person han er, forbi overskriftene på nett. Eg er på ingen måte ein ekspert, men likevel langt meir opplyst enn for berre ei veke sida.

Og dette kan eg fortelje deg. Donald Trump er ingen spøk, han er ikkje ein komisk figur. Han er tvert imot det største politiske alvor som har gått på to bein i mitt vaksne liv. Han er ein fare for USA slik vi kjenner det. Han er ein fare for land som deler idégrunnlag og allianse med USA.

Han er ein autoritær populist med nasjonalistiske drag, utan synleg respekt for det liberale demokratiet og rettsstatens grenser. Han har truga med å deportere amerikanske borgarar, født i USA, frå landet. Å nekte muslimar å kome til riket. Han har prisa tidlegare tiders internering av borgarar. Og vil bygge ein mur mot nabolandet Mexico. Han støttar tortur, og forsvarer å ta livet av ikkje-stridande i krig. Han bygger ikkje på innvandringsmotstand, men på rasismen som finst mot alle som ikkje er kvite, og eit fiendebilete av omverda.

Han er autoritær, med sterk vilje til å bruke makt for å få det som han vil. Han har truga med å trekke tilbake lisensen til CNN, med å knuse avisredaksjonar han mislikar. Han har i fult alvor snakka om å stenge av delar av internett. Knapt ei veke går utan at han set spørjeteikn ved viktige rettstryggleiksgarantiar. Samstundes er han respektlaus og hatefull mot alle typar motstandarar. Ei kvinne med tøffe spørsmål har mensen, politiske motstandarar blir skjelt ut og mobba.

Samstundes er han totalt uføreseieleg som person, og gjennomgåande løgnaktig. Mange av uttalane kjem plutseleg. Han re-twitrar brått eit Mussolini-sitat, ein pågåande journalist med ei funksjonshemming blir stunt-parodiert under ein tale. Han har endra meining totalt i ei serie spørsmål. Samstundes kan han nekte for fortidas dokumenterbare feil som om dei aldri hadde hendt han.

Det er amerikanarane sin sak kven som blir president, det er deira val. Vi kan ikkje hindre Trump i å vinne, og skulle vi prøve vil det neppe ha effekt. Men kva som skjer etterpå er også vår sak. Det er heile verdas sak.

Det bør vi førebu oss på, gjennom å starte diskusjonen no. Ikkje konkludere endeleg, men førebu oss.

Kombinasjonen av populistisk og nasjonalistisk politikk, og autoritær personlegdom, har vist seg farleg før. På sine heilt ulike vis, i heilt ulike land, er det det som spelar seg ut med Putin i Russland, Erdogan i Tyrkia og Orban i Ungarn. Alle tre har fått makta på demokratisk vis. Alle tre har gradvis – først sakte, så meir og meir – innført lover og reguleringar som hindrar opposisjon, presse og domstolar. Alle tre grunngjev det med kulturkonservativ nasjonalisme. Alle tre er stadig viljuge til å flytte grenser, stoppe motstandarar, bruke makt for å få det som dei vil.

Det må ikkje bli normalen at Trump er greitt. Aldri. Forsvarsverket mot at det er greitt, det går over, rolla vil nok dempe han, må byggast på førehand. Krava vi vil stille til oss sjølv for kva vi aksepterer, må vi snakke om før vi står der. I Noreg, og i alle andre land.»

Sånn, rett nok korta ned ein del. Det var mykje meir eg kunne skrive; At han gjekk til val på å svekke klima- og miljøpolitikken, og å trekke USA ut av Paris-avtalen. At han stod for ein handelspolitikk, skattepolitikk og likestillingspolitikk som dei fleste nordmenn er usamd i. Men dette handlar ikkje om politisk usemje, det handlar om noko langt meir fundamentalt. Det handlar om det eg skreiv i dei siste setningane, våren 2016, enno stort sett ubesvart i store delar av norsk politikk.

«Politiske parti i Noreg må i gong med å snakke om dette. Ingen har svaret no, men alle bør kunne erkjenne ein enkel realitet. Det må få konsekvensar om det sit ein president i Det kvite hus som vi ikkje kan stole på.

Sikkerhet: Er Trumps godvilje viktigst?

Donald Trump bør ikkje lede USA. Gjer han det, bør ikkje vi la oss lede av han. Om fundamentet for norsk atlantisme er verdifellesskapet over havet tilbake til 1945, kva gjer vi når verdiane hos den allierte ikkje lenger er våre?»

Mer fra: Debatt