Debatt

«Kva om det å ta vare på naturen hadde vore ein viktig norsk verdi? Det hadde vore noko».

Er naturen det viktigaste helsehuset vi har? Og kva betyr dei langsiktige verdiprioriteringane våre for psykisk folkehelse?

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.
På arbeidsplassen min har vi ein gong per månad noko vi kallar for «intellektuell verkstad». Då samlast alle ved Senter for psykisk helse og rus ved Høgskulen i Søraust-Noreg, for å dykke djupare i eit utvalt tema som kan knytast til psykisk helse- og rusfeltet. Det er eit privilegium. Mellom effektivitet og krav til produksjon er slike kollektive tenkepauser svært verdifulle. Førre gong undra vi oss over samanhengen mellom natur, økosofi og psykisk helse. Ein viktig føresetnad for denne aktiviteten er trua på at å filosofere òg er handling. Kanskje filosoferar vi for lite i dag? «Ver meir konkret», får vi ofte høyre. Eller, «kva var konklusjonen?», eller: «dette har vi ikkje tid til her!». Vi vil ha raske svar, men gløymer ofte å stille dei viktige spørsmåla som kan lede til handling og nødvendig endring, og ikkje minst; ei djupare forståing av verdiprioriteringane i samfunnet vårt.

Økosofi, eller økofilosofi, stammar frå filosofen Arne Næss. Omgrepet kan knytast til naturvisdom eller utvikling av slik visdom. Økosofien hjelper oss til å forstå at alt liv er del av den same heilheita. Det er ikkje eit religiøst livssyn, heller ikkje eit humanistisk livssyn, men kan kallast eit livssyn som handlar om å endre menneskets forhold til naturen. Gjennom ei slik forståing har vi eit grunnleggande ansvar med tanke på å ta vare på naturmiljøet, leve i tråd med naturen sine tålegrenser og utvise respekt for alt liv.

Korleis kan eit slikt livssyn vere relevant for psykisk folkehelse? Kva verdi har naturen for oss i dag, og korleis forstår vi naturen i dag? Kva betyr evna vår til å ta vare på naturmiljøet for helsa vår? Kan det kanskje vere ein samanheng mellom måten den vestlige livsførselen er med på å utarme og øydelegge naturen på, og graden av uhelse og avhengighet i vestlige land? Øydelegg vi oss sjølve gjennom øydelegginga av naturmiljøet?
Kva om det å ta vare på naturen var ein viktig norsk verdi? Det hadde vore noko. Å måle suksess gjennom evna vår til å ta vare på livsgrunnlaget kunne vore ein smart måleindikator. Vi tek sjelden med i betraktninga at natur- og miljøvern er grunnleggande, om vi skal ta økonomisk berekraft og sosial rettferdighet på alvor. Kanskje det i forlenginga hadde gitt positivt utslag på folkehelse- og avhengighetsstatistikken? Elles skal spørsmåla stå som ein invitasjon til undring i desse valgtider. For min egen del, som utprega ambivalent, er eg likevel ikkje i tvil om kvar mi stemme går. Det einaste partiet som i dag legg denne undringa og dei langsiktige verdiprioriteringane til grunn, er etter mitt syn Miljøpartiet Dei Grøne. Der andre parti famlar, ikkje tek ansvar, eller utelukkande kritiserar utan det fører til reell handling, klarer Dei Grøne kunsten å både kritisere, undre seg og handle. Det er gode grunnar til at både Dalai Lama, Arne Næss og Jesus Christ himself ville stemt grønt.

Mer fra: Debatt