Debatt

KrF og eit deja vu

Kven skulle trudd det? At Knut Arild Hareide vart mannen norsk politikk roterte rundt i haust.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

I alle fall ikkje eg, då eg såg han i partileiardebatten på ein storskjerm i Arendal i august. Det var ein usikker partileiar, som ikkje evna å plassere seg i debatten og hamna heilt på sida. Kor var den sjølvsikre, vittige og populære Hareide? Borte vekk. Offer for polariseringa i politikken, og si eiga og partiets vingling.

To månadar seinare er alt snudd på hovudet. Hareides vending har fått meg til å gjere noko eg aldri kunne førestille meg: Å sitte ein laurdag ettermiddag og følgje direktesendinga debatten om voteringsorden på Rogaland KrF sitt fylkesårsmøte, medan eg skriv denne spalta. – Det er nesten som det er utløyst nyval på regjering i landet, der berre KrF får stemma, seier fylkesleiaren då ho opnar møtet. Spikaren på hovudet.

Medvind: KrF går fram etter Hareides landsstyretale

Ein intern debatt av denne typen, kan vere uhyre tøff og dramatisk for dei som er med på det. Men det er også ein skikkeleg demokratifest. Lokallagsmøte over heile landet tek stilling til kva retning landet skal ta. Media møter opp i frikyrkja i Vennesla for dekke eit KrF-møte. Tenk det, for ein gongs skuld kan Solfrid (73) si røyst i lokallaget avgjere kva delegaten til fylkesmøtet skal stemme, som igjen avgjer kva delegatane til landsmøtet skal stemme, som igjen kan avgjere kva landsmøtet går for, som igjen avgjer kven som styrer Noreg. Når skjedde det sist?

Med fest følgjer bakrus. Med ein demokratifest følgjer fraksjonering og maktspel, harde ord og bitre kjensler.

Og medan eg sit her og følgjer årsmøtet, kjem samanlikninga til meg som eit deja vu: SV-landsmøtet i 1999, det Frank Rossavik trakk parallellar til i Aftenposten same dag. «Kosovo-landsmøtet».

Også då var det partileiar som utfordra partiet, i vårt tilfelle gjennom å støtte NATOs bombing av Jugoslavia. Også då var overraskinga stor. Også då følte eldre partislitarar det som at partiet vart rana frå dei. Også då var det maktkamp, tøffe opplevingar på begge sider og ei kjensle av sterk splitting. Mange lurte på om partiet ville sprekke.

Men få av oss skjøna oppe i alt kaoset, at vi frå utsida såg – vel – ganske interessante og viktige ut. Som eit parti der det endeleg skjedde noko, og som faktisk diskuterte eit viktig spørsmål som ingen andre tok på alvor. Eg har sett folk i KrF no hevde at vegvalet står i vegen for diskusjonar om politikk, nett slik mange sa om Kosovo-debatten i SV. Som om krig eller kven ein skal gå i regjering med ikkje handlar om politikk. Kan det bli meir politisk?

Arne Strand: Krigsskygge over SV-møte

Mange har sagt at Hareide sitt val var overraskande for dei. Eg synest det er rart, for eg er ikkje overraska. Tvert imot, det var openbart at noko måtte gjerast med KrF sin posisjon. Og etter å ha lytta til Hareide dei siste åra, verkar retningsvalet logisk ut frå det han over tid har uttrykt om politiske saker. Det er nesten ingen av vegvala til sentrale KrF politikarar som har overraska meg. Det verkar, med eit unnatak eller to, stort sett logisk ut frå korleis dei uttrykker seg politisk på Stortinget og i offentleg debatt.

Kva er så overraskande? Eg mistenker at overraskinga mange sit med var at han turte. Kanskje samarbeidspartnarar tok det for gitt at han ikkje ville tørre? Kanskje hadde dei dermed starta å ta Hareide for gitt.

Mange har også tolka Hareide sitt eige utspel som eit maktspel. Eksterne kommentatorar har omtalt han som meir rå og kynisk enn dei trudde. Det er noko i det. Men for meg verkar det som han ganske enkelt sa det han verkeleg meinte. Ein utruleg undervurdert ting i politikken. Borte var balanseringa, spelet, alle omsyna. Då blir alt lettare, for innhaldet trer fram. Difor er han no klårare, rolegare og tryggare enn på lenge. Engasjerande for dei som er samde med han, provoserande for dei som er usamde.

Men han er ikkje den einaste som gjennom dette står fram betre. Hans eine nestleiar, Kjell Ingolf Ropstad – ein dyktig politikar, som for meg har sett litt preglaus ut før – ser no ut som ein modig mann med ein klår idé om kor han vil. Han tør å vere usamd med sjefen sin, men på ein ryddig måte. Den andre nestleiaren Olaug Bollestad har formidla det vanskelege i dette valet ved å vise fram den ekte tvilen ho sjølv må ha bore på. «Eigentleg vil eg ha det beste frå kvar side» sa ho med innleving til NRK radio, og gjorde seg med det kanskje meir typisk KrFsk enn nokon andre i denne debatten.

Den dagen det er over, den 3.11, blir det tøft. Uansett val. Interne sår skal gro, tøffe forhandlingar ventar. Det er krevjande å gå i regjering, ekstra krevjande om ein ikkje er samla om det. Men er prosessen dermed skadeleg, avklåringa øydeleggjande? Eg vil tru mange internt i KrF føler det slik no. Mange kommentatorar dømer den nord og ned. Sjølv trur eg det er stikk motsett. Eg trur det er mykje, mykje betre for KrF og å gjere eit vanskeleg val no, enn å bli kvelt langsamt i si eiga vegring.

Eit halvt år etter at Kosovo-landsmøtet i 1999 var avslutta, snudde SV mange års tilbakegong til framgong. Vi gjekk fram 2,5 prosentpoeng til 8,5 % ved fylkestingsvalet. Dei underliggande problema til KrF går ikkje vekk av seg sjølv, men gjennom sin prosess legg partiet grunnlaget for å bli tydelegare og få ein ny sjanse hos mange veljarar. Berre det at alle snakkar om Kristeleg Folkeparti, tenk det! Knut Arild Hareide vart haustens modigaste og mest interessante mann. Om han tapar eller vinn.

Mer fra: Debatt