Kommentar

Vi treng å snakke om Tyskland

Ein professor ved Universitetet i Bergen fortalde ein dårleg vits. Det var ikkje så lurt. Men i alt ståket som følgte forsvann eit viktig perspektiv av syne.

Det nazistiske Tyskland okkuperte Noreg frå 1940 til 1945. I løpet av desse fem åra vart tusenvis av nordmenn tatt til fange, torturerte og drepne. Sjølv om det er 75 år sidan okkupasjonen tok slutt og dei aller fleste som deltok i han er døde, er dette kjensgjerningar ein kvar moderne tyskar stadig er nødt til å forholde seg til.

Og det gjer dei. Er det éin ting moderne tyskarar gjer, er det å forholde seg til dette.

Den årelange, framleis pågåande nasjonale botsøvinga etter nazismens illgjerningar er unik i historisk samanheng.

Det var truleg difor den tyske studenten ved Psykologisk fakultet ved UiB reagerte så sterkt som hen gjorde då professor Svein Larsen under ei førelesing om turisme i Noreg fleipa med at «dei har vore her før, og no snik dei seg inn igjen».

Les også: – Fysisk aktivitet i skolen kan ikke være basert på om hver enkelt elev har flaks eller ikke

Studenten rapporterte Larsen til fakultetsleiinga, som beklaga utsegna på professorens veigner og oppmoda han til å «frastå fra ytringer av denne typen» i framtida.

Saka vekte mykje heilag harme. Stortingsrepresentant Stefan Heggelund (H) var «rystet» i Nettavisen. Henrik Asheim, kunnskapsminister for høgare utdanning, skreiv i ein epost til NRK at han var «veldig uroleg for ei utvikling der ei kvar uttale som blir opplevd som støtande av enkeltmenneske skal slåast ned på».

Lengst gjekk likevel Heggelund og Asheims partikollega Peter Frølich, som hevda at «dette begynner å ligne et orwelliansk mareritt. (...) Et samfunn uten humor, styrt av autoritær korrekthet på mobbens premisser.»

Stortingsrepresentanten frå Bergen lova å ta saka opp med regjeringa, før han avslutta med å hevde at «om krenkelseshysteriet vinner fram, kveler vi noe av det Vesten er bygget på: En fri ytringskultur.»

Gid. Aftenlandets undergang. Kven er det eigentleg som er krenka her?

Det skal i rettferds namn seiast at fakultetets handsaming av saka nok var suboptimal. Mest problematisk sett utanfrå var openbert instituttleiar Anette Harris’ utsegn om at det er hennar «plikt å beklage når studenter opplever seg krenket».

Denne plikta kan umogleg gjelde i eit kvart tilfelle. Kva viss ein homofob eller rasistisk student rapporterer at hen «opplever seg krenket» av ein førelesar si legning eller hudfarge? Det er heller ikkje umiddelbart sjølvinnlysande at professor Larsens vits innebar ei alvorleg krenking av studentens tyske identitet.

Derimot synst eg det er svært lett å forstå at hen vart lei seg, og dei som skråsikkert hevdar at reaksjonen kun er eit utslag av ein ytringsfridomsinnskrenkande, demokratitrugande «krenkingskultur» framstår ærleg talt som både arrogante og kunnskapslause.

Eg får lyst til å gripe dei i kragen, riste dei litt og rope: «Har de aldri snakka med ein tyskar?»

For det verkar nemleg ikkje sånn. Sjølv budde eg i Berlin i seks år, og har snakka med ganske mange. Veldig ofte, når det gjekk fram av samtalen at eg var norsk, tok dei sjølv opp det faktum at heimlandet deira har okkupert heimlandet mitt, alltid i ein audmjuk og ofte nærast orsakande tone.

Desse tyskarane bar naturlegvis ikkje sjølv noko ansvar eller skuld for den nazistiske okkupasjonen av Noreg eller andre land, men dei var sterkt medvitne om den særmerkte historiske erfaringa det er å vere tysk.

Grunnen til dette er at det tyske samfunnet tek denne historiske erfaringa på alvor.

Frå Andre verdskrigens slutt og i mange år framover eksisterte ein tystnadskultur kring dette katastrofale kapitlet i nasjonens historie, men i kjølvatnet av det voldsomme generasjonsopprøret på andre halvdel av 1960-talet oppstod ei ny, tysk sjølvforståing, og ein innsåg at det var både praktisk nødvendig og ei moralsk plikt å snakke ope om det som hadde hendt.

Sidan har ein jobba kontinuerleg og målretta med dette, både gjennom å erkjenne og fordømme nazismens totalitære ondskap og ved å minnast offera hans.

Tyskland har enno ikkje løyst sitt nasjonale problem med brungrumsete tankegods: Det høgreradikale Alternative für Deutschland har 94 sete i Forbundsdagen, og seinast denne veka vart ei avdeling av landets spesialstyrkar oppløyst etter at ein rapport synte at ein stor del av soldatane hadde høgreekstreme haldningar.

Men det tyske storsamfunnet har erkjent at å frigjere seg frå ei grufull historisk arv er langvarig, kraftkrevjande arbeid.

Sett i ljos av dette bør det vere enkelt å forstå at ein ung tyskar vert såra når professoren fortel - og medstudentane ler av - ein vits kor underteksten trass alt er «Lol, desse tyskarane er nok litt nazi framleis».

Tyskland er Noregs viktigaste handelspartner og i ein kvar forstand eit viktig land for oss. Ein kvar nordmann som har vore på storbyweekend i den tyske hovudstaden må ha merka seg korleis bearbeidinga av det kollektive nasjonalmedvitet kjem til uttrykk i det offentlege rom. Likevel er vår kunnskap om og forståing av dagens tyske samfunn for svak. Dét bør vi gjere noko med.

PS! Du leser nå en åpen artikkel. For å få tilgang til alt innhold fra Dagsavisen, se våre abonnementstilbud her.

Mer fra Dagsavisen